Vel stad

BYGGNETTVERKET

Nasjonalt nettverk for bygningsvern og handverkskompetanse på museum, Byggnettverket, vart etablert 28.01.2003 på oppmoding frå tidlegare ABM-utvikling og på initiativ frå Hedmarksmuseet, Ryfylkemuseet, Rørosmuseet og Sunnmøre museum. Byggnettverket har hatt som formål å styrke den faglege posisjonen og gjera musea meir synlege i arbeidet med bygnings- og fartøyvern. Ryfylkemuseet var frå oppstarten i 2003 til 2017 ansvarleg museum for Byggnettverket.

Som leiar av Byggnettverket har museet gjennomført følgjande prosjekt:

  • Kjeldeskaping og kunnskapsoppbygging i bygningsvernet.
  • Bygninsvern på musea. Ei utgreiing om forvalting av kulturhistoriske bygningar på musea i Rogaland.
  • Klimautfordringane i bygningsvernet. Dette prosjektet blir gjort i samarbeid med Handverksnettet. Meir om dette her.

I 2017 vart Byggnettverket slått saman med Håndverksnett og det nye nettverket Bygningsvern – Nettverk for tradisjonshandverk og bygningsvern vart stifta.

 

SAMANSLÅING AV DEI NASJONALE MUSEUMSNETTVERKA HANDVERKNETT OG BYGNETTVERK

Den 21. september 2017 var Telemark Museum i Skien vertskap for stiftingsmøtet for det nye nettverket Bygningsvern – Nettverk for tradisjonshandverk og bygningsvern. Det inneber at dei gamle nettverka Byggnettverket og Handverksnett no er fletta saman. Saman skal ein stå sterkare i utviklinga av kompetanse og som pådrivarar for betre bygningsvern.
Norsk Folkemuseum vart valt som ansvarsmuseum, med Stian Myhren som leiar for det nye nettverket. Ryfylkemuseet ønsker fortsatt å spela ei nøkkelrolle og er aktive i det nye nettverket sitt arbeidsutval.

Her er facebook-sida til  Nettverk for tradisjonshandverk og bygningsvern

Link til:

TIDLEGARE OG PÅGÅANDE PROSJEKT

GJENNOMFØRTE MØTER

  • 21. september 2017:  Stiftingsmøtet for det nye nettverket Bygningsvern – Nettverk for tradisjonshandverk og bygningsvern,  Program
  • 12-13. januar 2017: Avsluttingskonferanse – klimautfordringane i bygningsvernet, Program
  • 7.-8.september 2016. Jærmuseet. Program, referat, og bilder frå Garborgheimen, stovehsuet på Hå gamle prestegard, og Aude Motland.
  • 17. -18.september 2015. Bymuseet Bergen. Program, referat.
  • 02. -03. oktober 2014. Glomdalsmuseet. Program, referat
  • 17.-18. september 2013. Sunnmøre museum: referat
  • 13. – 14. september 2012. Hjerleid, Senter for bygdekultur, Dovre. Referat, Foredrag ved Steinar Moldal: Materialbank på rot, Materiallære.
  • 06.-07. oktober 2011. Geitbåtmuseet, Husasnotra, Kristiansund. Referat, foredrag: Kultur og geografi, Næming.
  • September 2010. Nettverksmøte hjå Vest-Agder museet, Kristiansand. Foredrag: Milnbrygga.
  • 03.- 04. september 2009. Setesdalmuseet. Referat, foredrag: Prosessen bakom.
  • 27.-29. august 2008. Ryfylkemuseet, Sand
  • 03.-04. april 2008. Hedmarksmuseet, Hamar
  • 2007. Romdalsmuseet, Molde
  • 10.11. mai 2006. Rørosmuseet
  • 12.-13. september 2006. Telemarksmuseet, Skien
  • 26.-27. april 2005. Sunnmøre Museum, Ålesund
  • 06.-07. mai 2004. Hedmarksmuseet, Hamar
  • 07.-08. oktober 2003. Ryfylkemuseet, Sand. Referat.