OPNINGSTIDER 2022
Omvisingar fredag, laurdag og søndag i juli kl. 12.00-14.00-16.00
Grupper (over 10 pers) må varslast på førehand til Suldal Vekst tlf 99563001
Omvisning for grupper etter førespurnad
PRIS
Kr 60, barn kr 30, familie kr 150
Gratis for medlemmer i Venneforeininga til Ryfylkemuseet
KONTAKT
Jelsa kyrkje og skulemuseum
Sandane 33, 4234 Jelsa
Ryfylkemuseet
Tlf (+47) 52 79 29 50, post@ryfylkemuseet.no
STRANDSTADEN
Jelsa er den best bevarte strandstaden i Ryfylke, og blei sommaren 2008 kåra til den mest idylliske plassen i Rogaland på NRK radio. Strandstaden har røter tilbake til 1600-talet då Jelsa var viktig som kyrkjestad og hovudsokn. I Jelsa finst i dag eit koseleg miljø av småhus frå 1700-talet med den vakre trekyrkja frå 1647 som nærmaste nabo.
SKULEMUSEET
I eit av desse små husa finn ein Skulemuseet «Den Riibergske Stiftelse». Skulehuset vart bygd i 1774 for midlar frå ei stifting oppretta av Marcille Riiberg i 1755. Skulen var både barneskule for barna på Jelsa, og den fungerte som gratis lærestad for to ungdommar om gongen i to år, slik at dei seinare kunne gå ut i bygdene som dugande lærarar i omgangsskulen. I over 40 år sendte Den Riibergske Skule ut lærarar i Ryfylke fram til lærarutdanninga i 1820 vart skrinlagt av økonomiske årsaker. Barneskulen heldt fram i huset til først på 1900-talet. Etter initiativ frå personalet ved Jelsa skule blei skulehuset restaurert og gjort om til museum i 1983.
Skulehuset på Jelsa er eit viktig skulehistorisk minne, men det er òg ein bygning som er viktig for sentrumsmiljøet, og som bidreg til å fortelje strandstadhistorie.
I sommarsesongen har vi omvisingar som omfattar både skulehuset og kyrkja på Jelsa. Oppmøte er i den vesle bua på strandstaden.
PÅ SKATTEJAKT MED MOBILEN I HANDA
Vil du veta meir om plassen du er på? Dra på oppdagingsferd med din eigen omvisar på mobilen.
Med vår gratis museumsapp Ryfylkemuseet blir du betre kjent med staden du er på, gjennom informasjon, historiar, bilete og forteljingar. La deg overraska.
I appen finn du skjulte historiar og skattar frå forskjellige stadar i Ryfylke, blant anna frå Strandstaden Jelsa. Husk å ta med appen når du drar på oppdagingsferd!
Appen er gratis og kan lastast ned her.
TILKOMST
Følg riksveg 517 Jelsavegen eller 686 Økstrafjordvegen til strandstaden.