Vel stad

Suldal

Utstillingsopning Viva Basket

Kolbeinstveit

Startar: 17 jun 2017 | KL 12:00

Sluttar: 17 jun 2017 | KL 15:00

Stad: Kolbeinstveit

Opning av utstillinga VIVA BASKET!

Utstillinga blir opna, Drude Isene frå Søre Skogen som har jobba med utstillinga, fortell om utstillinga,
Minikurs i pilfletting m/Drude Isene og vi fyrer opp den nyrestaurerte smia.

Gratis inngang

Sal av kaffi og vaflar frå kjøkkenet.

Opning av utstillinga VIVA BASKET!
–Viva Basket er ei utstilling om flettetradisjonar frå Polen og sørvest Norge.
– Foredrag m/Drude Isene frå Søre skogen, profesjonell korgflettar og antropolog
– Minikurs i pilfletting m/Drude Isene.
Vi lagar småting som såpefat, enkle hjarte og fiskar til pynt etc. Kurset varer ca. 1 time. Kr. 150,- per pers. Kurset passar for barn og vaksne.
NB! Max 15 personar. Påmelding til: post@ryfylkemuseet.no
– Fyr og aktivitet i den nye smia på tunet

VIVA BASKET er ei utstilling om handverkstradisjonar knytt til fletta produkt som finst i alle kulturar og kring heile verda. Kunnskap om korgfletting er ei immateriell kulturarv som i dag blir halde liv i av eit mindretal kunnskapsbærerar. Målet med VIVA BASKET er å dokumentera den kunnskapen som finst og ta vare på/vidareføra desse fletteteknikkane og gjera den tilgjengeleg for eit nytt publikum.


I VIVA BASKET vil ein freista og syna noko av det mangfaldet av flettverk og tradisjonar som finst, og vi stiller ut korger og anna flettverk frå mellom anna Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane og Polen.


VIVA BASKET er resultat av eit samarbeidsprosjekt mellom Sunnhordland Museum og Søre skogen v/Drude Isene (profesjonell korgmakar og antropolog) og The Serfenta Association i Polen. Prosjektet er finansiert gjennom EØS-midlar og har som mål å dokumentere, ta vare på og vidareføra eldre fletteteknikkar frå Norge og Polen.