Vel stad

FORSKING OG UTVIKLING

Ei av hovudoppgåvene til museet er å vera samfunnsminne, ei oppgåve me ivaretar gjennom innsamling, dokumentasjon, forsking og bevaring. Grunnlaget for verksemda er samlingar av bygningar, gjenstandar, foto, lyd og arkivalia. Gjennom gransking og tolking av desse kjeldene kan me produsere ny kunnskap som blir formidla gjennom utstillingar, foredrag, publikasjonar og digitale media.

Det største pågåande forskingsprosjektet vårt er knytt til ein avtale med Suldal kommune om bygdebokskriving. Ryfylkemuseet har hatt prosjekttilsett bygdebokskrivar sidan 1986. Roy Høibo skreiv boka «Soga om Sand» som vart fullført i 1993. Ernst Berge Drange vart så tilsett som bygdebokskrivar på heiltid, ei stilling som er finansiert av Suldal kommune, som kjøper tenesta av Ryfylkemuseet. Dette har så langt resultert i åtte band med bygdehistorie frå dei tidlegare kommunane Sand, Erfjord og Jelsa. I 2014 starta arbeidet med gamle Suldal kommune som er planlagt til fire band.

Forskinga på Ryfylkemuseet vert publisert som eigne publikasjonar, rapportar, artiklar i aktuelle tidsskrift, samt vår eiga årbok «Folk i Ryfylke».

 

I forhold til storleiken på museet, driv Ryfylkemuseet eit omfattande forskings- og dokumentasjonsarbeid. Under vil du finna informasjon om pågåande forskingsprosjekt, samt ei lite resymé av nokre sentrale gjennomførte prosjekt ved museet.

Pågåande prosjekt

  • Barn i bygda
  • Bygdebøker for gamle Suldal kommune

Tidlegare prosjekt