Norges glass

Norges glass

Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design har kontakta Ryfylkemuseet med førespurnad om å låne eit «Norgesglas» frå Ryfylkemuseet si samling. Norgesglaset som dei får låna finn vi i samlinga som knyter seg til Finnøy Bygdetun. Det nye Nasjonalmuseet i Oslo opnar i 2021, og publikum vil då finne Norgesglaset frå Ryfylkemuseet her: Glaset skal visast saman med andre gjenstandar som representerer etterkrigstidas optimisme og framtidstru, i eit rom som tek føre seg design og kunsthandverk frå perioden 1920-1950. Nasjonalmuseet sin seniorkurator dr. Denise Hagströmer fortel at museet er glade for å få låne eit så fint designobjekt frå Ryfylkemuseet.

Glaset frå Ryfylkemuseet si samling er frå ca. 1930 og er nemleg ganske unikt. Det har ikkje berre den originale bruksrettleiinga med seg, men i tillegg det originale klistremerket frå Drammens Glassverk på utsida. Desse klistremerkene vart veldig fort vaska av under sylteprosessen, noko som tyder på at glaset sannsynlegvis aldri har vore i bruk i sine omtrent 90 år.

«Det er mye vanskeligere enn hva man kanskje skulle tro, å få tak i hverdagsting som dette, fra nesten hundre år siden», fortel Hagstrômer. Dette eksemplaret er heller ikkje ei «hvilken som helst utgave», men ein original i god stand, med original etikett.

Norgesglasa kom på marknaden i 1902 etter at ingeniør Arne Ulstrup tok med seg et sylteglas av typen «Kilner Jar», heim til Norge frå ei USA-reise. Han fekk Hans Berg til å gjennomføre ein del endringar på forma på glaset;  særleg lokk-mekanismen blei forbetra, og produksjonen blei satt i gang på Drammens Glassverk. Norgesglaset blei med ein gang ein stor suksess, og allereie i 1908 blei 100.000 glas produsert. Seniorkuratoren frå Nasjonalmuseet forklarer at Norgesglaset er ein god representant for korleis vi i Norden ønska dei siste nyvinningane frå USA velkommen inn i den moderne heimen. –«Det har dessuten vist seg å ha en imponerende overlevelsesevne», seier ho.

Nokon lurar kanskje på kvifor og korleis ein låner ut gjenstandar frå museum: Det å låne gjenstandar frå kvarandre blant museum er ganske vanleg, og der er eigne system og rutinar knyt til slike utlån. For å unngå at ein gjenstand hamnar på avvege eller ikkje blir returnert, blir det oppretta ein forpliktande låneavtale som begge partar underteiknar. Dette er svært viktig, spesielt når det, slik som i dette tilfelle, dreier seg om eit utlån over lengre tid: 5 år

Bli Medlem