Vel stad

AKTIVITET

FOLKEMUSIKK- OG DANSEHELG
Den første Folkemusikk- og dansehelga i Suldal blei arrangert i 1990, og sidan har dette blitt ein årleg tradisjon. Kurset blir arrangert kvar haust på Mo laksegard, og er for deltakarar i alle aldrar og på alle nivå. Instruktørane er av dei beste utøvarane i landet på sitt felt, og i tillegg er det sosiale ein svært viktig faktor for at kurshelga blir vellukka år etter år. Det er kurs i hardingfele, kveding og dans, og somtid i toradar, munnharpe eller seljefløyte. Sjå elles alle opplevingar/kva skjer på forsida.

KONSERTAR
Folkemusikkarkivet for Rogaland arrangerer ei rekkje konsertar kvart år, med støtte frå mellom andre Norsk kulturråd. Konsertane har varierande innhald – frå familiekonsert til konsert med tradisjonsmusikarar frå andre land og konsertar med norske utøvarar. Nokre konsertar er veldig tradisjonelle, medan andre er meir i grenseland mot andre sjangrar. Ryfylkemuseet sine anlegg byr på mange spennande lokale som gir gode og stemningsfulle rammer rundt konsertane, der det alltid blir formidla musikk av høg kvalitet og der publikum kjem tett på gode utøvarar.
Sjå elles alle opplevingar/kva skjer på forsida.

BYGDA DANSAR
I åra 2016-2019 går folkedansprosjektet «Bygda dansar» i Rogaland. Bygda dansar er eit nasjonalt folkedansprosjekt for ungdom mellom 15 – 19 år. Prosjektet vert gjennomført fylkesvis i samarbeid med lokale aktørar.
Bygda dansar er finansiert av Kulturdepartementet og Rogaland fylkeskommune med totalt 3,45 millionar. Norsk senter for folkemusikk og folkedans eig og driv prosjektet, og Folkemusikkarkivet for Rogaland er samarbeidspartnar.

Bygda dansar ønskjer å styrkje folkedans som kulturarv, kunstnarleg uttrykk og samværsform og knyta den lokale folkemusikken sterkare til dansen. Det er eit mål å stimulera til dans som sosial aktivitet og næring i regionen.

For meir informasjon sjå bygdadansar.no.