Vel stad

Hjelmeland

Slå med ljå

Viga

Startar: 17 sep 2016 | KL 13

Stad: Viga

«Slå med ljå»- foredrag og film, mm.

Gratis inngang

Arr: Hjelmeland Sogelaget, Folkeakademiet Hjelmeland og Ryfylkemuseet
Markering av Kulturminnedagene

 

 

Kulturminnedagane blir markert i september kvart år, og er ei felles feiring av kulturarv i Europa. Kulturminnedagane 2016 blir iår markert frå laurdag 10. til søndag 18.september.

Hjelmeland Sogelaget i samarbeid med Folkeakademiet Hjelmeland og Ryfylkemuseet markerar denne dagen i Viga med temaet «Slå med ljå».

Hans Petter Evensen, forfatter bak boka «Slå med ljå», kjem.

Hans Petter Evensen (født 1942) har vore lærar og veiledar ved praktisk pedagogisk utdanning ved NMBU (tidlegare Norges Landbrukshøgskule). Han har også skreve lærebøker i landbruk og i grønn pedegogikk.

Både som lærar, og nå som pensjonist, har Evensen interessert seg for høyonna med håndredskap, og har arrangert slåttedagar med ljå og hesjing. Han kjem til Viga for å fortelle om ljåen som i tidlegare tider har vore med og forma kulturlandskapet vårt. Det blir og syna film om prosessen med håndsmiing av ljå.

Meir info om bok og tema kan du finne på www.slaamedljaa.no

Ta med dine orv, slik at me får sjå litt på ulike orv i regionen.

Det blir sal av boka «Slå med ljå», og sal av kaffi og noko søt attåt.