Forsand
RFF2013-086-303

Sjøhuset i Bergevik

Ein formidlingsstad for sjøbrukshistoriar
OPNINGSTIDER Omvisning for grupper etter forespørsel   PRIS Grupper: Kr 60 per person (minstepris kr. 1000)   KONTAKT Sjøhuset i Bergevik Bergevik, 4110 Forsand Ryfylkemuseet Tlf (+47) 52 79 29 50, post@ryfylkemuseet.no

HISTORIE

Sjøhuset i Bergevik ligg ved Lysefjorden. Huset er frå midt på 1800-talet og vart først nytta til konservering og salting av sild, agnsskjel og ansjos. Seinare blei det landhandel i første etasje med sal av tønner med agnskjell. Det budde òg folk i begge etasjane i sjøhuset, på det meste ni menneske. Det var usle kår dei levde under, med lukt av salt og fisk. Og ikkje minst vind og kulde som gjekk rett inn gjennom veggene.

Rett etter århundreskiftet (1907-18) tok det slutt på dei store førekomstane av skjell, og det blei igjen starta opp med salting og krydring av sild i sjøhuset. Silda kom til sjøhuset med farty frå vinter- og vårsildfisket, og silda blei gana, konservert med salt, lagt i tønner, påført saltlake og tetta med lokk.

Etter 1918 vart nedre delen av sjøhuset brukt til naust. Dei innreia romma blei brukt til buplass for vanskelegstilte eller folk som trong husvære. Sjøhusloftet var òg overnattingsstad for folk frå Lysefjorden. På veggene i sjøhuset kan me lesa mange namnetrekk og årstal. Nokre av dei er frå arbeidsfolk som budde i huset, medan andre er frå «kyrkjefolk frå Lysefjorden» som overnatta i sjøhuset når dei skulle til gudsteneste, barnedåp eller konfirmasjon i Forsand kyrkje som vart bygd i 1854.

FUNKSJONAR

Sjøhuset har hatt mange funksjonar opp gjennom åra. Det har i tillegg til produksjonsstad, bustad, og landhandel blitt brukt som møbelverkstad og produksjonsstad for leiketøy. Sjøhuset huser dermed mange spennande historier, men i dag formidlar den sjarmerande utstillinga i bygget primært sjøbrukshistorier.

TILKOMST

Sjøhuset ligg ved Lysefjorden Marina. For å finne fram tek du av frå riskveg 13, inn på Kyrkjevegen og vidare inn på Bergevegen. Følg denne ned mot havet.

Bli Medlem