Vel stad

Suldal

Kolbeinstveit

Levende museumsgard med vertskap og gardsdyr

OPNINGSTIDER 2017

24.6 – 20.8, kvardag kl. 11-17

Omvisning for grupper etter forespørsel

 

PRIS

Kr 60, barn kr 30, familie kr 150

Gratis for medlemmer i Venneforeininga til Ryfylkemuseet

KONTAKT

Kolbeinstveit
Suldalsvegen 1995, 4237 Suldalsosen, tlf. (+47) 5279 9304

Ryfylkemuseet
Tlf (+47) 52 79 29 50,  post@ryfylkemuseet.no

I sommarsesongen er Kolbeinstveit ein levande museumsgard med dyr og vertskap som tek i mot besøkande. Vi tilbyr omvisingar, vi serverer tradisjonsmat og har skiftande utstillingar på garden. I tillegg har vi ulike arrangement som konsertar, aktivitetsdagar og marknadsdag.

Når du kjem inn på tunet trør du 150 år tilbake i tid.

Hovudbygningane i tunet er stovehuset og løa som blei sett opp her rundt 1850.

GUGGEDALSLOFTET
Midt på tunet står Guggedalsloftet. Det kjem opprinnelig frå Bråtveit i Suldal. Den øvste delen av loftet er datert 1281, medan den nedste er frå rundt 1340.

Dette er den eldste bevarte trebygningen i Rogaland. Det er såleis ein unik del av bygningsarven og eit viktig kulturminne.

Her kan du sjå eit bildespel om Guggedalsloftet.

BARN
Tunet eignar seg spesielt godt for barn fordi vi her har gamle leikar, høy til å hoppa i og gamaldagse klede til å kle seg ut i. I tillegg er det mange dyr på garden.

UTSTILLINGAR
Det er fleire utstillingar på Kolbeinstveit. Den faste utstillinga «Garden og folka» fortel om dei som har levd på Kolbeinstveit, og korleis dei har brukt husa og utnytta ressursane på garden.

I tillegg er det ein ny temautstilling eller ei salsutstilling med kunst og handverk kvar sommar. I 2017 er det VIVA BASKET!. Ei utstilling om handverkstradisjonar knytt til fletta produkt som finst i alle kulturar og kring heile verda.

SMIA

I 2016 blei smia på Kolbeinstveit nyrestaurert. Gjennom sesongen skal smia bli fyrt opp igjen på nokre av våre aktivitetsdagar.

MAT
Vertskapet serverer lokal tradisjonsmat. Du får kjøpt smørgraut, Suldalskinke og suldalsbete. Kaffi og nysteikte vaflar står også på menyen.

TILKOMST
Kolbeinstveit ligg mellom Preikestolen og Trolltunga, att med Rv 13, Nasjonal Turistvei, 2 km forbi Suldalsosen i retning Røldal.
Like ved garden finn du ein parkeringsplass. Frå parkerringsplassen kjem du til tunet via ein tursti som går forbi ulike kvernhus.
Området har også mange skilta turstiar. Sjå Ut.no