25.02.2021 – Opningstider for Nesasjøhuset januar-juni 2021

Ordinære opningstider for publikum på Nesasjøhuset på Sand
Mondag: stengt
Tysdag: stengt
Onsdag: 12-15
Torsdag: 12-18
Fredag: 12-15
Laurdag: 12-15
Søndag: stengt

Vinterferieveka 27.2-7.3 held me ope kvar dag
Laurdag: 10-15
Søndag: 10-15
Mondag: 10-15
Tysdag: 10-15
Onsdag: 10-15
Torsdag: 10-18
Fredag: 10-15
Laurdag: 10-15
Søndag: 10-15

Påskeferieveka 27.3-5.4 held me ope kvar dag
Laurdag: 10-15
Søndag: 10-15
Mondag: 10-15
Tysdag: 10-15
Onsdag: 10-15
Skjærtorsdag: 10-18
Langfredag: 10-15
Påskeaftan: 10-15
1. Påskedag: 10-15
2. Påskedag: 10-15

 

Send inn di historie frå årets 17.mai

Send inn di historie frå årets 17.mai

Kvart år i over 100 år har 17-mai-toga gått i Ryfylke, med få unntak. Barnetog og folketog har trossa regn og snøvêr. Om bygda har mangla korps, har dei greidd å samle saman til 17.mai eller leigd inn. 17.mai er også eit samlande arrangement med mange menneske i sving. I år blir det annleis. Det å halde på tradisjonar betyr ekstra mykje for folk  – spesielt i krisesituasjonar. Når det ikkje blir 17.mai-feiring slik vi har tradisjon for i år på grunn av koronaepedemien, framhevar det endå tydlegare at me er i ein rar unntakstilstand.

Den 17.-mai feiringa vi har framføre oss nå, er historisk. Kulturhistorikarar og museum sit klare for å dokumentera alt som skjer. Ryfylkemuseet vil med dette oppfordra alle innbyggjarane i Ryfylke til å vera med på ein nasjonal dokumentasjonskampanje. Ideen med kampanjen er å invitera folk til å fortelja om sin 17. mai – korleis dagen vanlegvis har vore og korleis den har arta seg i dette uvanlege året. Saman kan vi skapa eit tidsbilete av stor verdi i dag og for framtida.

Feiringa av 17. mai er ulik frå stad til stad og person til person. Utan bidrag frå heile landet, er det ikkje mogleg å famna den rike floraen av 17. mai-tradisjonar. 17.mai er heile landet sin dag, og det vil vera eit tap om delar av landet og befolkninga ikkje er med.

Ryfylkemuseet vil med dette be om hjelp til å dokumentere 17.mai i Ryfylke:

  • Kva pleier du å gjere på 17. mai? 
  • Kva gjorde du 17. mai 2020? 
  • Send gjerne inn gamle og nye 17. mai-bilde! 

Innsamlinga går føre seg via denne sida:

https://minner.no/tema/17mai2020

Med ønskje om ein fin 17.mai til alle ryfylkingar.

Helsing frå Anna Ehrhardt/museumsdirektøren

Foto: frå ca 1945-60, Eigar: Astrid Rørvik. Digitalt Museum

 

Koronaviruset

Meir informasjon om våre opningstider grunna koronasituasjonen finn du her.

12.05.2020
Etter dei nye retningslinjene som vart offentleggjort sist veke ser vi på mogelegheita til forsiktig å opna nokre av anlegga våre etter 15. juni. Styret skal behandla saken om sommarsesongen 26. mai, etter den datoen vil vi offentleggjera våre planar for sommaren

21.04.2020
Styret vårt har nå formell vedtatt at vi skal holde våre anlegg stengt for publikum til 1.august. I praksis betyr dette at vi har avlyst sommarsesongen. Viss smittetiltaka blir letta etter 15.juni, vurderer vi enklare tilbod på nokre av våre anlegg i løpet av sommaren. Nye oppdatteringar blir lagt ut her etterkvart.

08.04.2020
I går kom regjeringa med nye retningslinjer til etter påske. For oss betyr det at vi må halda stengt til 15.juni, og sannsynlegvis lengre. Følg for med for nye oppdatteringar etterkvart.

16.03.2020.
Sjølv om vi har stengt våre anlegg så er vi tilgjengelige.
Lurar du på noko send oss gjerne ein epost til post@ryfylkemuseet.no, vil du snakke med oss så er vi tilgjengelige på tlf. mandag til fredag kl. 9-15.

Ta godt vare på deg sjølv og på dei rundt deg – på litt trygg avstand.

12.03.2020
På grunn av koronaviruset stenger vi alle våre anlegg, og avlyser alle arrangement ut april.

11.03.2020
I samband med koronaviruset vurderer vi våre arrangement fortløpande. Vi følgjer råd og retningslinjer frå FHI og kommunane.

Vi gjer merksam på at tiltak og endringar i programmet vårt kan komme fortløpande, og at arrangement kan bli avlyst.

Informasjon om dette blir delt på nettsida vår og på Facebook.

Ny leiar for bygningsavdelinga

Me har tilsett Simen Bie Malde som ny leiar for bygningsavdelinga. Simen er arkitekt, har vidareutdanning innan trearkitektur og byggjeskikk og har ei særinteresse for tradisjonshandverk. Han har også mykje erfaring med prosjektleiing og prosjektarbeid. Me gler oss til han byrjar hos oss i byrjinga av august.

Norges glass

Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design har kontakta Ryfylkemuseet med førespurnad om å låne eit «Norgesglas» frå Ryfylkemuseet si samling. Norgesglaset som dei får låna finn vi i samlinga som knyter seg til Finnøy Bygdetun. Det nye Nasjonalmuseet i Oslo opnar i 2021, og publikum vil då finne Norgesglaset frå Ryfylkemuseet her: Glaset skal visast saman med andre gjenstandar som representerer etterkrigstidas optimisme og framtidstru, i eit rom som tek føre seg design og kunsthandverk frå perioden 1920-1950. Nasjonalmuseet sin seniorkurator dr. Denise Hagströmer fortel at museet er glade for å få låne eit så fint designobjekt frå Ryfylkemuseet.

Glaset frå Ryfylkemuseet si samling er frå ca. 1930 og er nemleg ganske unikt. Det har ikkje berre den originale bruksrettleiinga med seg, men i tillegg det originale klistremerket frå Drammens Glassverk på utsida. Desse klistremerkene vart veldig fort vaska av under sylteprosessen, noko som tyder på at glaset sannsynlegvis aldri har vore i bruk i sine omtrent 90 år.

«Det er mye vanskeligere enn hva man kanskje skulle tro, å få tak i hverdagsting som dette, fra nesten hundre år siden», fortel Hagstrômer. Dette eksemplaret er heller ikkje ei «hvilken som helst utgave», men ein original i god stand, med original etikett.

Norgesglasa kom på marknaden i 1902 etter at ingeniør Arne Ulstrup tok med seg et sylteglas av typen «Kilner Jar», heim til Norge frå ei USA-reise. Han fekk Hans Berg til å gjennomføre ein del endringar på forma på glaset;  særleg lokk-mekanismen blei forbetra, og produksjonen blei satt i gang på Drammens Glassverk. Norgesglaset blei med ein gang ein stor suksess, og allereie i 1908 blei 100.000 glas produsert. Seniorkuratoren frå Nasjonalmuseet forklarer at Norgesglaset er ein god representant for korleis vi i Norden ønska dei siste nyvinningane frå USA velkommen inn i den moderne heimen. –«Det har dessuten vist seg å ha en imponerende overlevelsesevne», seier ho.

Nokon lurar kanskje på kvifor og korleis ein låner ut gjenstandar frå museum: Det å låne gjenstandar frå kvarandre blant museum er ganske vanleg, og der er eigne system og rutinar knyt til slike utlån. For å unngå at ein gjenstand hamnar på avvege eller ikkje blir returnert, blir det oppretta ein forpliktande låneavtale som begge partar underteiknar. Dette er svært viktig, spesielt når det, slik som i dette tilfelle, dreier seg om eit utlån over lengre tid: 5 år

Nye opningstider på Nesasjøhuset

Frå 1. januar endrar vi på våre opningstider på Nesasjøhuset.
Frå nå av kan du besøkja utstillingane våre, butikken og kafeen vårt både på laurdag og på søndag. Me har dermed ope på alle dagar i veka utenom mandag:
Nye opningstider:
mandag stengt
tysdag kl. 11-15
onsdag kl. 11-15
torsdag kl. 11-18
fredag kl. 11-15
laurdag kl. 11-15
søndag kl. 11-15
Me ønskjar gamle og nye besøkjande hjarteleg velkommen!

Haust på Ryfylkemuseet

haust på ryfylkemuseet 2019

Opningstider sommar 2019

I sommar held vi ope på fleire av våre anlegg. Her finn du oversikten over opningstider. I våre opningstider treffer du våre vertar, dei kan fortelja deg meir om våre anlegg. Om du besøker vår anlegg utenom opningstider kan du få vite meir om våre anlegg gjennom vår gratis nedlastbare app <Ryfylkemuseet>

SULDAL

SAUDA

  • Industriarbeidarmuseet
    26.06 til 23.08,  tirsdag, onsdag og torsdag kl. 13-16
    Byvandring i Åbøbyen opp mot Industriarbeidarmuseet: oppmøte på turistinformasjonen på Folkets Hus kl. 12.00. Etter byvandringa får ein besøke Industriarbeidarmuseet.
  • Hustveit
    Helårsope: fri tilgjengelig utstilling i løa og eit flott turområde.

HJELMELAND

KVITSØY

  • Hummermuseet
    juni (f.o.m.16. juni): søndager kl. 13:00-16:00
    juli: onsdager, lørdager og søndager kl. 13:00-16:00
    august (t.o.m.18. august): søndager kl. 13:00-16:00
    Hummersesong i oktober
    Søndager kl. 13:00-15:00

 

NYE OPNINGSTIDER 2019

NYE OPNINGSTIDER 2019

Frå 1. januar 2019 endrar vi på opningstidene på Nesasjøhuset, hovudsetet vårt på Sand.

Frå januar er utstillingane, butikken og kaféen ope kvar mandag til fredag kl. 11-15, og  kvar søndag kl. 11-15.

Me ønskjer gamle og nye kundar hjarteleg velkommen til ein tur innom søndagskaféen vår, vi har god kaffi og nysteikte vaflar.

Kontortida vår er uendra: mandag til fredag kl. 9-15

I skuleferier og på spesielle dagar utvidar vi opningstidene (følg med på våre kanaler).

NETTUTSTILLING OM RENNESØY

Nyleg har me overført ei gamal nettutstilling laga i samarbeid med Rennesøy kommune, til dei nye nettsidene våre. Utstillinga handlar om Rennesøy si historie, og de finn den her.

LANSERING AV RAPPORTEN BARN I BYGDA

17. oktober kl. 18.00, legg Ryfylkemuseet fram rapporten «Barn i bygda» som handlar om barns oppvekstvilkår i fleirkulturelle bygdesamfunn, og baserer seg på eit dokumentasjonsprosjekt i Ryfylke støtta av Kulturrådet.

Arrangementet vil gå føre seg på Nesasjøhuset på Sand, og er ope for alle.

Litt om innhaldet i rapporten
Ryfylkemuseet har interessert seg for innvandringa sidan dei første flyktningane frå Bosnia-Herzegovina kom på 1990-talet. Museet har vore nysgjerrig på kva som skjer når folk frå mange forskjellige land, med ulik kultur og religion, buset seg i bygdesamfunn med ein homogen kultur og ei sterk kristen forankring. Ikkje minst har museet funne meining i å prøve og forstå oppvekstvilkåra til barn, og kva me gjer for å få til ei god integrering av barnefamiliar i det norske bygdesamfunnet.

Prosjektet «Barn i bygda» bygger på intervju med innvandrar, tilsette i det kommunale tenesteapparatet og frivillige som har engasjert seg i integreringsarbeidet. Tenestane som har vore involvert er: skule, introduksjonsteneste/flyktningteneste, barnevern, barnehage, frivilligsentral, NAV og helsestasjon. Intervjua har gått føre seg i fleire av kommunane i Ryfylke. Materialet dokumenterer aktuelle kulturelle prosessar i samfunnet, belyser viktige problemstillingar i integreringsarbeidet, og peikar på nokre utvegar til betre forståing av utfordringane og mulege løysingar.

Det er viktig å understreka at dette er eit lite prosjekt, det er eit forsøk på å få fram nokre stemmer og gi eit innblikk i ein situasjon, materialet er i liten grad tilstrekkeleg til å kunne komme med generaliserande konklusjonar. Det rapporten først og fremst gir eit innblikk i, er enkeltpersonar sine tankar og haldningar kring barneoppseding, og haldningar og erfaringar frå og om dei offentlege tenestane når det gjeld integreringsarbeidet.

Rapporten viser at det føregår mykje godt integreringsarbeid i kommunane i Ryfylke, men at det også er utfordringar å jobbe med. Til dømes ser det ut som ein ikkje lukkast heilt med å organisere arbeidet slik at erfaringar lett kan utvekslast mellom ulike tenester og etatar. Vidare syner rapporten at kunnskapen om innbyggjarane med innvandrarbakgrunn, er ganske varierande, og ikkje alltid tilstrekkeleg til å kunne møte dei på ein likeverdig måte samanlikna med innbyggjarar utan innvandrarbakgrunn. Skal me lukkast med integreringa, må me prøve å forstå kulturen til våre nye landsmenn, me må forstå den situasjonen dei er i, og me må prøve å forstå dei som enkeltindivid og ikkje putte dei i bås og gi dei roller. Ikkje minst må me som bur i bygdene frå før, utvikle ei evne til å reflektere over eigne haldningar og eigen kultur. Det å visa meir aksept og omsyn til det som blir opplevd som annleis, er ein av fleire føresetnader som blir trekt fram i denne rapporten for å få til ein god integreringsprosess.

Ei utfordring er å ha nok tid og ressursar til å kunne møte innbyggjarar med innvandrarbakgrunn på ein god måte. Fleire av informantane frå det offentlege fortel at utvegen til å delta på kurs og vidareutdanning kan vera svært avgrensa, og at dei lever under eit tidspress som gjer det vanskeleg å setje av nok tid til å møte innbyggjarar med innvandrarbakgrunn på ein likeverdig måte. Dessutan fortel fleire informantar at det er svært varierande kvalitet på tolketenestane kommunane nyttiggjer seg av, ei teneste ein er heilt avhengig av for å kunne sjå og forstå ein brukar med innvandrarbakgrunn som har avgrensa norskkunnskapar.

KVERNHUS KVEDNAHOLO

-En gang sveiv det 3000 møller i Rogaland. De få som er igjen blir færre for hvert år. Kvernhusene er kanskje de mest beskjedne attraksjonene vi har. Likevel har de en forunderlig tiltrekningskraft på oss.-

 

Stavanger Aftenblad sin journalist, Arnt Olav Klippenberg, var på besøk i Kvednaholo før sommaren. I lenken kan du lese om det han skreiv om kvernhus som skjult skatt. :  ‘Hva med å samle på kvernhus i sommer

NY APP: MED INNHALD OM STRANDSTADEN SAND

NY APP: MED INNHALD OM STRANDSTADEN SAND

I dag lanserer vi vår nye app: Ryfylkemuseet.

Last ned vår app og ta deg ein spasertur på strandstaden Sand. Med mobilen i handa plinger det inn informasjon om 4 stader vi har plukket ut (sjå på kartet). I løpet av sommaren kjem vi til å knyte opp fleire stader og museumsanlegg i Ryfylke.

Last ned og prøv, appen er gratis. Vi setter pris på tilbakemeldingar, og vil ta det med oss vidare i utviklingsfasen.
Last ned appen her.

Desse steder ligger ute i appen (oppdattert 3.9.2018)
Strandstaden Sand, Litunet,
Viga, Røynevarden
Åbøbyen og Industriarbeidarmuseet
Brødrene af Sand
Bakken, Bibmus
Kvednahola
Kolbeinstveit (her har vi enda nokre dekningsutfordringar).

OPNINGSTIDER 2018

OPNINGSTIDER 2018

Vigatunet, Hjelmeland
Søndag 5.7 – 26.8, torsdag t/m søndag kl. 12-16
Marknadsdag søndag 26. august

Nesasjøhuset, hovudsete i Suldal
kvardagar kl. 9-15, laurdagar kl. 11-15
utvida opningstider i sommarferie og skuleferie
Ryfylkedagane fredag 1.6 10-17, laurdag 2.6 10-17, søndag 11-15
1. juli til 31. 8, kl. 10-17 kvar dag

Kolbeinstveit, Suldal
laurdag 23.juni- søndag 19.august, kl. 11-17, kvar dag
aktivitetsprogram til Kjekke dagar fin du her

Litunet, Suldal
laurdag 21/7-søndag 5/8, kl. 12-17, mandagar stengt

Hummermuseet, Kvitsøy
Søndag 17. juni, Søndag 24. juni
Søndag 01. juli, Onsdag 04. juli, Lørdag 07. juli, Søndag 08. juli, Lørdag 14. juli, Søndag 15. juli, Onsdag 18. juli, Lørdag 21. juli, Søndag 22. juli, Lørdag 28. juli, Søndag 29. juli
Søndag 05. august, Søndag 12. august, Søndag 19. august
Kl. 13.00-15.00
Det blir vaffelsøndager, is-søndager, tegneonsdag, skattejakt lørdag osv. Følg med.

Bibmus, Rennesøy
mandag kl. 10- 22
onsdag kl. 10-18
laurdag kl. 10 -14
tysdag, torsdag, fredag stengt

Røynevarden, Suldal
Ope og fritt tilgjengeleg døgnet rundt. Utstilling om husmannsplassen og nydeleg utstiktspunkt/nisteplass

Brødrene af Sand
Tokt etter forespørsel

Hustveit, Sauda
Ope og fritt tilgjengelig døgnet rund. Det er ein utstilling i løa og eit flott turområde.

Industriarbeidarmuseet, Sauda
Fredag 25. mai, laurdag 26. mai kl 12-18
Onsdag 13 + 27. juni, Laurdag 30. juni KL. 12-16
Onsdag 11. + Laurdag 14. juli KL. 12-16
Onsdag 8. + 22.,  Laurdag 11. +25. August KL. 12-16
Laurdag 8. september kl. 12.00 – 16.00? (Jøje-meg-dagen)

Forsand
Vandreutstilling på Flørli Krafstasjon
Kraftfull kultur, Linjer i landskapet og Vannets veieR

 

 

MUSEUMSOPPLEVINGAR UTANOM DET VANLEGE

MUSEUMSOPPLEVINGAR UTANOM DET VANLEGE
Industriarbeidarmuseet jobbar vi mot ei ny ustilling som opnar i 2019, og har difor reduserte opningstidar denne sommaren. Arbeidet er framleis i ein tidleg fase der me skal velje ut kva for tema som skal med. Me ønsker å få di meining, og har laga ein enkel presentasjon der du kan sjå kva tankar me har. Kulturhistorikar Ellen Bjerkan frå museet vil svare på spørsmål, ta imot betraktningar og forslag, og elles drøse om før og no i Sauda.
Dei innreidde leilegheitane er opne. Dersom folk melder si interesse, er det også mogleg å få ein times omvisning i dei innreidde leilegheitane og i Åbøbyen.

Litunet kan du også i år vere med journalis og skodespillar Tove Kampestuen. Tove fortel deg om tunet og den rikhaldige historia knytta til staden – på sitt vis. Her kan du høyre om eit anna liv i ei anna tid – med den storslåtte naturen som urkjelda.
Følg med på Litunet sin facebookside og på Litunet på instagram

Denne artikell er publisert i samanheng med nyheitsbrevet vårt.
Ønsker du å motta nyheitsbrevet vårt? Send gjerne ein epost til Anna Ehrhardt, aneh@ryfylkemuseet.no.

BEACONS – MUSEET BLIR MOBILT

BEACONS – MUSEET BLIR MOBILT

Ryfylkemuseet har investert i beacons, eller nettvarder, på godt norsk.
Desse nettvardane blir plassert på våre museumsanlegg. Når du lastar ned appen Ryfylkemuseet på mobilen din, får du informasjon om anlegget du er på, også utanom opningstidene.

I år køyrer vi dette som eit pilotprosjekt, og tanken er å vidareutvikla tilbodet etter kvart.
Allereie 1. juni lanserer me appen Ryfylkemuseet, med ei løype i Sand sentrum.
Følg med, gjennom sommaren skal nettvardane poppe opp på fleire av våre anlegg!

Bilde under:
Beacons er små sendarar som sender ut signal til mobilen din via bluetooth .
https://www.techtreeit.com/portal/2016/10/31/beacons/

Denne artikkel er publisert i samanheng med nyheitsbrevet vårt.
Ønsker du å motta nyheitsbrevet vårt? Send gjerne ein epost til Anna Ehrhardt, aneh@ryfylkemuseet.no.

PROSJEKTPENGAR TIL SAUDA LOKALARKIV

PROSJEKTPENGAR TIL SAUDA LOKALARKIV

Sparebankstiftelsen Sauda har delt ut midlar til allmennyttige prosjekt i Sauda.

Sauda Lokalarkiv fekk tilslag på begge sine søknader.

  • Kr 125 000 er løyvd til arbeidet med digitalisering av den store mengda med interessante foto frå pioneråra i industriutbygginga i Sauda, frå både smelteverket og Saudefaldene. Lokalarkivet vil engasjera ein fagmann til å stå for digitaliseringa, og det skal lagast høgoppløyselege digitale fotofiler samt arbeidskopiar i mindre oppløysing.
  • I tillegg fekk lokalarkivet støtte til å laga ein 5-10 minuttars introduksjonsfilm om Sauda si unike industrihistorie. Filmen er mellom anna tenkt brukt som innleiing til ei guida omvising om industristaden Sauda.

Denne artikkel er publisert i samanheng med nyheitsbrevet vårt.
Ønsker du å motta nyheitsbrevet vårt? Send gjerne ein epost til Anna Ehrhardt, aneh@ryfylkemuseet.no.

ET INKLUDERENDE MUSEUM. KULTURELT MANGFOLD I PRAKSIS

ET INKLUDERENDE MUSEUM. KULTURELT MANGFOLD I PRAKSIS

Vår kollega Anette Opheim har bidratt i boka «Et inkluderende museum. Kulturelt mangfold i praksis.» Boka handler om inkludering og kulturelt mangfold i norske museer.
Norske museer skal formidle kunnskap og fortellinger som gir mening for folk i samtid og framtid. I denne boka drøftes erfaringer fra arbeidet med inkludering og kulturelt mangfold ved norske museer. Hvordan kan vi lykkes med å integrere et mangfoldsperspektiv i alle deler av virksomheten, og hva kan gå galt?
Anette Opheim har bidratt med ein artikkel i denne boka, om Mat og integrering. Artikkelen er basert på vårt arbeid med Internasjonal kafé.
Les meir om boka her. Boka er nå til sals i vår museumsbutikk.

Dei nasjonale museumsnettverka Handverksnett og Bygnettverk skal slås seg saman. Den store hendinga skal gå føre seg på fellessamlinga på Telemark Museum 21. – 22.september. Det nye nettverket blir truleg heitande Bygningsvern, nasjonalt nettverk for bygningsvern på museum.

I 2016 blei det gjennomført eit fellesprosjekt kalla Varmare, våtare, villare, om museas møte med klimautfordringane som har fått stor merksemd. Målet er å vera sterkare saman i utvikling av kompetanse og som pådrivarar for betre bygningsvern.

Nettverkssamlinga denne gongen ser ut til å samla rundt 15 institusjonar. Dei er alle av dei som har vore mest aktive frå oppstarten i 2003.

Her kan du lesa meir om nettverksamlinga.

FOTOSAMLINGEN ETTER FINN JOHANNESEN

FOTOSAMLINGEN ETTER FINN JOHANNESEN

I 2010 fikk Ryfylkemuseet tilbud om å overta fotosamlingen etter Finn Johannessen, en lokal fotograf fra Stavanger.

Denne samlinga skriv me om, på Fotonettverketet til Rogaland sine nettsider. Artikkelen finn de her.

 

 

FOLK I RYFYLKE 2017

FOLK I RYFYLKE 2017

ENDELEG! No er ho her, Folk i Ryfylke 2017!

Folk i Ryfylke 2017 kom frå trykkeriet torsdag 22. mars. Vanlegvis kjem årboka i desember, men dette året vart ho forseinka. Årets utgåve heiter Ryfylke – 50 år med samarbeid og har Ryfylke-samarbeidet som tema. Ho har blitt til i samarbeid med Ryfylke IKS. Med i redaksjonsnemnda har vore Arne Kleppa, Geir Ims, Audun Rake og Sveinung Søyland Moen, og eit breidt forfattarpanel på 20 skribentar med ulik tilknyting til Ryfylke har levert bidrag til boka. Der er også trykt eit særtrykk som jubileumsbok for Ryfylke IKS og interkommunalt samarbeid i Ryfylke gjennom 50 år.

 

SKULETURNÉ

SKULETURNE

Museumsformidlar Gøril  Ramo Håve er på skuleturne i to veker (12.-23. mars)  for å fortelja segn, fablar og eventyr frå Ryfylke. Sist veke var ho bl.a. i Sauda, på Ombo og Skjernarøy. Denne veke tek ho turen til Judaberg, Fogn, Hjelmeland, Årdal og Fister.  Alt i alt er det ca 750 barn som får med seg skuleopplegget vårt.  Me ønskjer Gøril ein god tur!

Mandag 12. mars: Austarheim skule, Sauda
Tysdag 13.mars: Ombo Oppvekstsenter, Ombo
Onsdag 14.mars: Sjernarøy Oppvekstsenter
Torsdag 15. mars: Risvoll Skule, Saudasjøen
Fredag 16. mars: Austarheim skule, Sauda

Mandag 19. mars: Fogn Oppvekstsenter, Finnøy Sentralskule
Tysdag 20. mars: Finnøy Sentralskule
Onsdag 21. mars: Hjelmeland skule
Torsdag 22. mars: Årdal skule, Fister skule

NY DIREKTØR PÅ PLASS

NY DIREKTØR PÅ PLASS

I dag er ein spesiell dag for oss på museet. Vår nye direktør har første arbeidsdag. Vi ynskjer Anna hjarteleg velkommen!

 

NISSEKVELD

Nå er Nissekveldane 2017 avsluttet.

Første nissekveld var i Hjelmeland, i på Vigatunet.  Forestillinga «Jul i Viga» er i  samarbeid med Helmeland Teater og Hjelmeland kulturskule.  Forestillinga vart avslutta i tunet og etterpå fekk alle høve til å leite etter husnissane i stovehuset. Eldgrua var og ein populær plass.  Anna Sesilia Kleppa fant riktig antall husnisser og får tilsendt premie.

Dagen etter var det nissekveld på Kolbeinstveit. Her serverer me, etter tradisjonen, kvart år graut, og folk kosar seg i stovehuset og ved grua medan ungane spring att og fram på leit etter gøymde nissar.
Stjerneklar himmel, måneskin og snø på bakken gjorde det til ein magisk kveld for store og små. Det var Jenny Bakka Østebø frå Kvilldal og Angelica Eike Kaltveit frå Suldalsosen som fant alle husnissane som hadde gøymt seg på Kolbeinstveit.

Og så gjekk turen til Hustveit og Jonegarden. Kaldt i løa, men masse folk som tok turen opp langs den fakkelopplyste stien. Det var mange som fann riktig antall nissar, så vi måtte trekke. Den heldige er Gustav Åbø frå Sauda som får ein liten premie i år.

Årets siste nissekveld var på museet sin storgard, Håland i Erfjord. Klart vér og måneskin kan ein ikkje forvente å få til kvar kveld, så denne kvelden var det snølaust og regn. Men så vart fjosnissen på Håland ekstra glad for at vi kom for å gje han godt øl og graut. Det er husnissar på denne garden og, og det var Thea Espedal-Østerhus frå Erfjord som fant alle som ein.  Heimebaka kakemenn og varm saft gjekk unna alle kveldar.

Vi vil takke alle som var med på desse fine kveldane. Fjosnissen sender og ei helsing. Han syns det er veldig kjekt når så mange små og store er med for å heidra han og ønske han god jul. Vi håper de vil vera med oss att neste år og. Til då, GOD JUL!

 

PS dei som har vunne kan henta premien på Nesasjøhuset på Sand, eller ta kontakt med oss for å sjå korleis vi kan få sendt han til dei heldige (ikkje alle skreiv adressa eller tlf nr  på lappen).

MILJØFYRTÅRN RESERTIFISERING

Ryfylkemuseet har et meget bevisst forhold til miljøet. Vi satser for å tjene miljøet og ta ansvar for fremtidige generasjoner.

Museet har vore godkjend som Miljøfyrtårn sidan 2014 og har nå blitt resertifisert.  Å vera Miljøfyrtårn inneberer systematisk arbeid med miljøtiltak i kvardagen. Me oppfyller krav og gjennomfører tiltak for ei meir miljøvenleg drift og godt arbeidsmiljø.

Idag fekk vi besøk av ordføraren Gerd Helen Bø som kom for å overrekke oss ein blomst i forbindelse med vår resertifisering. Hun påpeikte at Ryfylkemuseet er fremdeles det første og einaste bedrift i Suldal som er Miljøfyrtårn-sertifisert. Og dette i ein kommune som har vedtatt å bli bærekraftig reisemål. Direktøren Sveinung oppfordra kommune til å jobbe vidare med saken.

 

Her kan du lese meir om Miljøfyrtårn.

RYFYLKEMUSEET FÅR NY DIREKTØR

Styret i Ryfylkemuseet tilsette denne veka Anna Ehrhardt som etterfølgjar til Sveinung Søyland Moen i direktørstillinga ved museet.

Anna Ehrhardt kjem til Ryfylkemuseet frå stillinga som fagsjef ved Helgeland Museum og har sidan 2009 opparbeidd seg solid kompetanse frå museumsbransjen. Som fagsjef har ho hatt overordna ansvar for den faglege utviklinga ved Helgeland Museum, og har vore sterkt involvert i utviklinga av det strategiske planarbeidet ved museet. Ei sentral oppgåve har vore fagleg rådgjeving til direktøren og avdelingsleiarane. Ho har tidlegare òg vore leiar for avdelinga Vevelstad ved same museum.

Ehrhardt har i tillegg erfaring frå Museet Midt i Nord-Trøndelag der ho var distriktskonservator i tre år. I denne stillinga samarbeidde ho med seks kommunar i regionen som rådgjevar i museumsfaglege spørsmål, kulturminnevern og kulturformidling, samt vidareutvikling av samarbeidet mellom museet og kommunane.

I denne perioden har Ehrhardt òg tatt fleire kurs innan personalleiing. Ho har elles hatt fleire relevante verv mellom anna som styrerepresentant for dei tilsette ved Museet Midt og styremedlem i Vevelstad historielag.

Ehrhardt kjem frå Tyskland og har mastergrad i sosial og økonomisk historie med bifag i skandinavistikk og psykologi frå Universitetet i Hamburg. Ho har òg eit årsstudium i faget Museumsmanagement frå same universitet.

Anna Ehrhardt byrjar i stillinga som direktør 2. januar 2018 og personalet ser fram til å ønskja ho velkommen til Ryfylkemuseet.

RIKSANTIKVAREN PÅ BESØK

Denne veka var Riksantikvaren ved samfunnsavdelinga på besøk i Ryfylke eit par dagar. Tysdag 7. juni var dei på Jelsa, og Øystein Haga gav dei omvising på skulemuseet, kyrkja og strandstaden Jelsa.

Onsdag 8.juni starta med eit besøk på Litunet. Bygningsantikvarane Stina Ekelund Erlandsen (Ryfylkemuseet) og Kirsten Hellerdal Fosstveit (regionmusea i Rogaland) fortalde om historia til garden og bygningane, og direktør Sveinung med si seljefløyte stod for det musikalske innslaget.

Frå Li gjekk følget vidare til Strandaneset for orientering om Suldalsdampen, og det blei så servert god tradisjonsmat på Kolbeinstveit.

Hurtigbåten tok turfølget med vidare til Bethel på Judaberg som siste stopp på Ryfylkemuseet sine avdelingar.

 

RYFYLKEDAGAR PÅ RYFYLKEMUSEET 2017

Her er vårt program under Ryfylkedagane

FREDAG 2.JUNI:
– Gratis inngang i utstillingane på Nesasjøhuset Kl. 9-17
– Festkveld i Ryfylketeltet, Verven. (Sjå eige arrangement)
Kl. 20.00 – 01.30

LAURDAG 3.JUNI:
– Gratis inngang i utstillingane på Nesasjøhuset Kl. 9-17
– Kom og høyr eventyret om ‘Kvitebjørnen’ (av Rasmus Løland)
Kl. 10.30 og kl.13.30.
Kr. 60,- Billettar kjøper ein før forteljarstunda på Nesasjøhuset.
– Segltur på fjorden med Brødrene af Sand (Ca. 30 min. på fjorden)
Kl. 14 og kl.15 (max. 20 personar)
Kr. 100,- Billettar kjøper ein før tokt (inntektene går uavkorta til å finansiere vedlikehald og drift av jekta).
– Keltisk festkveld i Ryfylketeltet, Verven (Sjå eige arranegment)
Kl.18.00 – 01.30

Brødrene ligg ved kai resten av dagen med mannskap. Velkommen ombord for ein kikk.
Sal av kaffi og vaflar heile dagen på Nesasjøhuset.

SØNDAG 4.JUNI:
– Gratis inngang i utstillingane på Nesasjøhuset Kl. 10-17
– Sal av vaflar og kaffi
– Søndagstur med Brødrene af Sand til Løland (Sjå eige arrangement)
Omvising i Rosebua
Servering av fiskesuppe m/brød
Kl.12 til ca. kl.18
Kr. 450,- (inkl. omvising og suppe. Prisen går elles uavkorta til drift av «Brødrene af Sand» ).)
NB! Billettsal på førehand på museet. Max. 20 personar!

Les meir om programmet

LÆREPROSJEKT FOR TEKNISK BYGNINGSVERN

Restaurering av tørka i Viga

Museumsgarden Viga er Ryfylkemuseet sitt museumsanlegg i Hjelmeland kommune.  Tunet blei etablert på noverande stad i utskiftanga i 1821. Det var i bruk fram til 1955 då eigaren bygde nytt stovehus i utkanten av tunet. Løa var i bruk fram til 1970-talet. Det har vore museumstun sidan 1970. Museumsgarden består av stovehus, folgehus, løe, eldhus, stabbur, do og maskinhus. Ved sjøen er der naust, og borte ved bekken står det eit kvernhus og ei tørke. Det er ein typisk bygningsmasse for ein normalt stor gard i Ryfylke, og bygningane representerer den lokale byggeskikken med sine stavreiste (grind) uthusbygningar og hellelagde tak. Gode studieobjekt. Frå 2009 og fram til i dag har museet gjort omfattande restaurering av bygningane, så nær som kvernhuset og tørka. I mellomtida er tørka rast saman. Det er denne me no vil bruka som læreobjekt for studentane i teknisk bygningsvern. Målet er å restaurera bygningen.

Tørka
Tørka er bygd med to reis, der stavane står på hanstein og stabbesteinar. Det er gjort oppmåling av plan i 1973 av Stein Schjelle. Ryfylkemuseet har ikkje gjort nærare dokumentasjon av bygningen, men mest sannsynleg er det ein lokal, tradisjonell stavkonstruksjon med 4 stavar bunde saman med slinder til 2 reis, og stiva av med kroband. Reisa er bunde saman i lengderetning med stavlegjer. Avstivinga her er truleg frå stav til stav. Sperra kvilar på stavlegja med hakk. Taket er tekka med teglstein på eine sida, og bølgeblekk på andre sida. Ho kan ha vore tekka med heller tidlegare. Her er ståande kledning med over- og underliggande ukanta bor i fallande breidder.

Innreiinga var inntakt, og vil truleg vera muleg å restaurera på bakgrunn av funn på staden og oppmålingsteikninga til Schjelle.

Tema for samlingane og organisering
Instruktør:         Tradisjonshandverkar Mangor Bårdsen
Prosjektleiar:     Bygningsantikvar på Ryfylkemuseet Grete Holmboe
Hjelparar:          Grunneigar Tor Helge Hegland
Museumshandverkar Kjell Johnsen
Lærling Ådne Fermann

Samlingsveke 1. 3. – 7.april 2017
Tilstandsvurdering, dokumentasjon, søk etter kjelder, verktøyspor og bruksspor, oppmåling. Plan for tiltak.

Samlingsveke 2. 8. – 12.mai 2017
Kopiering av delar av bygget, gjenreising og fullføring.
Øksing av nye delar. Tilpassing av gamle delar. Montering i Viga.
Bordkledning. Taktro og taktekking.
Stad: Ryfylkemuseet sin stålhall på Sand.
Montering i Viga.

For meir informasjon: Grete Holmboe 48001359 eller grete.holmboe@ryfylkemuseet.no

VI TAKKAR GRETE HOLMBOE FOR INNSATSEN

I dag er det Grete Holmboe sin siste arbeidsdag ved Ryfylkemuseet før ho går av med alderspensjon, og takkar av som leiar for avdeling for bygningsvern. Dei tilsette ved museet markera dette med kaker, gåver og helsingar i går.

Bygningsvernet har vore eit satsingsområde for Ryfylkemuseet sidan oppstarten i 1981, men det var først i 1995 at museet kunne starte eit større bygningsvernprosjekt med dokumentasjon av byggeskikk og bygningsvern i Ryfylke, som då førte Grete inn på museet. Resultata frå prosjektet vart publisert i ein eigen rapportserie og i museet si årbok «Folk i Ryfylke 2001». Byggeskikkprosjektet fekk hederleg omtale frå Statens kulturminneråd med tildeling av diplom til Ryfylkemuseet under utdelinga av Statens kulturminnerådspris for 2001.

avdeling for bygningsvern vart oppretta ved Ryfylkemuseet i 2002 fekk Grete fast stilling i 100%. Ho vart då leiar for ei bygningsavdeling med ein fast handverkar og ansvar for 58 bygningar. Utover 2000-talet auka avdelinga til tre faste handverkarar og museet si bygningssamling har stige til 85 bygningar med smått og stort.

Grete brenn for bygningsvernet! Ho har vore ein pådrivar for bygningsvern i kommunane, men òg gjennom rådgjeving til privatpersonar. Engasjementet hennar har ført til ulike verv lokalt, nasjonalt og internasjonalt for bygningsvernet: Ho har lenge hatt engasjement i Fortidsminneforeininga og vore ein sentral aktør i arbeidet for det nasjonale byggnettverket for norske museum, som har vore leia av Ryfylkemuseet. Grete har nytta eit kvart høve til å fremja bygningsvernet som eit viktig satsingsområde på regionale museumsmøte og ho har vore aktiv i det internasjonale museumsforbundet, ICOM, sitt nettverk for historiske hus (DEMHIST).

Ho har engasjert seg sterkt for utdanning innan byggfaget. For den vidaregåande skulen har Ryfylkemuseet tatt imot praksiselevar og lærlingar, og på nasjonalt plan har Grete vore med i arbeidet med å starte opp Bachelorstudiet i Tradisjonshandverk ved NTNU, kor Ryfylkemuseet vil vera ein lærearena og har to studentar idag.

Grete sitt glødande engasjement og store arbeidskapasitet har også vist igjen i fleire sider av museumsdrifta: Det har kome eit imponerande tal med publikasjonar og artiklar frå Grete, ho har halde ei rekkje foredrag, hatt ansvar for utstillingar og utsmykking på anlegga, arrangement og mykje meir. Då Ryfylkemuseet start opp med Internasjonal kafè for over 10 år sidan var også Grete ein av pådrivarane i dette arbeidet.

Grete hadde eigentleg planar om å gå av pensjon i fjor, men då museet fekk 6 millionar i sysselsettingsmidlar frå Kulturdepartementet, valde ho å verta eitt år til slik at vi kom vel i hamn. Dette er vi svært glade for! Grete heiv seg rundt og takla organiseringa av totalt 20 handverkarar på åtte ulike anlegg i løpet av året! Ho etterlet seg ein bygningsarv der fleire anlegg no står og skin.

Statens kulturminnevern skreiv på diplomet i 2001: «prosjektet kan være til inspirasjon og etterfølgelse for arbeidet med bygningsvern i andre deler i landet». Det vil vi påstå at Grete sitt arbeid har lagt eit solid grunnlag for, og for at Ryfylkemuseet idag har ein kulturarv som vi stolt kan føre vidare!

Vi vil takka Grete for innsatsen og ønskje ho til lukke som pensjonist, men er også glade for at Grete skal fortsetta i 20% som «seniorrådgivar», som ho sjølv kallar det, for museet ei tid framover.

RAPPORT OM MUSEAS MØTE MED KLIMAUTFORDRINGANE

PROSJEKT OM KLIMAUTFORDRINGANE

Byggnettverket og Håndverksnett har i perioden september 2015 til januar 2017 gjennomført prosjektet «Felles innsats for å møte klimautfordringane». Prosjektet er finansiert gjennom støtte frå Norsk Kulturråd og  seks fylkeskommunar.

Musea forvaltar kring 5 000 bygningar. Men mange av musea er på etterskot med vedlikehaldet alt før klimaendringane gjer jobben tøffare.

Klimaendringane aukar risikoen for vassinntrenging i bygningar, flaum, groing, sopp, rote, angrep av skadedyr, korrosjon og frostsprenging. Det er aukande fare for lekkasjar og brå skadar. Ein lengre vekstsesong gir attgroing og eit endra kulturlandskap.

Musea har for små ressursar til å møte eit veksande behov for vedlikehald og det er behov for å styrke kunnskapen om materialar, verktøybruk og arbeidsmetodar. God kunnskap om tradisjonshandverk ser ut til å vera den beste måte å møte utfordringane på.

Kunnskap om tradisjonelle byggemåtar og bruk av kortreiste materialar kan gi viktige bidrag til meir klimavennlege løysingar også i nye hus.

Her er rapporten.

GLADMELDING FRÅ KULTURDEPARTEMENTET

GLADMELDING FRÅ KULTURDEPARTEMENTET

Kulturdepartementet løyver nye middel til vårt arbeid med kvardagsintegrering, og tildeler oss ein eingongssum på 300 000 kr. Døme på vårt arbeid med integrering i kvardagen er Internasjonal kafè, eit sosialt arrangement vi driv i samband med Introtenesta i Suldal kommune. Kafeane er eit lavterkseltilbod der målet er å samle folk busett i Suldal og omeign til uformelt sosialt samvær. Kvar kafè har ein programdel – det kan være alt frå spelekveld, open mikrofon, og programinnslag slik som dansekurs eller konsert. I tillegg stiller frivillige opp saman med introdeltakarane og lagar nydeleg internasjonal mat, medan andre frivillige bakar kaker til kaffien.

Småbarnskafè er også eit tiltak som er tufta på tanken om kvardagsintegrering. Kafeen går av stabelen ein gong i månaden og samlar små og store i Kvitebjørnen, utstillinga i 3.etasje på Nesasjøhuset. Er ein heime i permisjon eller heimeværande med små, kan det være kjekt å treffe andre i same situasjon. Kafeen er eit gratis tilbod til alle småbarnsforeldre.

Prosjektet Barn i bygda omhandlar også integrering, og vart starta i august i fjor. Utfyllande rapport om prosjektet kjem når det er ferdigstilt.

 

Fotografiet er frå Internasjonal kafe, våren 2016

KLIMAUTFORDRINGAR FOR MUSEA

NY BOK OM MUSEER SOM AKTIVE SAMFUNNSAKTØRER

VARMT OG VÅTT KLIMA TRUGAR BYGNINGSARVEN

Historiske bygningar råtnar i eit stadig våtare og varmare klima. Vår tidlegare direktør, Roy Høibo, leiar eit klimaprosjekt i regi av museumsnettverkene i Norge, og rapporten hans viser at omtrent halvparten av dei historiske bygningane i musea si eie/forvalting er i så dårleg stand at dei treng ei eller anna form for rehabilitering. Her kan du lese om prosjektet, og du kan høyre Roy snakke om klimautfordringane om du følger denne lenkja

I Ryfylkemuseet si årbok for 2016, Folk i Ryfylke,  har Roy skrive ein artikkel, Klimaet trugar bygningsarven,  om temaet.

 

 

INDUSTRIARBEIDARMUSEET I NY HAM

FERDIGSTILLING AV STORT OPPUSSINGSPROSJEKT I SAUDA

Oppussingsarbeidet i Industriarbeidarmuseet er ved å ferdigstillast for denne gong. I 2015 vart det kjent at Ryfylkemuseet vart tildelt 6 millionar kroner frå Kulturdepartementet. Pengane var øyremerkte restaurering og ivaretaking av kulturhistoriske bygg. Av midlane har omtrent 2,5 millionar blitt brukt i Sauda kommune, mellom anna på nytt tak på stovehuset på Jonegarden på Hustveit. Størstedelen av pengane, vel 2 millionar kroner, har gått med til oppussinga av Industriarbeidarmuseet som ligg i Håkonsgaten 51 og 53 i Åbøbyen. Tilskotet har blitt brukt til å skifte utvendig kledning, restaurere vindauga, legge om taket, nytt stakittgjerde, utvendig måling av bygget, og innvendig måling av veggar og tak. Midlane har sysselsett fleire lokale firma i tillegg til fleire prosjekttilsette som har jobba i lag med museumshandverkarane.

Sjølv om restaureringa nærmar seg ferdigstillling er det framleis ting som bør gjerast på adressa. Av det som kjem til å bli prioritert i næraste framtid er utviklinga av ei ny utstilling i første etasje i museet.

FOLK I RYFYLKE 2016

ÅRBOK 2016: FOLK I RYFYLKE UTE FOR SAL

Årboka vår er rykande fersk og ute for sal i museumsbutikken vår på Sand! Artiklane i år er ikkje underordna eit tema, men tar utgangspunkt i det mangfaldige arbeidet Ryfylkemuseet gjer. Med titlar som «All verdas takkebakst», «Kjønnsnormer og sosiale kodar i leik», «Fjøløy fort», «Modernismen kom til Ryfylke», «Klimaet trugar bygningsarven», «Restauration, det første norske utvandringsfartøyet» og «25 år med song, spel og dans» håpar vi her finst noko for ein kvar.

Pris kr 300,-

NB! Medlemmar i venneforeininga får boka gratis tilsendt i posten.

JUL PÅ MUSEET

JUL PÅ MUSEET

25. oktober 2016

Opningstider på Nesasjøhuset i desember
Vi har ope i utstillingane og i museumsbutikken
kvardagar kl. 9-16
laurdagar kl. 10-16
Nattope torsdag 1 og 15.12 kl. 9-19
Lille julaftan 23.12, kl. 9-12
Romjula, 27-30.12, kl. 11-15
Vi held stengt på Julaftan og Nyttårsaftan.

 

På Nesasjøhuset stiller vi ut nokre gamle julekort. Den vesla utstillinga vil stå frå 26. november og ut året.
«Jolegleda! Nyårs-sæla!»
Utstilling av gamle julekort

I juletida arrangerar vi nissekveldar

Tysdag 29. november, kl. 18.00
Nissekveld: Jul i Viga, i samarbeid med Hjelmeland Ungdomsteater
Billettsal i døra

Onsdag 30. november, kl. 16.00 og kl 18.30
Nissekveld på Kolbeinstveit
Billettsal på Nesasjøhuset

Torsdag 1. desember, kl. 18.00
Nissekveld på Jonegarden på Hustveit
Billetsal i døra

Tysdag 6.desember, kl 18.00
Nissekveld på Håland
Billetsal i døra

I desember når handelsstanden har nattope på Sand inviterer vi til

Torsdag 15. desember, kl. 18.00
Eventyrstund i Kvitebjørnen

 

BYGGNETTVERKSMØTE JÆRMUSEET 2016

BYGGNETTVERKSMØTE JÆRMUSEET 2016

20. september 2016

Dei nasjonale nettverka, Handverksnettet og Byggnettverket, hadde fellessamling på Jærmuseet 7. – 8.september 2016. Tema for samlinga var utfordringane våre med klimaendringane.

På møtet blei det vedtatt å slå nettverka saman til eit Byggnettverk, som står for bygningsvern og handverkskompetanse på museum.

På bilde:
Aud Motland (øverste bilde)
Stovehuset på Hå gamle prestegard (bilde til venstre)
Garborgsheimen (bilde til høyre)

NYBRUA I ULLADALEN

NYBRUA I ULLADALEN

19. september 2016

Me gratulerer Suldal sogelag og alle vener av Ulladalen med den gjenreiste Nybrua i Ulladalen.
Takk for samarbeidet.
Alltid gildt å få jobba i lag med Steinar Moldal.

Foto: Steinar Moldal.

KVA SKJER? I SEPTEMBER?

KVA SKJER? I SEPTEMBER?

9. september 2016

Neste veka har vi mykje på kalendaren vår. Her er ei oversikt over planlagte arrangement.

Tysdag 13.09, kl. 12: Foreldre og småbarnskafé
Nesasjøhuset, Sand

Onsdag 14.09, kl. 18: Internasjonal kafé med konsert, i samarbeid med Introtjenesta i Sauda
Sauda Vidaregåande Skule

Torsdag 15.9, kl. 18: Internasjonal kafé med konsert, i samarbeid med Introtjenesta i Sauda
Nesasjøhuset, Sand

Laurdag 17.09, kl. 13: markering av Kulturminnedagane med bl. anna foredrag om å Slå med ljå. I samarbeid med Hjelmeland Sogelag og Folkeakademiet Hjelmeland.
Viga, Hjelmeland

Om du trykker på Kva Skjer øverst på sida får du opp eit oversikt med det som skjer framover.

NY BOK OM MUSEER SOM AKTIVE SAMFUNNSAKTØRER

11.aug.2016

Museer opptrer i dag i økende grad som aktive aktører som vil bidra til en positiv samfunnsutvikling. Kritiske spørsmål til etablerte sannheter blir stilt, samfunnsaktuelle utfordringer løftet frem og glemte stemmer blir presentert. Her jobber museene ofte sammen med lokalbefolkningen om ulike tema, og personlige beretninger fra enkeltpersoner er viktige bidrag. Arbeidet er fortsatt nytt og krevende på flere plan, og som museumsansatt kan man støte på mange ulike etiske utfordringer.

Norsk ICOM, som representerer museenes profesjonssammenslutning The International Councils of Museums  (ICOM) her i landet, har publisert ei bok med artikler som både oppsummerer status quo i Norge i dag og gir innblikk i arbeidet bak kulissene i fire utvalgte museer, Perspektivet Museum, Ryfylkemuseet, Gjenreisningsmuseet og Glomsdalsmuseet.

Boka kan lastes ned gratis som norsk og engelsk versjon.

OPNINGSTIDER SOMMAR 2016

OPNINGSTIDER SOMMAR 2016

15. juni 2016

Her finn du opningstider for våre sommaropne anlegg. Velkommen på besøk!
Hugs at medlemmar i venneforeininga til Ryfylkemuseet får gratis inngang til alle våre anlegg (gjeld alle besøk utanom aktivitetsdagar).

KVITSØY

Kvitsøy Hummermuseet
Ope i sommarsesongen og i hummarsesongen:
Juni: søndag 12., 19., 26. kl 13-16
Juli: laurdagar og søndagar kl 13-16
onsdag 13. juli kl 13-16
August: søndagar til 14. august og onsdag 10. august kl. 13-16
Oktober: søndagar kl. 13-15

HJELMELAND

Viga
2.7 – 14.8: kvar torsdag t/m søndag kl. 12-16
onsdag 20.7 kl. 12-15
laurdag 20.8 og søndag 21.8, kl. 12-16
Aktivitetsdag onsdag 20. juli
Marknadsdag laurdag 7. august

SULDAL

Nesasjøhuset
1.6-31.8 kvardag kl. 10-17 (22.6-16.8 kl. 10-18)

Kolbeinstveit
25.6-14.8, kvardag 11-17
Laurdag 2. juli: leikdag og utstillingsopning, konsert
Laurdag 9. juli: verkstad nålebinding
Laurdag 16. juli: verkstad farging av garn med  planter
Laurdag 23. juli: lesestund i høyet
Laurdag 30. juli: fotostudio
Laurdag 6. august: marknadsdag

Litunet
frå 6. juli til 31. august: onsdag t/m søndag kl. 12-16
(stengt 14-17. juli og 30-31. juli)

Jelsa
Laurdag 16. juli: Jelsadag, kl 11.30 guiding med Øystein Haga
23/7-14/8: laurdag og søndag kl 12-15

Røynevarden
Ope og fritt tilgjengeleg døgnet rundt. Utstilling om husmannsplassen og nydeleg utstiktspunkt/nisteplass

Brødrene af Sand
Båten ligg på Finnøy for omfattende restaureringsarbeid.

SAUDA

Hustveit
Ope og fritt tilgjengelig døgnet rund. Det er ein utstilling i løa og eit flott turområde.

Industriarbeidarmuseet
Stengt pga restaureringssarbeid

FORSAND

Flørli Krafstasjon
Vandreutstilling Kraftfull kultur, Linjer i landskapet og Vannets veier

RYFYLKEDAGANE 2016

RYFYLKEDAGANE 2016

07. juni 2016

Fantastisk konsert med Sharon Shannon og Alan Connor på heilt utruleg flotte Ryfylkedagar! Tusen takk alle samarbeidspartnarar både profesjonelle og frivillige som gjorde dette mogleg. Dette var stort å få vera med på.

Her er ein video som Suldalsposten har laga frå kvelden.

 

UTSTILLINGAR PÅ NETT

UTSTILLINGAR PÅ NETT

25. april 2016

«Kraft og mangan. Foto frå kraft- og industriutbygginga i Sauda» heiter ei nettutstilling som Ryfylkemuseet har publisert i dag. Utstillinga ligg på nettsida til Fotonettverk Rogaland, sjå her. Der ligg også ei anna nettutstilling vi har laga, om fotosamlinga etter Alice Archer, sjå her, saman med andre nettutstillingar frå museum i Rogaland og anna interessant fotohistorisk stoff.

MOSTERØY BYGDEMUSEUM PÅ NETT

MOSTERØY BYGDEMUSEUM PÅ NETT

13. april. 2016

Mosterøy bygdemuseum si samling på 350 gjenstandar vart for eit par år sidan flytta frå dårlege lokale på loftet på gamle Mosterøy skule til Ryfylkemuseet sitt klimastyrte magasin på Åmøy. No har gjenstandane vorte skikkeleg katalogiserte og fotograferte i eit samarbeid mellom museet sine folk og folk frå Samlingsteam Rogaland. Skjemaopplysningar og foto av gjenstandane kan om ikkje lenge finnast på nettstaden Digitalt Museum. Det var Olav Sunnanå som stod i spissen for innsamlinga av gjenstandar i gamle Mosterøy kommune. Det skjedde i sommarferiar i løpet av 1950-åra. Dei innsamla gjenstandane vart først plasserte i eit stabbur på Dysjaland, på garden til Lars Ramndal. Ein gong på 1980-talet vart dei flytte til skulehuset, og i 2014 vart dei sette inn på Åmøy. Der er dei lite tilgjengelege for folk, men publikum kan få gode opplysningar om dei via internett.

FEIRA BYGDA DANSAR – OPPSTART

FEIRA BYGDA DANSAR – OPPSTART

5. april 2016

Laurdag 2. april feira Folkemusikkarkivet for Rogaland, Ryfylkemuseet, oppstarten av Bygda dansar Rogaland til hausten ved å invitera til konsert, mat og dansefest på Folkets hus i Sandnes.

Publikum fekk høyra Vidar Skrede på gitar i samspel med ei rekkje andre Rogalandsmusikarar slik som Siri Dyvik (hardingfele), Håvard Ims (toradar) og Mark Laurenson (fele). Tove Solheim (hardingfele) spelte for oss, og me fekk sjå utdrag av ei høgaktuell skuleførestilling der streetdansar Sergei Medvedkov møter hallingdansar Ulf Arne Johannessen. Mathilde Øverland frå Norsk senter for folkemusikk og folkedans informerte om det komande Bygda dansar-prosjektet, og Åshild Vetrhus og Tove Solheim frå Ryfylkemuseet leia dei frammøtte gjennom kvelden med mellom anna ved små historiar om dans henta frå arkivet.

Det er no lyst ut totalt 150 % stilling knytt til Bygda dansar Rogaland, to dansefaglege stillingar på 50%, og ei administrativ, fast stilling i 100% der 50 % av denne er knytt til arbeidet med prosjekt i Rogaland.

Bygda dansar er eit nasjonalt folkedansprosjekt for ungdom mellom 15 – 19 år. Prosjektet vert gjennomført fylkesvis i samarbeid med lokale aktørar.

Folkemusikkarkivet for Rogaland, Ryfylkemuseet, har søkt om og fått prosjektet til Rogaland. Det vil gi dansefaglege stillingar på til saman 150 % i prosjektperioden, med oppstart i haust.

Prosjektet går over tre år og er finansiert av Kulturdepartementet og Rogaland fylkeskommune med totalt 3,45 millionar. Norsk senter for folkemusikk og folkedans eig og driv det.

Bygda dansar ønskjer å styrkje folkedans som kulturarv, kunstnarleg uttrykk og samværsform og knyta den lokale folkemusikken sterkare til dansen. Det er eit mål å stimulera til dans som sosial aktivitet og næring i regionen.

For meir informasjon sjå www.bygdadansar.no

Den lokale dansetradisjonen i Rogaland vil få eit ekstra fokus gjennom prosjektet. Prosjektet appellerer til ungdom med interesse både for det sosiale og det sceniske. Gjennom Bygda dansar blir ungdomane rettleia av profesjonelle instruktørar og utøvarar innan folkedans og formidling. Fleire som har vore med i tidlegare Bygda dansar-prosjekt som i dag lever som profesjonelle folkedansarar. Rogaland er det tiande fylket som får Bygda dansar- prosjektet.

TRADISJONSHANDVERK – TEMA SPONTAK

TRADISJONSHANDVERK – TEMA SPONTAK

4. april 2016

To av handverkarane våre er bachelorstudentar i tradisjonelt bygghandverk og teknisk bygningsvern ved NTNU. Denne veka er dei på Stiklestad og arbeider med spontak. Prosessen starta med å felle gran, før grana vart kappa i kubbar, kløyvt, kokt og stukke til spon. Til slutt er sponen spikra på taket. Du kan følge studiet sin blogg her.

Bli Medlem