Vel stad

SKULE

Under finn de undervisningstilboda våre. Ring: 52 79 29 50 eller send e-post til: post@ryfylkemuseet.no for bestilling eller meir informasjon.

Undervisningsopplegga er tilpassa læreplan og kompetansemål.

Me har museumsanlegg i heile Ryfylke, trykk på «Vel stad» i menyen over for å sjå kva me har i din kommune. Mange av våre undervisningsopplegg kan tilbys fleire stader, og nokre kan me også ta med oss ut til skulane.

SMÅTRINN

FORTELJARSTUND I KVITEBJØRNEN

Stad: Nesasjøhuset

Lengde: 30 minutt eller lengre

Maks tal på elevar: 30

Pris: gratis

Relevant for kompetansemål i norsk

Utstillinga Kvitebjørnen er laga for barn og er basert på barneboka med same namn, av den lokale forfattaren Rasmus Løland (1861-1907).

Eit skulebesøk i Kvitebjørnen byrjar med ei forteljarstund. Då får elevane høyre kva som skjedde då Pål, Gunnar, Kolbein og Andres laga ein stor Kvitebjørn i snøen. Etterpå kan elevane kle seg ut som kongar og prinsesser for å leva ut rollene i forteljinga gjennom leik. Dei kan også leike som Løland sjølv gjorde, med kongler, kvistar og andre naturgjenstandar. Eit mål med utstillinga er å stimulera den skapande undringa hjå barna. Kvitebjørnen inviterer difor til internaktivitet.

OPPLEV GARDSLIVET PÅ KOLBEINSTVEIT

Stad: Kolbeinstveit (link til anleggside)¨

Lengde: 120 minutt eller lengre

Maks tal på elevar: 30

Pris: Gratis

Relevant for kompetansemål i norsk og samfunnsfag

Kolbeinstveit er ein museumsgard i Suldal som er tilbakeført til 1800-talet. Her kan elevane få eit inntrykk av korleis det var å bu på ein gard på denne tida. Elevane får kle seg ut i gamle klede, mate dyra, leite etter egga som hønene har lagt, leike med gamle leiker og høyre ei forteljing som skildrar gardslivet på 1800-talet.

KVA ER EIT MUSEUM?

Stad: eit av museumstuna våre

Lengde: 90 minutt eller lengre

Pris: gratis

Relevant for kompetansefag i samfunnsfag

Under besøket vil me først samla elevane til ein liten samtale. Me snakkar om kva eit museum er for noko og om det å samla på gjenstandar. Ut frå ein kasse med gamle gjenstandar lagar me ei lita utstilling saman.

Deretter tek me ein runde rundt i dei ulike bygningane. Me snakkar litt om kva dei ulike husa blei brukt til og ser på kva for gjenstandar museet har valt å vise fram. Etter rundturen stansar me opp og snakkar litt om museet si oppgåve med å vidareformidla immateriell kulturarv. For å eksemplifisere dette får elevane leike slik ungar gjorde det før i tida. Til slutt samlast me til ei lita oppsummering der elevane får fortelje om kva dei har lært.

GAMLE LEIKER

Stad: på skulen eller eit av museumstuna våre

Lengde: 45 minutt eller lengre

Maks tal på elevar: 28

Pris: gratis

Relevant for kompetansemål i samfunnsfag og kroppsøving

Ein formidlar kjem til skulen dykkar med fire eller fem leiker frå tidlegare tider. De kan også komme til eit av museet sine gardstun og få same opplegg der.

Klassane blir delt i 4 grupper, maks 7 elevar på kvar gruppe. Leikene ligg på ein grusbane, på ein parkeringsplass eller eit anna passande stort område. Formidlar går rundt og forklarer dei ulike leikene til heile klassen før ein byrjar med leikene. Mens leiken går føre seg vekslar formidlaren mellom dei ulike postane og hjelper elevane. Lærarane kan få leikene tilsendt på førehand slik at dei kan vera med å hjelpe elevane.

MELLOMTRINN

STOR KAR

Stad: på skulen eller eit av museumstuna våre

Lengde: 45 minutt

Maks tal på elevar: 30

Pris: Gratis

Relevant for kompetansemål i norsk, samfunnsfag og kunst og handverk

Produsert i samarbeid med Den kulturelle skulesekken i Rogaland

Undervisningsopplegget vart laga i 2015 i samanheng med Alfred Hauge-jubileet i Rogaland. Den 17. oktober i 2015 var det nemleg 100 år sidan den lokale forfattaren vart fødd på Sjernarøy i Ryfylke. Hauge har gjeve ut nærare femti bøker og er og særleg kjend for trilogiane sine: Om Lølandsfolket (Året har ingen vår, Fossen og bålet, Ingen kjenner dagen) og trilogien om Cleng Peerson. Han har motteke ei rekkje prisar for dei litterære verka sine.

Formidlinga tek utgangspunkt i Alfred Hauge si bok «Stor kar». Der skildrar han sin eigen barndom på Sjernarøy i 20-åra. Boka er tilgjengeleg på Nasjonalbiblioteket sine nettsider. Ein formidlar frå Ryfylkemuseet kjem til å lese frå boka. Elevane får prøva seg på sortering og karding av ull. Til slutt spinner formidlaren frå ferdig karda ull og viser kva ein kan bruka garnet til.

KVITSØY

Stad: på Kvitsøy hummarmuseum

Lengde: 180 minutt

Maks tal på elevar: 30

Pris: Gratis (med Kvitsøykomla: 120 kr pr. elev)

Relevant for kompetansemål i samfunnsfag, norsk (og mat og helse*)

Undervisningsopplegget tek føre seg fiskarkulturen på Kvitsøy og i Rogaland. Vel mellom eit gratis opplegg der elevane lager leikebåtar og lærer om sløying av fisk, eller eit opplegg der ein i tillegg får servert tradisjonsretten Kvitsøykomla som ein er med å lager.  Opplegget omfattar også ei omvisning i utstillinga «Året rundt på fiske» og eit rollespel.

*Når ein vel undervisningsopplegget med Kvitsøykomla.

UNGDOMSTRINN

TOKT MED BRØDRENE AF SAND

Stad: «Brødrene af Sand» kan leggja til ved kaiar overalt i Ryfylke

Lengde: 180 minutt eller lengre

Maks tal på elevar: 20

Pris: Ta kontakt med museet for pris

Relevant for kompetansemål i samfunnsfag, naturfag og kroppsøving

Opplegget blir tilbydd i samarbeid med venneforeninga for båten.

Bli med på segltur med jekta «Brødrene af Sand.» Lær om livet til sjøs i fortid og notid ved å vera mannskap på jekta Brødrene af Sand. Jekta er frå midten av 1800-talet og blei bygd for sildefrakt.