Vel stad

Suldal

Leik og moro på Kolbeinstveit

Kolbeinstveit

Startar: 15 aug 2017 | KL 11.30

Sluttar: 15 aug 2017 | KL 16.30

Stad: Kolbeinstveit

Har du lyst til å lære deg nokre songar på blekkfløyte? Kanskje ei lita vise og? Då kan du ta på deg sommarskoene, trykke på skotuppen og sei passordet «musikk» høgt.

Du vil plutseleg sjå att du sit på Kolbeinstveit med ei fløyte i handa og du spelar. Eg trur jammen du kjem til å synge og.

Ikkje nok med det, du vil og gumle vaflar, drikke saft og du vil hoppe i høyet – om du ikkje har høysnue! Då vil du kanskje finne deg ein god plass inne i huset og ei koseleg bok.

Det er godt mogleg at du får høyre ei historie om tussar og troll og.

Velkommen til gards!

Det kan nok hende dette passar best for deg mellom 7-12 år, men alle er velkomne!

Pris, inkl vaflar og saft: kr 60,-