Suldal
RFF2013-093-032

Brødrene af Sand

Ei av dei siste Ryfylkejektene som framleis flyt
OPNINGSTIDER 2023 Om sommaren ligg ofte Brødrene af Sand til kai ved Nesasjøhuset på Sand. Elles finn du ho ved Melkekaien på Jelsa I sommar går det turar frå Jelsa 5. 6. 12 og 13. juli To turar kvar dag   PRIS  Vi tar oppdrag der deltakerar (mellom 12-20 personar) er "medseglarar" eller passasjerar. Medseglar er betegnelsen på eit betalande medlem i venneforeninga til Brødrene. Inntektene går til å dekke kostnadane med vedlikehald og drift. Følgande prisar gjeld frå 1. juni 2023 Kort tur (formiddag/ettermiddag inntil 4 timar): 4000,- pr time Oppsette turar arr. av Ryfylkemuseet: Timespris per pers 500,- KONTAKT Ryfylkemuseet Tlf (+47) 52 79 29 50,  post@ryfylkemuseet.no Brødrene af Sand på Facebook  

Brødrene af Sand er ei av dei siste Ryfylke-jektene som framleis flyt. Jekta vart bygd på Dokkskar i Yrkjesfjorden på midten av 1800-talet (1866), og ho gjekk i sildefart på Østersjøen. Seinare gjekk ho i fjordafart frå Østhusvik og Sand i Ryfylke

Jekta er ca 15 meter lang og litt over 5 meter brei. Masta er 19 meter høg og ho fører tre forsegl; storsegl, breifokk og toppsegl. Ho er innreia med køyer og bysse

Ryfylkemuseet overtok jekta i 1997.  Ho gjennomgjekk omfattande restaurering ved Hardanger Fartøyvernsenter i 1998-1999.
Venneforeininga og Ryfylkemuseet samarbeidar om vedlikehald og drift

VERNA FARTØY
I dag er fartøyet verna og det er den einaste Ryfylkejekta som er bevart i Rogaland. Ho står for ei stor og viktig bygdenæring og er eit uttrykk for høgt utvikla fartøybyggingskompetanse

Gjennom bruk og vedlikehald av fartøyet fører vi vidare  noko av den kunnskapen som var knytt til fartøyfarten, og vi gir medseglarane eit høve til oppleving av fjorden, fartøyet og det langsame livet som følgjer med å bli driven fram av vind og straum

OPPDRAG
Venneforeininga drar på tokt, festivalar, bygdadagar og andre oppdrag

«Brødrene af Sand» tar oppdrag på bestilling, både dagsturar og overnattingsturar. Dei som er med deltek som medseglarar.
Det er plass til grupper på max. 12 personar

PÅ SKATTEJAKT MED MOBILEN I HANDA
Vil du veta meir om plassen du er på? Dra på oppdagingsferd med din eigen omvisar på mobilen

Med vår gratis museumsapp Ryfylkemuseet blir du betre kjent med staden du er på, gjennom informasjon, historiar, bilete og forteljingar. La deg overraska

I appen finn du skjulte historiar og skattar frå forskjellige stadar i Ryfylke, blant anna frå Brødrene af Sand. Husk å ta med appen når du drar på oppdagingsferd!

Appen er gratis og kan lastast ned her

Bli Medlem