Folk i Ryfylke 2020

Glimt frå museet er tittelen på årboka til Ryfylkemuseet for 2020.

Kva driv vi eigentleg med på museet? Det er eit spørsmål vi får ganske ofte, og det er ikkje så enkelt å svare på. Kort sagt, så skal museet ta vare på, auke og formidle kunnskap om historia og utviklinga til samfunnet vi lever i. Ei hovudoppgåve for kulturhistoriske museer er å bevare fysiske kulturminne som gjenstandar og bygningar, og den immaterielle kulturarven som ligg i handlingsboren kunnskap, tradisjonar, musikk, dans, språk og mykje meir til. For å kunne bevare og auke kunnskap, må vi både konservere, dokumentere, registrere, samle inn, forske, restaurere og øve. I tillegg skal vi formidle til både ungar og vaksne, både turistar og innbyggarar, både lokalt og digitalt. Mange fine ord og store ambisjonar – men svarar dette på spørsmålet? Å ramse opp mange oppgåver, verkar lite meiningsfullt. Difor har vi i år bestemt oss for å gi lesarane moglegheit til nokre djupdykk i enkelte område som tilsette i Ryfylkemuseet jobbar med. Dette blir, som tittelen på boka seier – glimt frå museet.


Pris kr 400,- (frakt kjem i tillegg).

Du kan kjøpe boka i museumsbutikken på Nesasjøhuset.
Bøkene kan også tingast her.

INNHALD

Desse artiklane finn du i årboka, i tillegg til årsmeldinga.


Året som gjekk som ein røyk – om å laga utstilling til Sauda Industriarbeidarmuseum; Ellen Bjerkan


MS Suldal – dokumentasjon og tolking; Sven Hoftun


Mat og integrering; Anette Opheim


Norgesglas til Nasjonalmuseet; Arp Schmidt


Endepløying – på liggande kledning; Kjell Gunnar Haraldseid og Sven Hoftun


 

Bli Medlem