Sauda

Industriarbeidermuseet og Åbøbyen

Opplev industrihistoria i Sauda
OPNINGSTIDER 2023 Åpningstid i perioden 19. juni – 13. august Omvisning starter fra Folkets Hus mandag, tirsdag, onsdag, torsdag og fredag kl.12.00 NB! Forhåndspåmelding innen kl.11.00 den dagen det er omvisning. En kan melde seg på ved å komme på turistkontoret, på telefon: 52 78 42 00 eller på e-post: post@saudaferie.no Elles i året gjeld følgande for omvising a grupper: Kr 150,- pr pers, min 1500,- samt 850,- pr påbegynte time Gratis for medlemmer i Venneforeininga til Ryfylkemuseet på ordinære opningsdagar KONTAKT Adresse: Haakonsgaten 51-53, 4200 Sauda Telefon: (+47) 52 79 29 50 Epost: post@ryfylkemuseet.no Instagram: instagram.com/industriarbeidarmuseet Facebook: facebook.com/ryfylkemuseet

GUIDA TUR I ÅBØBYEN

Guida tur i Åbøbyen 19. juni – 13. august – måndag til fredag

Oppmøte ved Folkets Hus kl. 12.00

Turen tek omlag 1 time

PRIS

  • Vaksen kr 100
  • Barn under 16 år gratis i flg med vaksen

Gratis for medlemmer i Venneforeininga til Ryfylkemuseet Hugs medlemskortet!

Kombibillett: Guiding i Åbøbyen og inngang til museet – kr 150 per person

ÅBØBYEN

Åbøbyen er eit av dei best bevarte bustadområda for arbeidarar og funksjonærar vi har frå utbygginga av den kraftkrevjande industrien her i landet

Byanlegget, eller Amerikanarbyen som det og vert kalla, har flotte eksempel på nyklassisistisk arkitektur frå 1920-talet og funkis- og etterkrigsarkitektur

Bustadområdet ved Sauda smelteverk har tydelege spor etter dei sosiale skilja, med arbeidarbustadane nærast fabrikken, funksjonærbustadane lenger oppe og direktørvillaen lengst borte frå fabrikken og opp i høgda

Harmonien i bymiljøet, variasjonane, detaljane og dei høge arkitektoniske kvalitetane gjer det spesielt spennande å vandre gjennom byen

INDUSTRIARBEIDARBUSTAD

Sjølve Industriarbeidermuseet ligg i Haakonsgate 51-53 og er innreidd i ein tidlegare fire-familiebustad. Desse bustadane låg nærast fabrikken og her kunne opptil 15 barn med foreldre bu på to rom og kjøkken. I Industriarbeidarmuseet i dag finn ein to autentisk innreidde leilegheiter. Ein viser korleis arbeidarar budde på 1920-talet, og den andre leiglegheiten har innreiing frå 1960-talet

UTSTILLING

I 2019 opnar vi den nye utstillinga «Under røyken – om livet i Åbøbyen»

Utstillinga fortel om korleis livet var for industriarbeidarar som jobba på fabrikken, korleis det var å vera husmor på denne tida, og korleis det var å veksa opp i her. Ì utstillinga kan ein og læra meir om fabrikken og om Åbøbyen

KORLEIS KOMA SEG HIT
Industriarbeidermuseet ligg i gåavstand frå handlegatene i Sauda. Gå mot Sauda Stadion og ta av inn mot Håkonsgata. Industriarbeidermuseet ligg til høgre eit lite stykke inn på denne vegen (Adresse: Håkonsgata 51-53)

 

Bli Medlem