OM SAMLINGANE

Den eine hovudrolla musea har er å vera samfunnsminne. Dette gjer vi gjennom å driva med innsamling, dokumentasjon, forsking og bevaring.

Innsamlings- og dokumentasjonsarbeidet ved museet har i stor grad vore knytt til særleg definerte prosjekt. Materialet frå desse prosjekta er i stor grad foto-, intervju- og arkivmateriale. Innsamlinga av gjenstandar har vore meir smålåten og mindre systematisk.

Spesielt for Ryfylkemuseet er at vi er tillagt oppgåva med å bygga opp eit folkemusikkarkiv for Rogaland, altså ei oppgåve som omfattar heile fylket. Sjå Folkemusikkarkivet for Rogaland.

BYGNINGAR

Ryfylkemuseet er eit unikt bygningsmuseum ved at dei fleste bygningane museet har tatt vare på står på sine opphavlege tufter, i sitt rette miljø. Dei er bevarte på rot. Ved dei fleste friluftsmusea er det slik at bygningar er blitt flytta til eit museumsområde der bygningane blir plasserte i eit kunstig miljø og lausrivne frå sine opphavlege omgjevnader og samanstilte med bygningar frå heilt andre stader.

Ryfylkemuseet forvaltar i dag kring 80 antikvariske bygningar, og er med det det største bygningsmuseet i Rogaland og mellom dei store bygningsmusea i landet.
Du kan lesa meir om bygningane og bygningsvernet ved Ryfylkemuseet under Bygningsvern eller på forsida der dei største anlegga er presentert.

FARTØY

Museet eig 12 mindre båtar og to fartøy – «Brødrene af Sand» og »Suldal».

«Brødrene af Sand»
Ryfylkejekt bygt på Dokkskar i Yrkjesfjorden midt på 1800-talet. Ho har vore heimehøyrande i Renensøy og på Sand. «Brødrene» vart innkjøpt til museet i 1997, og var ferdig restaurert ved Hardanger Fartøyvernsenter i 1999. Ho er ca. 15 meter lang og vel 5 meter breid. Du kan lesa meir om fartøyet under «Brødrene af Sand».

 

«M/S Dampen»
Rutebåt for passasjerar og gods på Suldalsvatnet, populært kalla Suldalsdampen. Bygd i 1885, var i drift til 1978. Sidan var venneforeininga eigar av Suldalsdampen til museet overtok båten i 2014. Museet arbeider med restaurering av båten.

M/S Dampen er 20,8 meter lang og 4,33 meter breidd.
Du kan lesa meir om fartøyet under «M/S Dampen».

GJENSTANDAR

Museet forvaltar gjenstandssamlingar som omfattar vel 20.000 gjenstandar.
Gjenstandssamlingane er breitt anlagde samlingar av reiskap og utstyr både frå bonde- og fiskarsamfunnet og frå industri og anlegg, og dessutan innbu frå heimar med ulike økonomiske og sosiale føresetnadar. Det er ikkje store samlingar, og det er ikkje samlingar av praktstykke, men det er samlingar som gir godt høve til formidling av kvardagslivet i Ryfylke dei siste to-tre hundreåra.

Hovuddelen av den magasinerte gjenstandssamlinga er plassert i fellesmagasinet for musea i Rogaland på Åmøy. Dei utstilte gjenstandane finst delvis i miljøavdelingane til dømes på Kolbeinstveit, og delvis i skiftande utstillingar og vandreutstillingar.

NATURHISTORISKE SAMLINGAR OG KULTURLANDSKAPSVERN

Ryfylkemuseet er i hovudsak eit kulturhistorisk museum. Men slik samlingane er lokaliserte ligg forholda godt til rette for å formidla samanhengar mellom kultur og natur. Det er særleg i Viga og på Hustveit vi har kome i gang med slikt arbeid.

I samarbeid med Norsk Genressurssenter og frivillige krefter i Hjelmeland er det bygt opp ein frukthistorisk hage med kring 130 tre av eldre eple-, pære- og plommesortar frå Ryfylke i Viga i Hjelmeland.

Gjennom samarbeid med Sauda kommune, Fylkesmannen i Rogaland og Nord-Rogaland og Sunnhordland friluftsråd har museet i lengre tid arbeidd med restaurering, tilrettelegging og skjøtsel av Jonegarden, det eine bruket på Hustveit i Sauda. Her er eit unikt naturområde som strekker seg frå fjorden og opp til høgaste heia. Potensialet for bruk til kultur- og naturhistorisk formidling, undervisning og friluftsformål er stort.

PRIVATARKIVSAMLINGA

Privatarkivsamlinga ved Ryfylkemuseet utgjer omlag 85 hyllemeter, og det er ein viss tilvekst år for år. Dette er arkivmateriale frå firma, foreiningar og enkeltpersonar i Ryfylke. Mesteparten av materialet skriv seg frå Suldal kommune. Noko av materialet er ferdig ordna, men det meste ikkje. Åtte avleveringar er blitt ordna. Dette utgjer 12 hyllemeter. Store arkiv er m.a. firmaarkiv etter R & T Rasmussen, Sand, Sand Meieri, Ryfylke folkehøgskule, Ulla-Førreanlegga og teikningsarkiv frå arkitektfirmaet Helland og Aarreberg i Sauda.

Interesserte kan gå igjennom arkivsaker på museet, men bruk av arkivet må avtalast på førehand. Det må betalast for kopiar.

FOTOARKIVET

Museet har ei fotosamling på vel 110 000 nummer. Av desse er om lag 13 000 eldre kulturhistoriske foto frå Ryfylke. Opplysningar om bilda er lagt inn i databaseprogrammet Primus. Ein stadig større del av fotosamlinga blir digitalisert og lagt ut på internett på nettsida DigitaltMuseum.

Elles er hovudelementa i fotosamlinga ulike spesialsamlingar av originallfoto, eigne opptak som dokumenterer arbeid og aktivitet ved museet og gjenstandsfoto.
Kopi av foto kan leverast mot betaling. Originale foto blir ikkje lånt ut. Sjå her for prisar.

ARCHER-SAMLINGA

Den største fotoskatten i Ryfylkemuseet sine samlingar er bilete etter Alice Archer. Ho var ein flittig amatørfotograf og tok mange bilete frå Sand, Suldal og andre stader i Ryfylke. Samlinga er digitalisert og eit utval kan sjåast på nett.

Archerarkivet er det eldste fotoarkivet eller fotosamlinga ved Ryfylkemuseet. Alice Lima Hay Murray Archer (1855-1936) og familien hennar frå Storbritannia ferierte i Suldal kvar sommar frå 1884 til første verdskrigen braut ut i 1914. Det var laksefisket i Suldalslågen som førte familien til Sand og Suldal. På Sand bygde dei «Rophaug», ein større sommarvilla.

Ryfylkemuseet har 7 album etter fru Alice Archer med til saman 633 positivar. Eit utval av Archerbilda finn du i ei nettutstilling her. Heile fotosamlinga etter Alice Archer er nå tilgjengeleg på Digitalt Museum. Der ligg også ei digital forteljing om familien Archer.

LYDARKIVET

Lydbandsamlinga ved Ryfylkemuseet tel ca. 1100 opptak. Nesten halvparten er opptak av musikk og song i folkemusikkarkivet. Den andre halvparten er intervju, og dei fleste av desse er også avskrivne. Intervjua på banda er resultat av planmessig innsamling av munnleg kjeldemateriale i samband med forskingsprosjekt som har blitt drivne ved museet.

Interesserte kan få rettleiing og høve til å høyre på lydkutt frå folkemusikkarkivet. Det er lurt å gjera avtale på førehand.

 

FILM OG VIDEO

Samlinga av video- og filmopptak er i alt på ca. 160 nummer. Vi har fire historiske filmar frå Suldal, fire smalfilmar og kring 150 videoopptak. Dette er opptak som dokumenterer aktivitet ved museet og folkemusikkarkivet, og her er fleire dokumentasjonsopptak frå bygging av Ulla-Førre-anlegga i 1970- 1980-åra.

BIBLIOTEKET

Museumsbiblioteket omfattar vel 3200 bøker, og er i hovudsak eit bibliotek for dei tilsette. Biblioteket kan nyttast av publikum i museet si opningstid, men bøker blir ikkje lånt ut.

Bli Medlem