Vel stad

Suldal

Påske på museet

Nesasjøhuset

Startar: 10 apr 2017 | KL 10 - 16

Andre datoer:

11 apr 2017 | KL 10 - 16

12 apr 2017 | KL 10 - 16

15 apr 2017 | KL 11 - 15

Stad: Nesasjøhuset

Påskeverkstad – stort aktivitetsbord
Leit etter påskeegg og kyllingar – trekking av premie

Inngang: Kr 60,- per pers.
Medl.Venneforeininga: Kr 30,- per pers.

Påske på Ryfylkemuseet!

Ryfylkemuseet har ope i utstillingane, i museumsbutikken og kafeen i påskeveka.

Vi riggar til eit stort aktivitetsbord! Heimelaga pynt gir nostalgiske minne, og her kan du bli med å lage masse fint til påske. Aktivitetane er enkle å få til og passar alle aldersgrupper.

Kva med å lage eit stilig eggeglas til å setta egga i til påskefrukosten, eit påskeinspirert bokmerke til påskekrimmen, og mykje anna artig og kreativ påskepynt…

I Kvitebjørnen kan du kle deg ut og leike som du vil. Kanskje du finn påskeegga og kyllingane som har gøymt seg rundt omkring i utstillinga?

Kor mange kan du finna? Fyll ut kupongen som du får i skranken og ver med i trekninga av ein flott påskepremie.

 

Velkommen til Ryfylkemuseet i påska!