Vel stad

Suldal

Sommar på Kolbeinstveit

Kolbeinstveit

Startar: 17 jun 2017 | KL 12

Sluttar: 27 aug 2017 | KL 16

Stad: Kolbeinstveit

I sommar har vi ulike arrangement og aktivitetsdagar på Kolbeinstveit. Her får du ein oversikt over kva som skjer på museumsgarden i sommar.

Laurdag 17. juni, kl. 12-15
Flettetradisjonar på Vestlandet
kl. 12.00 Opning av utstillinga Viva Basket! Ei utstilling om flettetradisjonar på Vestlandet. Foredrag av Drude Isene frå Søre Skogen, som har jobba med prosjektet.
Les meir om VIVA BASKET!

kl. 13.00 Pilflettingskurs med Drude Isene
max 15 personer, 150 kr pp
Dette er eit kortere kurs der ein lagar småting som såpefat, fiskar og enkle hjerter. Passar for barn. Kurset varar i omtrent ein time, materialar inkludert.

Fyr i smia
Gratis inngang. Sal av kaffi og vaflar.

Laurdag 24. juni
Livet på garden, sesongsopning
Slå med ljå, hesjing, servering av slåttegraut, fyr i smia og det gode liv på ein gard.
Kr. 60, sal av tradisjonsmat.

Laurdag 1. juli
Familiedag
Bli med på ein dag med masse kjekke aktivitetar, gamle leikar og fyr i smia.
Kr. 100, sal av tradisjonsmat

Laurdag 8. juli
Pilflettingskurs med Drude Isene, Søreskogen
Dagskurs der ein lagar eit plantestativ eller eit kremmarhus og lærar ulike teknikkar, og får eit inntrykk av moglegheitene til materialet.
Plantestativet er flott i krukke til sommarblomane, kremmerhuset kan brukast til mange føremon, til dømes henge på ein vegg med hengeplante i.
Kr. 500,- inkl. materialene. Maks 10 deltakere. 4 timars kurs.

Laurdag 12. august
Marknadsdag
Salsboder i tunet, med lokale heimelaga produkt, aktivitetar, fyr i smia og den gode Kolbeinstveit-stemninga.
Gratis inngang. Sal av tradisjonsmat.

Mandag 14 – onsdag 16. august
‘Badna-dagar’

Kjekke dagar for barna. kr. 100, sal av tradisjonsmat.

Fredag 25. kl 17–søndag 27. august kl 14
Helgekurs med Samson Øvstebø. Lag din egen kipe eller lefsetine. Kr. 2000 inkl. materiale.
Påmelding til post@ryfylkemuseet.no. Les meir her.

 

Opningstider
Kolbeinstveit har kvar dag i sommar frå 24. juni til 20. august, + 27+28.august
kl. 11-17

Inngang
Kr. 60 per person, kr. 30 for barn, kr. 150 for familie
Gratis for medlemmer i Venneforeininga til Ryfylkemuseet
Eigne prisar på arrangement