Vel stad

Suldal
RFF2013-093-368

Røynevarden

Husmannsplass ved Suldalsvatnet

OPNINGSTIDER

Løa med utstilling er ope heile året

Husa på tunet er stengde, men opnast for grupper etter forespørsel

PRIS

Gratis inngang i løa

Grupper: Kr 60 per person (minstepris kr. 1000)

KONTAKT

Røynevarden
4237 Suldal

Ryfylkemuseet
Tlf (+47) 52 79 29 50,  post@ryfylkemuseet.no

 

Like ovanfor Suldalsvatnet med nydelig utsikt til Bråtveit og Suldalsheiane ligg husmannsplassen Røynevarden. Som husmannsplass kan bustaden daterast tilbake til ca. 1805.

STOVENE
Den eldste stova, røykstova, eller rotastova som ein seier i Suldal, er truleg frå 1820-åra. I denne stova budde det folk like til 1893, men då familien blei for stor fekk ungane sova på sauhuslemen.

BONDELIVET
Alt kan synast smått på Røynevarden, men plassen var blant dei beste i Suldal. På det jamne var det mogleg å fø to kyr, fem geiter og nokre sauer. Poteter vart avla til husbruk og korn vart sådd på dei mange åkerlappane. Høy blei slått og samla i liane og i heiane.

Det er i alt seks hus på Røynevarden; to stovehus, løe, sauhus, geithus og eldhus.

Plassen vart sjølvstendig småbruk i 1915 og fråflytta i 1946.

RESTAURERINGSARBEID
Ryfylkemuseet har gjennomført eit omfattande restaureringsarbeid av bygningane. I 2013 blei ein rekonstruksjon av løa ferdigstilt.

Arbeidet med løa har vore eit viktig læreprosjekt for museet sine handverkarar. I løpet av prosessen arrangerte vi fleire kurs for å lære om byggemåten. Det har vore lagt stor vekt på å kopiera materialane frå den gamle løa og bruka tradisjonskunnskap i arbeidet.

Fjoset er rekonstruert etter fotografi, og frå spor og avtrykk i jorda og frå løeveggen som stod att.

USTILLING
I eine enden av løa finn ein ei enkel utstilling som fortel om garden og folka som budde på Røynevarden.

TILKOMST
Røynevarden ligg langs riksveg 13 mellom Suldalsosen og Nesflaten. Det går ein sti opp frå vegen (ca. 200 m). Ta med nistepakka og nyt den flotte utsikta over Suldalsvatnet.