Vel stad

PÅGÅANDE FORSKINGSPROSJEKT

BARN I BYGDA

Dokumentasjons- og dialogprosjektet «Barn i bygda», har som mål å betre kunnskapen om barndom og barneoppseding i fleirkulturelle bygdesamfunn, og å bidra til ein betre dialog mellom innvandrarfamiliar og offentlege tenestar i kommunane. Ryfylkemuseet håpar at dette vil betra integreringsprosessen av innvandrarfamiliar i bygdesamfunn. Museet har engasjert seg i integreringsarbeidet sidan dei første flyktningane kom frå Jugoslavia, og har difor nokre føresetnader for å etablere og formidle slik kunnskap. Prosjektet er støtta av Kulturrådet.

Dokumentasjonsarbeidet vil gå føre seg ved å intervjue foreldre og ungdommar med ulik kulturell bakgrunn i Ryfylke, deriblant innbyggjarar utan innvandrarbakgrunn. Me kjem også til å intervjue tilsette i det offentlege og frivillige som arbeider med barn og familiar, til dømes i helsevesenet, barnevernet, introduksjonstenesta, skulen og barnehagen.

Etter dokumentasjonsfasen vil me invitere til offentlege dialogmøter om korleis me kan betra integreringsprosessen av barn og familiar med ulik kulturell bakgrunn.

Prosjektet vil ha eit kulturhistorisk utgangspunkt der me skal søkja å dokumentere og forstå dei holdningane, handlingane, verdiane og normene me får innblikk i. Resultatet av prosjektet vil bli offentleggjort i ein rapport.

Prosjektleiar: Anette Opheim

Foto: Lise Bjelland. Illustrasjonsfoto – personane på bilete har ikkje noko med prosjektet å gjera.

BYGDEBØKER FOR GAMLE SULDAL KOMMUNE 

Bygdebokhistorikar Ernst Berge Drange held for tida på med innsamling av materiale til ei ny bygdebok for gamle Suldal kommune, nemleg «Suldal. Gardar og folk» (4 bind).

Hovudperspektivet i bygdebokarbeidet til Drange, har vore å sjå historia innafrå, med utgangspunkt i natur- og ressursgrunnlaget på kvar einskild gard. I tillegg til det vanlege, skriftlege lokalhistoriske kjeldematerialet blir det såleis gjort eit større feltarbeid i samband med bøkene.