Vel stad

Suldal

Jolegleda! Nyårs-sæla!

Nesasjøhuset

Startar: 26 Nov 2016 | KL 11

Sluttar: 1 Jan 2017 | KL

Stad: Nesasjøhuset

«Jolegleda! Nyårs-sæla!»

Utstilling av gamle julekort

 

i museumsbutikken på Nesasjøhuset

laurdag 26. november 2016- 1 januar 2017

Inngang: gratis

«Jolegleda! Nyårs-sæla!»

Utstilling av gamle julekort

Det nærmar seg adventstid med mange gjeremål fram mot julekvelden. Å sende julekort er eit slikt gjeremål. Å skrive julekort handlar om tradisjon og nostalgi, og har eksistert i Noreg i mange, mange år. Posten forventar at dei kvart år vil formidle omlag 18 millionar julekort og julebrev i desember.

Det aller første moderne julekortet er engelsk og datert 1843. Her i Noreg vart det for alvor vanleg å sende julekort på 1900-talet. Det er frå denne tida, at Ryfylkemuseet har ei samling av julekort frå, og som vi ønskjer å vise fram nå i adventsida.

Den vesle utstillinga av gamle julekort finn de i museumsbutikken på Nesasjøhuset. Den står klar på julegateopninga (laurdag 26. november), og vil stå ut året. Det er gratis å komma inn og alle er velkomne til å ta ein kikk på desse flotte julekorta!