Vel stad

Suldal

Nissekveld på Håland

Håland

Startar: 6 des 2016 | KL 18:00

Stad: Håland

Velkommen til Nissekveld på Håland

Ta på deg nisselua og bli med på ein stemningsfull førjulstradisjon!

Inngang kr. 60,- Sal av billettar i døra

Arr.: Ryfylkemuseet

For første gong arrangerer vi i år nissekveld på Håland i Erfjord. Førjulsarrangementet er svært populært på Kolbeinstveit, i Viga og på Hustveit, og vi håpar mange vil finne veien opp til storgarden denne kvelden for å starte ein ny førjulstradisjon på Håland. Her blir det historieforteljing, allsong, og kanskje får vi også sjå fjosnissen våge seg ut for å smaka på grauten?

Servering av varm drikke og kakemenn.
Kle dykk til å vera ute!

Ta på deg nisselua og bli med på ein stemningsfull førjulstradisjon!

Inngang kr 60,- per person. Billettar for sal i døra.

Vegforklaring: Køyr til Hålandsosen (der Joker-butikken ligg) og ta av til Østerhus. Skilt til «Østerhus» på venstre side av vegen. Følg skilt som viser «Håland» etter nokre hundre meter.