Vel stad

Suldal

Litunet

Museumsgard med vakker utsikt over Hylsfjorden

OPNINGSTIDER

Ope i sommarsesongen

Omvisning for grupper etter forespørsel

PRIS

Kr 60, barn kr 30, familie kr 150

Gratis for medlemmer i Venneforeininga til Ryfylkemuseet

KONTAKT

Litunet
Vallskorvegen 347, 4237 Suldalsosen

Ryfylkemuseet
Tlf (+47) 52 79 29 50,  post@ryfylkemuseet.no

Høgt oppe i lia, med panoramautsikt over Hylsfjorden i Suldal, ligg garden Li – nesten 300 stupbratte meter opp frå fjorden.

I gardstunet er det 13 bygningar frå 1700- og 1800-talet, som rommar mykje gamalt gjenstandsmateriale. Samansettinga av bygningar til ulike formål gir tunet eit middelalderpreg, samstundes som bygningane er reist ved hjelp av handverkstradisjonar som peikar langt tilbake i historia. Tunet er blant dei mest verneverdige gardstuna i denne delen av landet, og er såleis av nasjonal interesse. Riksantikvaren freda Litunet i 1974.

Landskapet rundt Li er eit karakteristisk vestlandsk kulturlandskap med små åkerlappar, steingjerde og rydningsrøyser.

I opningstida vil du møte eit hyggeleg vertskap, og det blir servert kaffi og vaflar. Kom gjerne innom tunet utanom opningstid og nyt nista mens du ser utover Hylsfjorden.

TILKOMST
Vegen til Li ligg mellom Sand og Suldalsosen. Ta av frå riksveg 13 når du ser skiltet mot Valskår. Køyr på denne vegen til du ser skiltet mot Li. Vi gjer merksam på at vegen er smal, men er verd å køyre for å oppleve denne spektakulære staden!

Nede ved fjorden ligg naustet til Litunet. Det er skilta til naustet. Har ein båt, kan ein leggje til ved kaien og gå opp til Litunet. Obs! Det er veldig bratt så ein må ha gode sko.