Vel stad

Suldal

Strandstaden Jelsa

Skulemuseum og kyrkje

OPNINGSTIDER

Omvisning for grupper etter førespurnad

PRIS

Kr 60, barn kr 30, familie kr 150

Gratis for medlemmar i Venneforeininga til Ryfylkemuseet

KONTAKT

Jelsa kyrkje og skulemuseum
Sandane 33, 4234 Jelsa

Ryfylkemuseet
Tlf (+47) 52 79 29 50,  post@ryfylkemuseet.no

STRANDSTADEN
Jelsa er den best bevarte strandstaden i Ryfylke, og blei sommaren 2008 kåra til den mest idylliske plassen i Rogaland på NRK radio. Strandstaden har røter tilbake til 1600-talet då Jelsa var viktig som kyrkjestad og hovudsokn. I Jelsa finst i dag eit koseleg miljø av småhus frå 1700-talet med den vakre trekyrkja frå 1647 som nærmaste nabo.

SKULEMUSEET
I eit av desse små, kvitmåla husa finn ein Skulemuseet «Den Riibergske Stiftelse». Skulehuset vart bygd i 1774 for midlar frå ei stifting oppretta av Marcille Riiberg i 1755. Skulen var både barneskule for barna på Jelsa, og den fungerte som gratis lærestad for to ungdommar om gongen i to år, slik at dei seinare kunne gå ut i bygdene som dugande lærarar i omgangsskulen. I over 40 år sendte Den Riibergske Skule ut lærarar i Ryfylke fram til lærarutdanninga i 1820 vart skrinlagt av økonomiske årsaker. Barneskulen heldt fram i huset til først på 1900-talet. Etter initiativ frå personalet ved Jelsa skule blei skulehuset restaurert og gjort om til museum i 1983.

Skulehuset på Jelsa er eit viktig skulehistorisk minne, men det er òg ein bygning som er viktig for sentrumsmiljøet, og som bidreg til å fortelje strandstadhistorie.

I sommarsesongen har vi omvisingar som omfattar både skulehuset og kyrkja på Jelsa. Oppmøte er i den vesle bua på strandstaden.

TILKOMST

Følg riksveg 517 Jelsavegen eller 686 Økstrafjordvegen til strandstaden.