LANSERING AV RAPPORTEN BARN I BYGDA

LANSERING AV RAPPORTEN BARN I BYGDA

17. oktober kl. 18.00, legg Ryfylkemuseet fram rapporten «Barn i bygda» som handlar om barns oppvekstvilkår i fleirkulturelle bygdesamfunn, og baserer seg på eit dokumentasjonsprosjekt i Ryfylke støtta av Kulturrådet.

Arrangementet vil gå føre seg på Nesasjøhuset på Sand, og er ope for alle.

Litt om innhaldet i rapporten
Ryfylkemuseet har interessert seg for innvandringa sidan dei første flyktningane frå Bosnia-Herzegovina kom på 1990-talet. Museet har vore nysgjerrig på kva som skjer når folk frå mange forskjellige land, med ulik kultur og religion, buset seg i bygdesamfunn med ein homogen kultur og ei sterk kristen forankring. Ikkje minst har museet funne meining i å prøve og forstå oppvekstvilkåra til barn, og kva me gjer for å få til ei god integrering av barnefamiliar i det norske bygdesamfunnet.

Prosjektet «Barn i bygda» bygger på intervju med innvandrar, tilsette i det kommunale tenesteapparatet og frivillige som har engasjert seg i integreringsarbeidet. Tenestane som har vore involvert er: skule, introduksjonsteneste/flyktningteneste, barnevern, barnehage, frivilligsentral, NAV og helsestasjon. Intervjua har gått føre seg i fleire av kommunane i Ryfylke. Materialet dokumenterer aktuelle kulturelle prosessar i samfunnet, belyser viktige problemstillingar i integreringsarbeidet, og peikar på nokre utvegar til betre forståing av utfordringane og mulege løysingar.

Det er viktig å understreka at dette er eit lite prosjekt, det er eit forsøk på å få fram nokre stemmer og gi eit innblikk i ein situasjon, materialet er i liten grad tilstrekkeleg til å kunne komme med generaliserande konklusjonar. Det rapporten først og fremst gir eit innblikk i, er enkeltpersonar sine tankar og haldningar kring barneoppseding, og haldningar og erfaringar frå og om dei offentlege tenestane når det gjeld integreringsarbeidet.

Rapporten viser at det føregår mykje godt integreringsarbeid i kommunane i Ryfylke, men at det også er utfordringar å jobbe med. Til dømes ser det ut som ein ikkje lukkast heilt med å organisere arbeidet slik at erfaringar lett kan utvekslast mellom ulike tenester og etatar. Vidare syner rapporten at kunnskapen om innbyggjarane med innvandrarbakgrunn, er ganske varierande, og ikkje alltid tilstrekkeleg til å kunne møte dei på ein likeverdig måte samanlikna med innbyggjarar utan innvandrarbakgrunn. Skal me lukkast med integreringa, må me prøve å forstå kulturen til våre nye landsmenn, me må forstå den situasjonen dei er i, og me må prøve å forstå dei som enkeltindivid og ikkje putte dei i bås og gi dei roller. Ikkje minst må me som bur i bygdene frå før, utvikle ei evne til å reflektere over eigne haldningar og eigen kultur. Det å visa meir aksept og omsyn til det som blir opplevd som annleis, er ein av fleire føresetnader som blir trekt fram i denne rapporten for å få til ein god integreringsprosess.

Ei utfordring er å ha nok tid og ressursar til å kunne møte innbyggjarar med innvandrarbakgrunn på ein god måte. Fleire av informantane frå det offentlege fortel at utvegen til å delta på kurs og vidareutdanning kan vera svært avgrensa, og at dei lever under eit tidspress som gjer det vanskeleg å setje av nok tid til å møte innbyggjarar med innvandrarbakgrunn på ein likeverdig måte. Dessutan fortel fleire informantar at det er svært varierande kvalitet på tolketenestane kommunane nyttiggjer seg av, ei teneste ein er heilt avhengig av for å kunne sjå og forstå ein brukar med innvandrarbakgrunn som har avgrensa norskkunnskapar.

Bli Medlem