Vel stad

Suldal
Vrang, HC Andersen, konsert, folkemusikk

Den standhaftige tinnsoldat

Nesasjøhuset

Startar: 19 aug 2017 | KL 15

Sluttar: 19 aug 2017 | KL 16

Stad: Nesasjøhuset

 

Velkommen til ein fantastisk konsertoppleveling i «Kvitebjørnen» på Nesasjøhuset.

Inngang: 150 per person,

barn kr. 100,

familie kr. 400

Konserten er støtta av Norsk kulturråd

Kjenner du HC Andersen sitt eventyr Den standhaftige tinnsoldat? Om tinnsoldaten som er litt ulik alle dei andre, for han har berre eitt bein? Han er modig og har eit stort hjarte –  og forelskar seg djupt i ei dansarinne.

Gruppa VRANG har laga ei fantastisk flott forestilling av denne historia. Her får me oppleva teater, dans og musikk med intenst nærvær, humor og stor speleglede. Denne fantasiverda er vakker, morosam og underhaldande for både liten og stor.

Trioen VRANG er Tuva Færden, Maja Gravermoen Toresen og Jon Hjellum Brodal. Alle tre spelar hardingfele, fele og syng. I tillegg har dei med seg diverse andre instrument, og me får møta dei som soldat, ballerina og forteljar.

Vi ønskjer heile familien velkommen til ein fantastisk konsertoppleving på Nesasjøhuset.

Konserten er støtta av Norsk kulturråd