PLANAR

VEDTEKTER

§1     NAMN

Namnet til stiftinga er Ryfylkemuseet.

Stiftinga Ryfylkemusèet blei skipa 25. november 1993 gjennom ei omdanning av foreininga Ryfylkemusèet og ved at eigedomar i eiga til foreininga gikk inn i stiftinga.

§2    FORMÅL

Museet er ein samfunnsinstitusjon som skal bidra til å ta vare på historia, særleg for tida frå reformasjonen og fram til i dag.  Museet vil, så langt det er forsvarleg, arbeide for at kulturminna blir verna og nytta der dei hører heime.

Ryfylkemuseet skal tilby kunnskap og opplevingar og skal bidra til ei positiv samfunnsutvikling i Ryfylke.

Museet er ein del av det nasjonale museumsnettverket og museumsstellet i Rogaland fylke, og skal følgje dei retningsliner, føringar og krav som styresmaktene stiller til det faglege arbeidet ved museet og til oppstilling av budsjett, rekneskap og for revisjon.

Museet skal samarbeide med lokale lag og institu­sjonar og med kommunale og fylkes­kommunale styremakter for å fremje det samla museumsarbeidet i regionen, og med andre region- og spesialmuseum om ansvars- og oppgåve­fordeling i eit regionalt og nasjonalt perspektiv.

§3    STYRINGSORGAN

Det høgste styringsorganet til museet er styret. Styret kan ha inntil 13 medlemmer som skal veljast på følgjande måte:

– Eitt medlem med varamedlem frå kvar av dei kommunane som har oppretta vertskaps- eller samarbeidsavtale med museet

– Eitt medlem med varamedlem oppnemnt av Rogaland fylkeskommune

– Inntil to medlemmar med varamedlemmer valde mellom medlemmar i venneforeiningane

– To medlemmar med varamedlemmer valde av dei tilsette

Medlemmene frå kommunane og fylkeskommunen blir oppnemnde for valperioden (fire år).

Medlemmane frå venneforeiningane og dei tilsette blir valde for to år om gongen.

Skifte av styret skjer i det møtet der det sitjande styret sluttbehandlar årsmelding og rekneskap for året som gikk.

Styret vel sjølv leiar og nestleiar for 2 år om gongen. Styret kan og velja eit arbeidsutval.

Styret skal leie verksemda i samsvar med planar, vedtekter og reglar fastsette i Lov om stiftingar og sørgje for forsvarleg rekneskapsføring og revisjon. Ei hovud­oppgåve for styret er å skaffe midlar til vidare utvikling og utbygging av museet og sjå til at museet held eit høgt kompe­tansenivå på dei museumsfaglege områda og at samlingane blir tatt vare på og forvalta på forsvarleg vis.

Innkalling til møte i styret skal vera skriftleg, og skje med minst ei vekes var­sel.  Styret blir kalla saman av leiaren eller når minst tre styremedlemmer krev det. Styret er ved­taksført når halvparten av styremedlemmene er til stades. Det som fleirtalet røyster for gjeld som vedtak. Står røystene likt, gjeld det som møtelei­aren har røysta for.

Fylkeskultursjefen har møte-, tale- og forslagsrett i styret.

Til å leie den daglege drifta og sekretærfunksjonane til styringsorgana skal det vera tilsett ein direktør med dei vitskap­lege kvalifikasjonane som blir kravd for konservator­still­ing. Direktøren har møte-, tale- og forslagsrett i styret, og skal førebu dei sakene som blir lagt fram for styret.

Styreleiaren, saman med dagleg leiar, pliktar stiftinga juridisk

§4    VENNEFOREININGAR

Det kan skipast venneforeiningar for Ryfylkemuseet eller for enkelte avdelingar.

Venneforeiningane har til formål å støtte verksemda ved museet og ved avdelingane. Venneforeiningane fastset sjølv vedtektene sine. For å få del i dei medlemsfordelane som museet kan tilby, må medlemmane betale ein av styret fastset kontingent til museet.

§5    GRUNNKAPITALEN

Grunnkapitalen er 200.000 kroner.

§6    OMDANNING

Omdanning av stiftinga skal skje etter Lov om stiftelser.

Vedtak om omdanning kan gjerast med tilslutning frå 3/4 av det valde styret. Før omdanning skal endringsforslag sendast kommunane og fylkeskommunen til uttale.

Rogaland Fylkeskommune skal godkjenne vedtektene og vedtak om oppløysing.  Ved eventuell oppløysing skal samlingane disponerast av Rogaland Fylkeskommu­ne i samar­beid med dei kommunane samlingane hører heime i.

Bli Medlem