Har du lyst å bli omvisar på Ryfylkemuseet?

Museet får ofte førespurnadar om og bestillingar på omvisingar og anna på museumsanlegga våre, der mange av desse er utanom sommarsesongen. Me søkjer difor tilkallingsguidar som ved behov kan fortelja og visa rundt på

  • Kolbeinstveit
    Historisk museumstun med vertskap i sommarsesongen
  • Sand, inkl. Nesasjøhuset
    Strandstad, utstillingar og museumsbutikk
  • Li-tunet
    Museumsgard med vakker utsikt over Hylsfjorden
  • Røynevarden
    Husmannsplass ved Suldalsvatnet
  • Håland
    Storgarden i Erfjord
  • Viga
    Storgard med frukthistorisk hage i Hjelmeland

Me tilbyr opplæring og manus, men du er også velkomen til å ta med eigne historier som du ynskjer å dela med gjester til museet. Me søkjer i utgangspunktet folk som kan guide på norsk, men andre språk er også velkomne. Førarkort klasse B er ein føresetnad

Har du lyst til å stå på ei liste over omvisarar som me kan kontakte ved behov? Fyll ut skjema under.

For meir informasjon, kontakt publikumskoordinator Elisabeth Figenschou på 52 79 29 50 eller send epost til elisabeth.figenschou@ryfylkemuseet.no.

Har du lyst å bli omvisar på Ryfylkemuseet?

Du forpliktar deg ikkje til eit visst antal omvisingar og me vil alltid kontakte deg i god tid før eit eventuelt opplegg. Lønn etter avtale.

Trinn 1 av 3

Om deg

Namn(Påkrevd)
E-post
Adresse
Beste tid å ringe
Når er det beste tidspunkt for oss å ta kontakt?

Bli Medlem