Nesasjøhuset

Nesasjøhuset

I Nesasjøhuset finn ein Kvitebjørnen (utstilling for barn) i 3. etasje, i 2. etasje har me omskiftande utstillingar (no KlimaKlokt) og i 1. etasje ligg museumsbutikken.


Utstillingane er opne

tysdag til fredag 10-15 etter avtale (ring oss på 91901026)

laurdag og søndag 10-17

Les mer
SMÅFUGLANE - Dansesamling for barn
Fra kr. 300

SMÅFUGLANE - Dansesamling for barn

Småfuglene er ein folkedansverkstad for barn frå 6 til 13 år. Instruktør denne gongen er Lars Fivelstad Smaaberg og dansespeler blir Håvard Ims.

Arrangementet vil vera i 2. etg på Tou Scene, og det vil serverest lunsj.


Frå klokka 15:00 til 16:00 vil det vera ein hentekonsert kor barna syner fram det dei har halde på med.


Arrangørar: Ryfylkemuseet // Folkemusikkarkivet for Rogaland, i samarbeid med Gorrlaus og Tou Scene. 

Les mer
Kurs i linoljemaling

Kurs i linoljemaling

Linoljemaling har vore brukt på bygningar sidan 1700-talet, og var vanleg i Noreg til ca. 1960. Gjennom dette praktiske kurset lærer du alle stega i utvendig maling av fasadar, frå klargjering, skraping og vasking til maling. Les mer
FUGLEN - Folkedansverkstad
Fra kr. 100

FUGLEN - Folkedansverkstad

Fuglen er ein folkedansverkstad for unge frå 13 til 25 år. Instruktør denne gongen er Silje Liahagen medan Åsmund Jøtun er dansespelar. Dei kjem til å læra bort hallingspringar, og ein kan rekna med at det blir god futt i føtene. Meld deg på og bli med på dans!

Om kvelden er det gorrlauskonsert på Loftet som ein kjem gratis inn på om ein har vore på Fuglen.

Silje Liahagen, Åsmund Jøtun og Lars Fivelstad Smaaberg vil halda ein såkalla dansekonsert, så her blir det mogleg å sjå ei ordentleg flott framsyning av det ein har lært på kurset. Etter konserten blir er det høg sannsynlegheit for meir dans, og fleire lokale spelemenn kjem til å spela. Hugs danseskoa!

Kom som du er eller ta med deg ein venn.

Ingen forkunnskapar er naudsynlege.  

Les mer
Kvitebjørnens snøfest - Gullingen/Mostøl

Kvitebjørnens snøfest - Gullingen/Mostøl

Fredag 1. mars inviterer Ryfylkemuseet og Visit Suldal til aktivitetsdag på Nesasjøhuset/Sand. Me lovar konkurransar og god stemning. Les mer
Folk på Fredag - 8. mars

Folk på Fredag - 8. mars

kl 18.00: BRUNSJ opnar

kl 19.00: Ida Collett Belle, AKKS Stavanger: "Likestilling i kultur- og arbeidsliv"

Heimefrå får me også bidrag; me får høyra Anne Lise Pedersen lesa dikt, og me får ein appell frå Amnesty.

Dette arrangementet er i regi av og i samarbeid med 8. mars-komiteen i Suldal.


kl 20.30: Systerspel v/ Benedicte Maurseth (hardingfele, forteljing, song) Birk Nygaard (scenografi, lys, videodesign)


Les mer
Kvitebjørnen
Fra kr. 100

Kvitebjørnen

Ei interaktiv utstilling for barn - GRATIS for barn under 18 år iflg m/betalande vaksen.

Les mer
Klimaklokt
Fra kr. 100

Klimaklokt

Klimaendringane vil påverka husa me bur i. Samstundes kan våre val og tiltak i husa gjera ein stor skilnad for klimaet i framtida.

Utstillinga «Klimaklokt!» handlar om dette.

Les mer
Industriarbeidarmuseet - Sauda
Fra kr. 100

Industriarbeidarmuseet - Sauda

Utstillinga fortel om korleis livet var for industriarbeidarar som jobba på fabrikken, korleis det var å vera husmor på denne tida, og korleis det var å veksa opp i her. Ì utstillinga kan ein og læra meir om fabrikken og om Åbøbyen.

Les mer
Olsok-marknad på Kolbeinstveit

Olsok-marknad på Kolbeinstveit

Klokka 12-16 inviterer me til marknadsdag på Kolbeinstveit! Folk frå og rundt Suldal vil vera på plass med sine produkt og vertane er klare til å visa fram garden. Gratis inngang

Les mer
Kolbeinstveit - Levande museumsgard med vertskap og gardsdyr
Fra kr. 150

Kolbeinstveit - Levande museumsgard med vertskap og gardsdyr

I sommarsesongen er Kolbeinstveit ein levande museumsgard med dyr og vertskap som tek i mot besøkande. Me tilbyr omvisingar, me serverer lokalmat og har ei fast utstilling i løa på garden.

Les mer
Hummermuseet Kvitsøy
Fra kr. 60

Hummermuseet Kvitsøy

Kvitsøy hummermuseum vart opna i 2013 og har utstillingar om hummarfisket, fiskenæringa og livet på øya. 


Ope i 2024 frå 17. juni til 11. august - tysdag til søndag 12.30-16.00

Les mer
Viga i Hjelmeland - Museumstun med frukthistorisk hage og utstillingar
Fra kr. 150

Viga i Hjelmeland - Museumstun med frukthistorisk hage og utstillingar

Viga er ei perle av ein museumsgard med høg kulturhistorisk verdi. Me reknar med at det har budd folk i Viga gjennom eit par tusen år. I området finst det fleire gravhaugar og det er gjort funn frå vikingtida. I skriftlege kjelder kan me følga garden heilt tilbake til 1500-talet.


Frå 3. juli til 11. august 2024 – ope onsdag, torsdag, fredag, laurdag og søndag 12-16

Les mer
Bli Medlem