LEDIGE STILLINGAR

Ryfylkemuseet er eit kulturhistorisk museum stifta i 1981 med 18 fast tilsette og eit par større prosjektstillingar. Vi har samlingar og anlegg i og frå heile Ryfylke-regionen. Museet har hovudsete og kontorstad på Sand i Suldal. Administrasjonsspråket er nynorsk.

Formålet til Ryfylkemuseet er å vere ein inkluderande møtestad for kunnskap og opplevingar, og ein samfunnsaktør som bidrar til positiv bygdeutvikling. Museet har fagavdelingar som skal ivareta den museale verksemda.

 

Ledig stilling – Prosjektleiar Sauda Lokalarkiv

 

Om Sauda Lokalarkiv

Sauda Lokalarkiv er ei privat stifting med føremål å samla inn, bevara og gjera tilgjengeleg privat arkivmateriale frå Sauda, og inneheld blant anna dei historiske arkiva til A/S Saudefallene, Smelteverket og Sauda Fabrikkarbeidarforeining. Arkivet held til i det gamle administrasjonsbygget ved smelteverket («Fleskakassen»).

Sauda Lokalarkiv ynskjer å løfta historia ut av dei nedstøva arkivhyllene, og ut til innbyggjarane, næringslivet og eit større publikum også utanfor kommunen. For å få til dette søkjer Sauda Lokalarkiv no etter ein prosjektleiar som skal utvikla arkivet, etablera ein ny drifts- og finansieringsmodell og gjera arkivet tilgjengeleg og relevant for fleire. Stillinga vil i første omgang vere ein 50% stilling i eit år, med mogelegheiter for forlenging.

 

Ansvar og arbeidsoppgåver

  • Utvikling og etablering av ein ny og berekraftig driftsmodell for arkivet.
  • Utvikling av produkt som synleggjer og aktualiserer arkivet si rolle i stort.
  • Finansiering av den nye satsinga på kort og lang sikt.
  • Tett dialog med lokalt og regionalt næringsliv, ulike offentlege forvaltningsnivå, samt politiske aktørar lokalt og regionalt.
  • Etablering av eit formalisert samarbeid med akademia om kunnskapsutvikling og forskingsprosjekt.
  • Utvikla lokala i administrasjonsbygget. Herunder etableringa av eit besøkssenter og oppgradering av arkivrom og anna infrastruktur.
  • Forefallande administrativt arbeid i sjølvet arkivet.

 

Ynskja kvalifikasjonar

  • Erfaring med prosjektleiing.
  • Interesse for og/eller kompetanse innan historie og arkivfeltet.
  • Kjennskap til og erfaring med verkemiddelapparatet.
  • Erfaring frå påverknadsarbeid.
  • Gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar.
  • Høgare utdanning innan relevante fagfelt.
  • Erfaring med forretningsutvikling.
  • Lokalkunnskap er ein fordel

Personlege eigenskapar

– Sjølvgåande og engasjert.

– Stor arbeidskapasitet og engasjement.

– Strukturert, målretta og løysningsorientert.

– Gode sosiale ferdigheiter.

 

Vi kan tilby:

– Eit spanande utviklingsprosjekt for den rette søker.

– Sjølvstendig og utfordrande arbeid.

– Fleksible arbeidstider.

– Gode mogelegheiter for fagleg utvikling.

– Gode pensjons- og forsikringsordningar.

– Løn etter avtale og arbeidsvilkår etter Museumsoverenskomsten.

 

Prosjektleiaren vil bli tilsett i Ryfylkemuseet som er ein av stiftarane av Sauda Lokalarkiv. Det kan og vere aktuelt å leiga inn ein konsulent frå ein organisasjon/selskap. Spørsmål om stillinga kan rettast til direktør Anna Ehrhardt, 91 90 91 32, eller prosjektleiar Mads Drange 99 25 45 43.

Søknadsfrist: 2 januar 2022. Det vert gjennomført intervju i veke 2 og 3.

Søknad vedlagt CV og kopier av vitnemål skal sendast som e-post til post@ryfylkemuseet.no, eller eventuelt skriftleg til Ryfylkemuseet, Nordenden 14, 4230 Sand

Bli Medlem