Hjelmeland
DSC_1008-a

Viga

Museumstun med frukthistorisk hage og utstillingar

OPNINGSTIDER 2023 Frå 5. juli til 13. august - ope onsdag, torsdag, fredag, laurdag og søndag 12-16 Omvisning for grupper etter førespurnad PRIS Vaksne kr 150, barn under 16 år gratis i flg med vaksen Gratis for medlemmer i Venneforeininga til Ryfylkemuseet på ordinære opningsdagar. Hugs medlemskortet! Elles i året gjeld følgande for omvising for grupper: Kr 150,- pr pers, min 1500,- samt 850,- pr påbegynte time KONTAKT Vigavegen 30, 4130 Hjelmeland Ryfylkemuseet Tlf (+47) 52 79 29 50,  post@ryfylkemuseet.no

HISTORIE

Viga er ei perle av ein museumsgard med høg kulturhistorisk verdi. Me reknar med at det har budd folk i Viga gjennom eit par tusen år. I området finst det fleire gravhaugar og det er gjort funn frå vikingtida. I skriftlege kjelder kan me følga garden heilt tilbake til 1500-talet

Viga var eit av dei største gardsbruka i Hjelmeland, og folket på garden hadde fleire tenestefolk. Driftsgrunnlaget var åkerbruk og husdyrhald, men det vart òg dyrka frukt. I 1990 etablerte Ryfylkemuseet ein frukthistorisk hage i Viga med over 100 tre som representerer tradisjonelle eple-, pære- og plommesortar frå Ryfylke

I 1955 vart Vigatunet fråflytt, og overtatt som museumstun i 1970. Den tidlegare eigaren let ein vesentleg del av inventaret stå att i husa. Ein kjem dermed tett på dagleglivet til personane som budde på tunet og ein får eit autentisk innblikk i levesett, gardshald og arbeidsmetodar

TUNET

Tunet slik det står i dag er slik det vart sjåande ut i 1821. I dag står eit stovehus med røykstova frå 1600-talet, eldhus, stabbur, løe og ei mindre stove kalla Sisselastova på tunet

 

RESTAURERING
Ryfylkemuseet har gjennomført ei omfattande restaurering etter gamal byggeskikk og metodar i Viga. Spesielt løa har vore eit stort prosjekt som det er verd å ta ein kikk på. I løa er det ei eiga utstilling om tradisjonshandverket

UTSTILLINGAR
I Viga kan ein sjå utstillinga Viga – garden og folka, og den digitale forteljinga, Arbeid året rundt, som handlar om arbeidet på to fruktgardar i Hjelmeland. Du vil også finne ei utstilling om tradisjonshandverket og ei utstilling om Frukt- og bærdyrkinga i Ryfylke

PÅ SKATTEJAKT MED MOBILEN I HANDA
Vil du veta meir om plassen du er på? Dra på oppdagingsferd med din eigen omvisar på mobilen.

Med vår gratis museumsapp Ryfylkemuseet blir du betre kjent med staden du er på, gjennom informasjon, historiar, bilete og forteljingar. La deg overraska.

I appen finn du skjulte historiar og skattar frå forskjellige stadar i Ryfylke, blant anna frå Vigatunet. Husk å ta med appen når du drar på oppdagingsferd

Appen er gratis og kan lastast ned her

SOMMARSESONG

I sommarsesongen tilbyr vår lokale guide omvisingar og fortel om livet i Viga. Garden husar òg ei stor gjenstandssamling og er rik på kulturhistoriske opplevingar.

TILKOMST

Viga ligg flott til i nærleiken av Nasjonal Turistveg og Discovery Route. Skal du frå Preikestolen til Trolltunga på sommarstid anbefalar vi å ta turen innom Vigatunet for ei oppleving utenom det vanlege

 

Bli Medlem