Vel stad

Rennesøy
IMG_3179

Bibmus

Bibliotek og museum

OPNINGSTIDER

mandag kl. 10- 22

tysdag, onsdag, laurdag kl. 10 -14

torsdag, fredag stengt

PRIS

Gratis

KONTAKT

Bibmus
Vikevågveien, 4150 Rennesøy, tlf (+47) 5172 0277

Ryfylkemuseet
Tlf (+47) 52 79 29 50, post@ryfylkemuseet.no

Bibmus er bibliotek, arkiv og museum i eitt. Her er delar av samlinga til Rennesøy bygdemuseum, stilt ut i kulturhuset på Rennesøy. I utstillinga kan ein læra om byggeskikk, mat og måltid, eldhuset,  barn og oppvekst, tekstilar, jordbruk og fiske. Historia blir fortalt gjennom gjenstandar, foto, tekst og mellom kvar avdeling står det bibliotekhyller med litteratur om temaet. Utstillinga er laga i samarbeid med Rennesøy kommune.

 

TILKOMST
Bibmus ligg i andre etasje i Rennesøy kulturhus som ligg i Vikevåg sentrum. Om ein kjem frå Stavanger, tek ein av til høgre mot Vikevåg rett etter Mastrafjordtunnelen.