Vel stad

Sauda

Startar: 23 mai 2017 | KL 16 - 17:30

Stad: Industriarbeidarmuseet og Åbøbyen

Under Saudadagane i år opnar vi to utstillingar i Industriarbeidarmuseet. «Skal me leika?» handlar om leik og leiketradisjonar, og «På Grand Manila» viser eit utval grafiske trykk laga av grafikaren Álvaro Nofuentes. Han var i Sauda i 2014 og lot seg inspirere av industrihistoria og ikkje minst Kjartan Fløgstad sin roman «Grand Manila» som er utgangspunktet for Nofuentes sine trykk.

I forbindelse med opninga vil det bli sal av saft og boller.

Gratis inngang!