Vel stad

Suldal
Jan Ibro Khelel

Internasjonal kafé

Nesasjøhuset

Startar: 15 sep 2016 | KL 18

Stad: Nesasjøhuset

Pris
kr. 50 per person / Familie kr. 150

Ryfylkemuseet inviterer til ein ny internasjonal kafè på Nesasjøhuset på Sand. Dette er den første kafeen etter sommaren, og tradisjonen tru startar vi opp att med ein konsertkveld. Bli kjent med nye folk og smak på herleg internasjonal mat.
 
Alle er hjarteleg velkomne.
 
Inngang: kr 50 per pers., familiebillett kr 150
 
Konserten er støtta av Norsk Kulturråd

 

Om konsertprogrammet:
Jan Ibro Khelil er politisk flyktning frå Assads regime i Syria.

Jan Ibro har sidan han var liten, vore oppteken av song og musikk og han spelar tambur saz, ein langhalsa lutt, og daf (persisk tromme).  I tillegg er han ein god songar.

Familien er på morsida jødisk og på farsida kurdisk.
Jan Ibro Khelil er utdanna lærar og arbeidde mange år i grunnskulen i Kobani, Syria. Dei siste åra i heimlandet arbeidde han som freelance-journalist. Etter at han skreiv kritiske artiklar om Assad-regime, måtte han forlate landet. Det er 6 år sidan han kom til Noreg.

Khelil er oppteken av å videreformidle den mangfoldige tradisjonen frå kurdiske, persiske og arabiske etnisitetar i Syria;  ein tradisjon som på grunn av krig og øydeleggingar dessverre står i fare for å bli utrydda. Dette har resultert i CD-utgjevinga  «Sørgesang for Syria». På repertoaret er kjente og kjære songar frå Syria, songar frå den kurdiske befolkninga samt sufiske songdikt som er poetiske og kjenslevare i stilen

Med seg har Jan Ibro Khelil med seg den profilerte munnharpespelaren Svein Westad frå Kongsberg.

Svein Westad er interessert i all verdens folkemusikk og har reist mykje til andre musik-kulturar og skaffa seg god kompetanse i orientalsk og arabisk musikk.

Dei siste fire åra har han hatt eit tett samarbeid med Jan Ibro Khelil og kjenner godt Khelils spelestil. Dei har hatt fleire konsertar saman. Svein er forøvrig med på «Sørgesang for Syria», både som produsent og musikar. Der spelar han munnharpe og kraviklyre.