VI TAKKAR GRETE HOLMBOE FOR INNSATSEN
RFF2017-013-010

VI TAKKAR GRETE HOLMBOE FOR INNSATSEN

I dag er det Grete Holmboe sin siste arbeidsdag ved Ryfylkemuseet før ho går av med alderspensjon, og takkar av som leiar for avdeling for bygningsvern. Dei tilsette ved museet markera dette med kaker, gåver og helsingar i går.

Bygningsvernet har vore eit satsingsområde for Ryfylkemuseet sidan oppstarten i 1981, men det var først i 1995 at museet kunne starte eit større bygningsvernprosjekt med dokumentasjon av byggeskikk og bygningsvern i Ryfylke, som då førte Grete inn på museet. Resultata frå prosjektet vart publisert i ein eigen rapportserie og i museet si årbok «Folk i Ryfylke 2001». Byggeskikkprosjektet fekk hederleg omtale frå Statens kulturminneråd med tildeling av diplom til Ryfylkemuseet under utdelinga av Statens kulturminnerådspris for 2001.

avdeling for bygningsvern vart oppretta ved Ryfylkemuseet i 2002 fekk Grete fast stilling i 100%. Ho vart då leiar for ei bygningsavdeling med ein fast handverkar og ansvar for 58 bygningar. Utover 2000-talet auka avdelinga til tre faste handverkarar og museet si bygningssamling har stige til 85 bygningar med smått og stort.

Grete brenn for bygningsvernet! Ho har vore ein pådrivar for bygningsvern i kommunane, men òg gjennom rådgjeving til privatpersonar. Engasjementet hennar har ført til ulike verv lokalt, nasjonalt og internasjonalt for bygningsvernet: Ho har lenge hatt engasjement i Fortidsminneforeininga og vore ein sentral aktør i arbeidet for det nasjonale byggnettverket for norske museum, som har vore leia av Ryfylkemuseet. Grete har nytta eit kvart høve til å fremja bygningsvernet som eit viktig satsingsområde på regionale museumsmøte og ho har vore aktiv i det internasjonale museumsforbundet, ICOM, sitt nettverk for historiske hus (DEMHIST).

Ho har engasjert seg sterkt for utdanning innan byggfaget. For den vidaregåande skulen har Ryfylkemuseet tatt imot praksiselevar og lærlingar, og på nasjonalt plan har Grete vore med i arbeidet med å starte opp Bachelorstudiet i Tradisjonshandverk ved NTNU, kor Ryfylkemuseet vil vera ein lærearena og har to studentar idag.

Grete sitt glødande engasjement og store arbeidskapasitet har også vist igjen i fleire sider av museumsdrifta: Det har kome eit imponerande tal med publikasjonar og artiklar frå Grete, ho har halde ei rekkje foredrag, hatt ansvar for utstillingar og utsmykking på anlegga, arrangement og mykje meir. Då Ryfylkemuseet start opp med Internasjonal kafè for over 10 år sidan var også Grete ein av pådrivarane i dette arbeidet.

Grete hadde eigentleg planar om å gå av pensjon i fjor, men då museet fekk 6 millionar i sysselsettingsmidlar frå Kulturdepartementet, valde ho å verta eitt år til slik at vi kom vel i hamn. Dette er vi svært glade for! Grete heiv seg rundt og takla organiseringa av totalt 20 handverkarar på åtte ulike anlegg i løpet av året! Ho etterlet seg ein bygningsarv der fleire anlegg no står og skin.

Statens kulturminnevern skreiv på diplomet i 2001: «prosjektet kan være til inspirasjon og etterfølgelse for arbeidet med bygningsvern i andre deler i landet». Det vil vi påstå at Grete sitt arbeid har lagt eit solid grunnlag for, og for at Ryfylkemuseet idag har ein kulturarv som vi stolt kan føre vidare!

Vi vil takka Grete for innsatsen og ønskje ho til lukke som pensjonist, men er også glade for at Grete skal fortsetta i 20% som «seniorrådgivar», som ho sjølv kallar det, for museet ei tid framover.

Bli Medlem