BARNEHAGE

Gamle leiker

Kompetansemål: utforske kulturminne og korleis menneska levde i den tida kulturminna er frå,
og samanlikne med korleis vi lever i dag

Tidsbruk: 1-2 skuletimar

Trinn: Kan tilpassast alle trinn på barneskulen og barnehagar.

Materiell: Museet tar med kostymer og materiell til gjennomføring av leikane.

Fag: Gym og Historie.

Gamle Leiker

Her finn de tilbod for barnehagar. Ring: 52 79 29 50 eller send e-post til: post@ryfylkemuseet.no for bestilling eller meir informasjon.

FORTELJARSTUND I KVITEBJØRNEN

Stad: Nesasjøhuset

Lengde: 30 minutt eller lengre

Maks tal på barn: 30

Pris: gratis

Utstillinga Kvitebjørnen er laga for barn og er basert på barneboka med same namn, av den lokale forfattaren Rasmus Løland (1861-1907). Eit mål med utstillinga er å stimulera den skapande undringa hjå barna.

Eit barnehagebesøk i Kvitebjørnen byrjar med ei forteljarstund. Etterpå kan barna kle seg ut som kongar og prinsesser for å leva ut rollene i forteljinga gjennom leik. Dei kan også leike som Løland sjølv gjorde, med kongler, kvistar og andre naturgjenstandar.

Bli Medlem