Vel stad

AKTUELT

LÆREPROSJEKT FOR TEKNISK BYGNINGSVERN

Restaurering av tørka i Viga

Museumsgarden Viga er Ryfylkemuseet sitt museumsanlegg i Hjelmeland kommune.  Tunet blei etablert på noverande stad i utskiftanga i 1821. Det var i bruk fram til 1955 då eigaren bygde nytt stovehus i utkanten av tunet. Løa var i bruk fram til 1970-talet. Det har vore museumstun sidan 1970. Museumsgarden består av stovehus, folgehus, løe, eldhus, stabbur, do og maskinhus. Ved sjøen er der naust, og borte ved bekken står det eit kvernhus og ei tørke. Det er ein typisk bygningsmasse for ein normalt stor gard i Ryfylke, og bygningane representerer den lokale byggeskikken med sine stavreiste (grind) uthusbygningar og hellelagde tak. Gode studieobjekt. Frå 2009 og fram til i dag har museet gjort omfattande restaurering av bygningane, så nær som kvernhuset og tørka. I mellomtida er tørka rast saman. Det er denne me no vil bruka som læreobjekt for studentane i teknisk bygningsvern. Målet er å restaurera bygningen.

Tørka
Tørka er bygd med to reis, der stavane står på hanstein og stabbesteinar. Det er gjort oppmåling av plan i 1973 av Stein Schjelle. Ryfylkemuseet har ikkje gjort nærare dokumentasjon av bygningen, men mest sannsynleg er det ein lokal, tradisjonell stavkonstruksjon med 4 stavar bunde saman med slinder til 2 reis, og stiva av med kroband. Reisa er bunde saman i lengderetning med stavlegjer. Avstivinga her er truleg frå stav til stav. Sperra kvilar på stavlegja med hakk. Taket er tekka med teglstein på eine sida, og bølgeblekk på andre sida. Ho kan ha vore tekka med heller tidlegare. Her er ståande kledning med over- og underliggande ukanta bor i fallande breidder.

Innreiinga var inntakt, og vil truleg vera muleg å restaurera på bakgrunn av funn på staden og oppmålingsteikninga til Schjelle.

Tema for samlingane og organisering
Instruktør:         Tradisjonshandverkar Mangor Bårdsen
Prosjektleiar:     Bygningsantikvar på Ryfylkemuseet Grete Holmboe
Hjelparar:          Grunneigar Tor Helge Hegland
Museumshandverkar Kjell Johnsen
Lærling Ådne Fermann

Samlingsveke 1. 3. – 7.april 2017
Tilstandsvurdering, dokumentasjon, søk etter kjelder, verktøyspor og bruksspor, oppmåling. Plan for tiltak.

Samlingsveke 2. 8. – 12.mai 2017
Kopiering av delar av bygget, gjenreising og fullføring.
Øksing av nye delar. Tilpassing av gamle delar. Montering i Viga.
Bordkledning. Taktro og taktekking.
Stad: Ryfylkemuseet sin stålhall på Sand.
Montering i Viga.

For meir informasjon: Grete Holmboe 48001359 eller grete.holmboe@ryfylkemuseet.no

VI TAKKAR GRETE HOLMBOE FOR INNSATSEN

I dag er det Grete Holmboe sin siste arbeidsdag ved Ryfylkemuseet før ho går av med alderspensjon, og takkar av som leiar for avdeling for bygningsvern. Dei tilsette ved museet markera dette med kaker, gåver og helsingar i går.

Bygningsvernet har vore eit satsingsområde for Ryfylkemuseet sidan oppstarten i 1981, men det var først i 1995 at museet kunne starte eit større bygningsvernprosjekt med dokumentasjon av byggeskikk og bygningsvern i Ryfylke, som då førte Grete inn på museet. Resultata frå prosjektet vart publisert i ein eigen rapportserie og i museet si årbok «Folk i Ryfylke 2001». Byggeskikkprosjektet fekk hederleg omtale frå Statens kulturminneråd med tildeling av diplom til Ryfylkemuseet under utdelinga av Statens kulturminnerådspris for 2001.

avdeling for bygningsvern vart oppretta ved Ryfylkemuseet i 2002 fekk Grete fast stilling i 100%. Ho vart då leiar for ei bygningsavdeling med ein fast handverkar og ansvar for 58 bygningar. Utover 2000-talet auka avdelinga til tre faste handverkarar og museet si bygningssamling har stige til 85 bygningar med smått og stort.

Grete brenn for bygningsvernet! Ho har vore ein pådrivar for bygningsvern i kommunane, men òg gjennom rådgjeving til privatpersonar. Engasjementet hennar har ført til ulike verv lokalt, nasjonalt og internasjonalt for bygningsvernet: Ho har lenge hatt engasjement i Fortidsminneforeininga og vore ein sentral aktør i arbeidet for det nasjonale byggnettverket for norske museum, som har vore leia av Ryfylkemuseet. Grete har nytta eit kvart høve til å fremja bygningsvernet som eit viktig satsingsområde på regionale museumsmøte og ho har vore aktiv i det internasjonale museumsforbundet, ICOM, sitt nettverk for historiske hus (DEMHIST).

Ho har engasjert seg sterkt for utdanning innan byggfaget. For den vidaregåande skulen har Ryfylkemuseet tatt imot praksiselevar og lærlingar, og på nasjonalt plan har Grete vore med i arbeidet med å starte opp Bachelorstudiet i Tradisjonshandverk ved NTNU, kor Ryfylkemuseet vil vera ein lærearena og har to studentar idag.

Grete sitt glødande engasjement og store arbeidskapasitet har også vist igjen i fleire sider av museumsdrifta: Det har kome eit imponerande tal med publikasjonar og artiklar frå Grete, ho har halde ei rekkje foredrag, hatt ansvar for utstillingar og utsmykking på anlegga, arrangement og mykje meir. Då Ryfylkemuseet start opp med Internasjonal kafè for over 10 år sidan var også Grete ein av pådrivarane i dette arbeidet.

Grete hadde eigentleg planar om å gå av pensjon i fjor, men då museet fekk 6 millionar i sysselsettingsmidlar frå Kulturdepartementet, valde ho å verta eitt år til slik at vi kom vel i hamn. Dette er vi svært glade for! Grete heiv seg rundt og takla organiseringa av totalt 20 handverkarar på åtte ulike anlegg i løpet av året! Ho etterlet seg ein bygningsarv der fleire anlegg no står og skin.

Statens kulturminnevern skreiv på diplomet i 2001: «prosjektet kan være til inspirasjon og etterfølgelse for arbeidet med bygningsvern i andre deler i landet». Det vil vi påstå at Grete sitt arbeid har lagt eit solid grunnlag for, og for at Ryfylkemuseet idag har ein kulturarv som vi stolt kan føre vidare!

Vi vil takka Grete for innsatsen og ønskje ho til lukke som pensjonist, men er også glade for at Grete skal fortsetta i 20% som «seniorrådgivar», som ho sjølv kallar det, for museet ei tid framover.

RAPPORT OM MUSEAS MØTE MED KLIMAUTFORDRINGANE

PROSJEKT OM KLIMAUTFORDRINGANE

Byggnettverket og Håndverksnett har i perioden september 2015 til januar 2017 gjennomført prosjektet «Felles innsats for å møte klimautfordringane». Prosjektet er finansiert gjennom støtte frå Norsk Kulturråd og  seks fylkeskommunar.

Musea forvaltar kring 5 000 bygningar. Men mange av musea er på etterskot med vedlikehaldet alt før klimaendringane gjer jobben tøffare.

Klimaendringane aukar risikoen for vassinntrenging i bygningar, flaum, groing, sopp, rote, angrep av skadedyr, korrosjon og frostsprenging. Det er aukande fare for lekkasjar og brå skadar. Ein lengre vekstsesong gir attgroing og eit endra kulturlandskap.

Musea har for små ressursar til å møte eit veksande behov for vedlikehald og det er behov for å styrke kunnskapen om materialar, verktøybruk og arbeidsmetodar. God kunnskap om tradisjonshandverk ser ut til å vera den beste måte å møte utfordringane på.

Kunnskap om tradisjonelle byggemåtar og bruk av kortreiste materialar kan gi viktige bidrag til meir klimavennlege løysingar også i nye hus.

Her er rapporten.

GLADMELDING FRÅ KULTURDEPARTEMENTET

GLADMELDING FRÅ KULTURDEPARTEMENTET

Kulturdepartementet løyver nye middel til vårt arbeid med kvardagsintegrering, og tildeler oss ein eingongssum på 300 000 kr. Døme på vårt arbeid med integrering i kvardagen er Internasjonal kafè, eit sosialt arrangement vi driv i samband med Introtenesta i Suldal kommune. Kafeane er eit lavterkseltilbod der målet er å samle folk busett i Suldal og omeign til uformelt sosialt samvær. Kvar kafè har ein programdel – det kan være alt frå spelekveld, open mikrofon, og programinnslag slik som dansekurs eller konsert. I tillegg stiller frivillige opp saman med introdeltakarane og lagar nydeleg internasjonal mat, medan andre frivillige bakar kaker til kaffien.

Småbarnskafè er også eit tiltak som er tufta på tanken om kvardagsintegrering. Kafeen går av stabelen ein gong i månaden og samlar små og store i Kvitebjørnen, utstillinga i 3.etasje på Nesasjøhuset. Er ein heime i permisjon eller heimeværande med små, kan det være kjekt å treffe andre i same situasjon. Kafeen er eit gratis tilbod til alle småbarnsforeldre.

Prosjektet Barn i bygda omhandlar også integrering, og vart starta i august i fjor. Utfyllande rapport om prosjektet kjem når det er ferdigstilt.

 

Fotografiet er frå Internasjonal kafe, våren 2016

KLIMAUTFORDRINGAR FOR MUSEA

VARMT OG VÅTT KLIMA TRUGAR BYGNINGSARVEN

Historiske bygningar råtnar i eit stadig våtare og varmare klima. Vår tidlegare direktør, Roy Høibo, leiar eit klimaprosjekt i regi av museumsnettverkene i Norge, og rapporten hans viser at omtrent halvparten av dei historiske bygningane i musea si eie/forvalting er i så dårleg stand at dei treng ei eller anna form for rehabilitering. Her kan du lese om prosjektet, og du kan høyre Roy snakke om klimautfordringane om du følger denne lenkja

I Ryfylkemuseet si årbok for 2016, Folk i Ryfylke,  har Roy skrive ein artikkel, Klimaet trugar bygningsarven,  om temaet.

 

 

INDUSTRIARBEIDARMUSEET I NY HAM

FERDIGSTILLING AV STORT OPPUSSINGSPROSJEKT I SAUDA

Oppussingsarbeidet i Industriarbeidarmuseet er ved å ferdigstillast for denne gong. I 2015 vart det kjent at Ryfylkemuseet vart tildelt 6 millionar kroner frå Kulturdepartementet. Pengane var øyremerkte restaurering og ivaretaking av kulturhistoriske bygg. Av midlane har omtrent 2,5 millionar blitt brukt i Sauda kommune, mellom anna på nytt tak på stovehuset på Jonegarden på Hustveit. Størstedelen av pengane, vel 2 millionar kroner, har gått med til oppussinga av Industriarbeidarmuseet som ligg i Håkonsgaten 51 og 53 i Åbøbyen. Tilskotet har blitt brukt til å skifte utvendig kledning, restaurere vindauga, legge om taket, nytt stakittgjerde, utvendig måling av bygget, og innvendig måling av veggar og tak. Midlane har sysselsett fleire lokale firma i tillegg til fleire prosjekttilsette som har jobba i lag med museumshandverkarane.

Sjølv om restaureringa nærmar seg ferdigstillling er det framleis ting som bør gjerast på adressa. Av det som kjem til å bli prioritert i næraste framtid er utviklinga av ei ny utstilling i første etasje i museet.

FOLK I RYFYLKE 2016

ÅRBOK 2016: FOLK I RYFYLKE UTE FOR SAL

Årboka vår er rykande fersk og ute for sal i museumsbutikken vår på Sand! Artiklane i år er ikkje underordna eit tema, men tar utgangspunkt i det mangfaldige arbeidet Ryfylkemuseet gjer. Med titlar som «All verdas takkebakst», «Kjønnsnormer og sosiale kodar i leik», «Fjøløy fort», «Modernismen kom til Ryfylke», «Klimaet trugar bygningsarven», «Restauration, det første norske utvandringsfartøyet» og «25 år med song, spel og dans» håpar vi her finst noko for ein kvar.

Pris kr 300,-

NB! Medlemmar i venneforeininga får boka gratis tilsendt i posten.

JUL PÅ MUSEET

JUL PÅ MUSEET

25. oktober 2016

Opningstider på Nesasjøhuset i desember
Vi har ope i utstillingane og i museumsbutikken
kvardagar kl. 9-16
laurdagar kl. 10-16
Nattope torsdag 1 og 15.12 kl. 9-19
Lille julaftan 23.12, kl. 9-12
Romjula, 27-30.12, kl. 11-15
Vi held stengt på Julaftan og Nyttårsaftan.

 

På Nesasjøhuset stiller vi ut nokre gamle julekort. Den vesla utstillinga vil stå frå 26. november og ut året.
«Jolegleda! Nyårs-sæla!»
Utstilling av gamle julekort

I juletida arrangerar vi nissekveldar

Tysdag 29. november, kl. 18.00
Nissekveld: Jul i Viga, i samarbeid med Hjelmeland Ungdomsteater
Billettsal i døra

Onsdag 30. november, kl. 16.00 og kl 18.30
Nissekveld på Kolbeinstveit
Billettsal på Nesasjøhuset

Torsdag 1. desember, kl. 18.00
Nissekveld på Jonegarden på Hustveit
Billetsal i døra

Tysdag 6.desember, kl 18.00
Nissekveld på Håland
Billetsal i døra

I desember når handelsstanden har nattope på Sand inviterer vi til

Torsdag 15. desember, kl. 18.00
Eventyrstund i Kvitebjørnen

 

BYGGNETTVERKSMØTE JÆRMUSEET 2016

BYGGNETTVERKSMØTE JÆRMUSEET 2016

20. september 2016

Dei nasjonale nettverka, Handverksnettet og Byggnettverket, hadde fellessamling på Jærmuseet 7. – 8.september 2016. Tema for samlinga var utfordringane våre med klimaendringane.

På møtet blei det vedtatt å slå nettverka saman til eit Byggnettverk, som står for bygningsvern og handverkskompetanse på museum.

På bilde:
Aud Motland (øverste bilde)
Stovehuset på Hå gamle prestegard (bilde til venstre)
Garborgsheimen (bilde til høyre)

NYBRUA I ULLADALEN

NYBRUA I ULLADALEN

19. september 2016

Me gratulerer Suldal sogelag og alle vener av Ulladalen med den gjenreiste Nybrua i Ulladalen.
Takk for samarbeidet.
Alltid gildt å få jobba i lag med Steinar Moldal.

Foto: Steinar Moldal.

KVA SKJER? I SEPTEMBER?

KVA SKJER? I SEPTEMBER?

9. september 2016

Neste veka har vi mykje på kalendaren vår. Her er ei oversikt over planlagte arrangement.

Tysdag 13.09, kl. 12: Foreldre og småbarnskafé
Nesasjøhuset, Sand

Onsdag 14.09, kl. 18: Internasjonal kafé med konsert, i samarbeid med Introtjenesta i Sauda
Sauda Vidaregåande Skule

Torsdag 15.9, kl. 18: Internasjonal kafé med konsert, i samarbeid med Introtjenesta i Sauda
Nesasjøhuset, Sand

Laurdag 17.09, kl. 13: markering av Kulturminnedagane med bl. anna foredrag om å Slå med ljå. I samarbeid med Hjelmeland Sogelag og Folkeakademiet Hjelmeland.
Viga, Hjelmeland

Om du trykker på Kva Skjer øverst på sida får du opp eit oversikt med det som skjer framover.

NY BOK OM MUSEER SOM AKTIVE SAMFUNNSAKTØRER

NY BOK OM MUSEER SOM AKTIVE SAMFUNNSAKTØRER

11.aug.2016

Museer opptrer i dag i økende grad som aktive aktører som vil bidra til en positiv samfunnsutvikling. Kritiske spørsmål til etablerte sannheter blir stilt, samfunnsaktuelle utfordringer løftet frem og glemte stemmer blir presentert. Her jobber museene ofte sammen med lokalbefolkningen om ulike tema, og personlige beretninger fra enkeltpersoner er viktige bidrag. Arbeidet er fortsatt nytt og krevende på flere plan, og som museumsansatt kan man støte på mange ulike etiske utfordringer.

Norsk ICOM, som representerer museenes profesjonssammenslutning The International Councils of Museums  (ICOM) her i landet, har publisert ei bok med artikler som både oppsummerer status quo i Norge i dag og gir innblikk i arbeidet bak kulissene i fire utvalgte museer, Perspektivet Museum, Ryfylkemuseet, Gjenreisningsmuseet og Glomsdalsmuseet.

Boka kan lastes ned gratis som norsk og engelsk versjon.

OPNINGSTIDER SOMMAR 2016

OPNINGSTIDER SOMMAR 2016

15. juni 2016

Her finn du opningstider for våre sommaropne anlegg. Velkommen på besøk!
Hugs at medlemmar i venneforeininga til Ryfylkemuseet får gratis inngang til alle våre anlegg (gjeld alle besøk utanom aktivitetsdagar).

KVITSØY

Kvitsøy Hummermuseet
Ope i sommarsesongen og i hummarsesongen:
Juni: søndag 12., 19., 26. kl 13-16
Juli: laurdagar og søndagar kl 13-16
onsdag 13. juli kl 13-16
August: søndagar til 14. august og onsdag 10. august kl. 13-16
Oktober: søndagar kl. 13-15

HJELMELAND

Viga
2.7 – 14.8: kvar torsdag t/m søndag kl. 12-16
onsdag 20.7 kl. 12-15
laurdag 20.8 og søndag 21.8, kl. 12-16
Aktivitetsdag onsdag 20. juli
Marknadsdag laurdag 7. august

SULDAL

Nesasjøhuset
1.6-31.8 kvardag kl. 10-17 (22.6-16.8 kl. 10-18)

Kolbeinstveit
25.6-14.8, kvardag 11-17
Laurdag 2. juli: leikdag og utstillingsopning, konsert
Laurdag 9. juli: verkstad nålebinding
Laurdag 16. juli: verkstad farging av garn med  planter
Laurdag 23. juli: lesestund i høyet
Laurdag 30. juli: fotostudio
Laurdag 6. august: marknadsdag

Litunet
frå 6. juli til 31. august: onsdag t/m søndag kl. 12-16
(stengt 14-17. juli og 30-31. juli)

Jelsa
Laurdag 16. juli: Jelsadag, kl 11.30 guiding med Øystein Haga
23/7-14/8: laurdag og søndag kl 12-15

Røynevarden
Ope og fritt tilgjengeleg døgnet rundt. Utstilling om husmannsplassen og nydeleg utstiktspunkt/nisteplass

Brødrene af Sand
Båten ligg på Finnøy for omfattende restaureringsarbeid.

SAUDA

Hustveit
Ope og fritt tilgjengelig døgnet rund. Det er ein utstilling i løa og eit flott turområde.

Industriarbeidarmuseet
Stengt pga restaureringssarbeid

FORSAND

Flørli Krafstasjon
Vandreutstilling Kraftfull kultur, Linjer i landskapet og Vannets veier

RYFYLKEDAGANE 2016

RYFYLKEDAGANE 2016

07. juni 2016

Fantastisk konsert med Sharon Shannon og Alan Connor på heilt utruleg flotte Ryfylkedagar! Tusen takk alle samarbeidspartnarar både profesjonelle og frivillige som gjorde dette mogleg. Dette var stort å få vera med på.

Her er ein video som Suldalsposten har laga frå kvelden.

 

UTSTILLINGAR PÅ NETT

UTSTILLINGAR PÅ NETT

25. april 2016

«Kraft og mangan. Foto frå kraft- og industriutbygginga i Sauda» heiter ei nettutstilling som Ryfylkemuseet har publisert i dag. Utstillinga ligg på nettsida til Fotonettverk Rogaland, sjå her. Der ligg også ei anna nettutstilling vi har laga, om fotosamlinga etter Alice Archer, sjå her, saman med andre nettutstillingar frå museum i Rogaland og anna interessant fotohistorisk stoff.

MOSTERØY BYGDEMUSEUM PÅ NETT

MOSTERØY BYGDEMUSEUM PÅ NETT

13. april. 2016

Mosterøy bygdemuseum si samling på 350 gjenstandar vart for eit par år sidan flytta frå dårlege lokale på loftet på gamle Mosterøy skule til Ryfylkemuseet sitt klimastyrte magasin på Åmøy. No har gjenstandane vorte skikkeleg katalogiserte og fotograferte i eit samarbeid mellom museet sine folk og folk frå Samlingsteam Rogaland. Skjemaopplysningar og foto av gjenstandane kan om ikkje lenge finnast på nettstaden Digitalt Museum. Det var Olav Sunnanå som stod i spissen for innsamlinga av gjenstandar i gamle Mosterøy kommune. Det skjedde i sommarferiar i løpet av 1950-åra. Dei innsamla gjenstandane vart først plasserte i eit stabbur på Dysjaland, på garden til Lars Ramndal. Ein gong på 1980-talet vart dei flytte til skulehuset, og i 2014 vart dei sette inn på Åmøy. Der er dei lite tilgjengelege for folk, men publikum kan få gode opplysningar om dei via internett.

FEIRA BYGDA DANSAR - OPPSTART

FEIRA BYGDA DANSAR – OPPSTART

5. april 2016

Laurdag 2. april feira Folkemusikkarkivet for Rogaland, Ryfylkemuseet, oppstarten av Bygda dansar Rogaland til hausten ved å invitera til konsert, mat og dansefest på Folkets hus i Sandnes.

Publikum fekk høyra Vidar Skrede på gitar i samspel med ei rekkje andre Rogalandsmusikarar slik som Siri Dyvik (hardingfele), Håvard Ims (toradar) og Mark Laurenson (fele). Tove Solheim (hardingfele) spelte for oss, og me fekk sjå utdrag av ei høgaktuell skuleførestilling der streetdansar Sergei Medvedkov møter hallingdansar Ulf Arne Johannessen. Mathilde Øverland frå Norsk senter for folkemusikk og folkedans informerte om det komande Bygda dansar-prosjektet, og Åshild Vetrhus og Tove Solheim frå Ryfylkemuseet leia dei frammøtte gjennom kvelden med mellom anna ved små historiar om dans henta frå arkivet.

Det er no lyst ut totalt 150 % stilling knytt til Bygda dansar Rogaland, to dansefaglege stillingar på 50%, og ei administrativ, fast stilling i 100% der 50 % av denne er knytt til arbeidet med prosjekt i Rogaland.

Bygda dansar er eit nasjonalt folkedansprosjekt for ungdom mellom 15 – 19 år. Prosjektet vert gjennomført fylkesvis i samarbeid med lokale aktørar.

Folkemusikkarkivet for Rogaland, Ryfylkemuseet, har søkt om og fått prosjektet til Rogaland. Det vil gi dansefaglege stillingar på til saman 150 % i prosjektperioden, med oppstart i haust.

Prosjektet går over tre år og er finansiert av Kulturdepartementet og Rogaland fylkeskommune med totalt 3,45 millionar. Norsk senter for folkemusikk og folkedans eig og driv det.

Bygda dansar ønskjer å styrkje folkedans som kulturarv, kunstnarleg uttrykk og samværsform og knyta den lokale folkemusikken sterkare til dansen. Det er eit mål å stimulera til dans som sosial aktivitet og næring i regionen.

For meir informasjon sjå www.bygdadansar.no

Den lokale dansetradisjonen i Rogaland vil få eit ekstra fokus gjennom prosjektet. Prosjektet appellerer til ungdom med interesse både for det sosiale og det sceniske. Gjennom Bygda dansar blir ungdomane rettleia av profesjonelle instruktørar og utøvarar innan folkedans og formidling. Fleire som har vore med i tidlegare Bygda dansar-prosjekt som i dag lever som profesjonelle folkedansarar. Rogaland er det tiande fylket som får Bygda dansar- prosjektet.

TRADISJONSHANDVERK - TEMA SPONTAK

TRADISJONSHANDVERK – TEMA SPONTAK

4. april 2016

To av handverkarane våre er bachelorstudentar i tradisjonelt bygghandverk og teknisk bygningsvern ved NTNU. Denne veka er dei på Stiklestad og arbeider med spontak. Prosessen starta med å felle gran, før grana vart kappa i kubbar, kløyvt, kokt og stukke til spon. Til slutt er sponen spikra på taket. Du kan følge studiet sin blogg her.

NYTT FRÅ RYFYLKEMUSEET