Vel stad

LEDIGE STILLINGAR SOMMARSESONGEN 2017

Museumsvertar på Industriarbeidarmuseet

Vi søkjer sommarvertar til Industriarbeidarmuseet som ligg i Åbøbyen i Sauda. Her har vi utstillingslokaler og to husvære som er innreidd i 1920- og 1960-talsstil. Verten sine oppgåver er å formidle Sauda si industrihistorie, og informere besøkande om Åbøbyen, som er bustadområdet som vart satt opp for tilsette ved smelteverket. I tillegg til å ha omvisingar og selje billettar, skal verten halde orden i utstillingar, og ta del i ulikt førefallande arbeid.

Den vi søkjer må være flink å formidle, imøtekommande, serviceinnstilt, interessert i industri- og lokalhistorie og kunne jobbe sjølvstendig. Gode språkkunnskapar er ein fordel. Opplæring vil bli gitt. Lønn og arbeidstid etter avtale.

Søknadsfrist: 24. mars

Send søknad med CV til janneke.wijgergangs@ryfylkemuseet.no
eller ta kontakt med Janneke Wijgergangs, 911 12 973

Les meir om Industriarbeidarmuseet og Åbøbyen her

Ønsker du å jobbe og/eller bu på museumsgarden
Kolbeinstveit i sommar?

Kolbeinstveit er ein levande museumsgard med vertskap som driv garden i sommarsongen. På garden arrangerer vi ulike aktivitetar, konsertar, kurs, omvisingar, foredrag og leiker gjennom heile sommaren. Vi har også to utstillingar i løa; ein om livet på garden og sommarutstillinga for 2017 om flettehandverk, Viva Basket.

Som museumsvert har du mange forskjellige oppgåver: du tek imot gjester, formidlar historia om Kolbeinstveit, serverer lokal tradisjonsmat, steller dyra, rigger og rydder, held orden på tunet og har ansvaret for anlegget i sommarsesongen.

Vi søkjer deg som er imøtekommande, raus med informasjon, er interessert i og likar å formidle kulturhistorie og organisere aktivitetar. Gode språkkunnskapar er ein fordel. Du har sans for orden, og må kunne ta i eit tak. Du er fleksibel og serviceinnstilt, kan jobbe sjølvstendig, men er også samarbeidsvillig.

 

Vi søkjer både vertar som jobbar dagtid og helger, og ein eller to personar som vil bu på Kolbeinstveit i sommarsesongen. Stillinga som buande vertskap passar godt for ein eller to vaksne som ynskjer å bruke anten deler eller heile sommaren på ei oppleving utanom det vanlege.

Ope 20. juni-21 august, dagleg.

Har du erfaring med dyr/gardsarbeid, museum eller kafédrift er det ein fordel, men opplæring blir gitt. Lønn etter avtale.

Søknadsfrist: 19. mars

Er du ute etter ei spennande oppleving i sommar og kan tenkje deg å jobbe med museumsarbeid og dyr i flotte omgjevnadar, send søknad med CV til janneke.wijgergangs@ryfylkemuseet.no eller ta kontakt med Janneke, 911 12 973 for meir informasjon.

Les meir om Kolbeinstveit her

Museumsvertar til Nesasjøhuset

Nesasjøhuset er Ryfylkemuseet sitt administrasjonssenter og ligg på Sand. Her har vi to utstillingar, Mitt Ryfylke og den interaktive barneutstillinga Kvitebjørnen. I tillegg har vi museumsbutikk og kafé med enkel servering på huset. Arbeidsoppgåvene vil være å ta i mot besøkande, informere om utstillingane og anlegga våre, selge billetter og betjene museumsbutikken, ha ansvar for kafeen og diverse førefallande arbeid.

Vi søkjer deg som er imøtekommande og tek godt imot gjester og besøkande. Du er utadvendt, likar å formidle og er serviceinnstilt. Har gode norsk og engelskkunnskapar. Andre språkkunnskapar er ein fordel ettersom vi har mykje turistbesøk i sommarsesongen. Du må kunne jobbe sjølvstendig, ha sans for orden og være fleksibel mtp arbeidsoppgåver. Lokalkunnskap om Ryfylke og musea sine anlegg er ein fordel, men ikkje påkrevd.

Opplæring blir gitt. Lønn etter avtale.

Sjå her for meir info om Nesasjøhuset

Søknadsfrist: 19. mars

Send søknad med CV til janneke.wijgergangs@ryfylkemuseet.no
eller ta kontakt med Janneke Wijgergangs, 911 12 973

Sommarvert på Litunet

Til ein av dei vakraste stadane i Suldal søkjer vi vertskap for sommarsesongen. Litunet ligg høgt opp i lia og har ei fantastisk utsikt over Hylsfjorden. Tunet er eit klyngetun og har 13 bygningar frå 1700- og 1800-talet. Vi søkjer vertskap som tek i mot grupper og besøkande, og som gir omvisingar. Andre arbeidsoppgåver er å selje billettar, selje og servere kaffi og vaflar, organisere aktivitetar, halde orden og ta tak i førefallande arbeid.

Du må være interessert i kulturhistorie, være flink å formidle, imøtekommande, serviceinnstilt og kunne jobbe sjølvstendig. Arbeidstid etter avtale.

Som vertskap på Li får ein også høve til å bu på garden. Stovehuset er modernisert og eit opphald som museumsvert på Litunet kan være ei eventyrleg sommaroppleving for ein eller to sjølvstendige vaksne personar.

Opplæring blir gitt. Lønn etter avtale.

Søknadsfrist: 19. mars

Send søknad med CV til janneke.wijgergangs@ryfylkemuseet.no
eller ta kontakt med Janneke Wijgergangs, 911 12 973 for meir informasjon

Les meir om Litunet her