Suldal
OLYMPUS DIGITAL CAMERA

M/S Suldal

også kalla Suldalsdampen eller berre Dampen
"MS Suldal" ofte kalt Suldalsdampen og/eller berre Dampen er eit passasjerskip som gjekk på Suldalsvatnet i Suldal. Skipet ble bygget i 1884. OPNINGSTIDER M/S Suldal ligg på Strandanes i båthuset der Omvising for grupper etter førespurnad KONTAKT Ryfylkemuseet Tlf (+47) 52 79 29 50, post@ryfylkemuseet.no MS Suldal har si eiga venneforeining

D/S og M/S ”Suldal”

I 1875 kom det veg mellom Sand og Suldalsosen.  Vegen førte til aukande trafikk oppover mot Øvre Suldal, til Røldal og vidare til Hardanger eller Telemark. Dei som skulle desse vegane, måtte skyssast frå Suldalsosen til Nesflaten på det tre mil lange Suldalsvatnet i robåtar. Tanken om ein dampbåt i rutefart på vatnet melde seg.

Det var den 13. august 1885, at dampbåten, som fekk namnet ”Suldal”, gjekk sin første tur på Suldalsvatnet.

Dampbåten D/S Suldal blei bygd av Stavanger Støberi & Dok.  Akter var det plysjtrekte benker mynta på fintfolk og turistar. Bygdafolket heldt seg i den meir kvardagslege salongen framme under bakken. Etter ruteplanen trong båten to timar på turen frå Osen til Nes, og hadde plass til to bilar. Billettprisen var frå 50 øre til 1 krone.

Trafikken auka, og det blei behov for meir bilplass på båten. Då vart bilferja ”Suldalsporten”  (bygd i 1939) sett inn frå Solheimsvik til Nes. M/S Suldal gjekk no berre i rute i perioder.

Bilferja gjekk sin siste tur på Suldalsvatnet 31. desember 1978. Då opna den nybygde Suldalsvegen langs Suldalsvatnet.

I 1979 overtok foreininga Suldalsdampen M/S Suldal. Båten hadde vore i drift i 93 år. Båten vart ombygd, og har seinare vore i drift på Suldalsvatnet som turistbåt.

Båten har stått på slipp på land sidan hausten 2010. Tilstanden til båten var då så dårleg at det krevdes større vedlikehald og investeringar

I 2013 gjorde Riksantikvaren vedtak om å gi M/S Suldal formell status som verna skip. Etter det har Ryfylkemuseet overtatt ansvaret for fartøyet.

Ryfylkemuseet jobbar no for å restaurera og tilbakeføre båten, med målet om at han skal komme på Suldalsvatnet igjen før 2030

Litt lesestoff og nokre lenker:

Bli Medlem