LEDIGE STILLINGAR

Ryfylkemuseet er eit kulturhistorisk museum stifta i 1981 med 18 fast tilsette og eit par større prosjektstillingar. Vi har samlingar og anlegg i og frå heile Ryfylke-regionen. Museet har hovudsete og kontorstad på Sand i Suldal. Administrasjonsspråket er nynorsk.

Ryfylkemuseet har i lang tid satsa på bygningsvern og tradisjonshandverk. Det er bygningsavdelinga som har ansvaret for dette arbeidet hjå oss. Mellom anna skal avdelinga syte for vedlikehald av museet sine eigne anlegg. I tillegg har museet etablert Ryfylke bygningsvernsenter, der vi tilbyr tenester til privatpersonar og eigarar av verneverdige bygningar.

Bygningsavdelinga har i dag sju faste stillingar: ein avdelingsleiar, fire handverkarar, ein vaktmeister og ein bygningsantikvar i Museumstjenestene for Rogaland. Avdelinga er i vekst som følgje av satsinga på Ryfylke bygningsvernsenter. Det daglege arbeidet er variert og vekslar mellom vedlikehald ute på anlegga, oppdrag, kurs og planlegging. Museet driv òg med forsking på tradisjonshandverk.

Ledig stilling – Bygningsvernrådgjevar

Vi søkjer nå etter ein bygningsvernrådgjevar som kan ta ei sentral rolle i arbeidet med bygningsvernsenteret. Dette er ei nyoppretta fast og full stilling som vil jobbe tett saman med avdelingsleiar og museumshandverkarane. Stillinga er plassert i avdeling for bygningsvern og tradisjonshandverk og går ut på å jobbe både i bygningsvernsenteret og med oppgåver og prosjekt i museet elles.

Ryfylke bygningsvernsenter er ei ny satsing for museet og er framleis er i etableringsfasen. Det inneber at oppgåver kan endre seg, og at det blir mogleg å vere med på å utforme stillinga. Vi legg stor vekt på personleg dugleik og at nye kollegaer passar inn i teamet.

Sentrale arbeidsoppgåver:

  • Organisere og gjennomføre kurs og andre formidlingstilbod
  • Utføre oppdrag og rådgjeving til private eigarar for bygningsvernsenteret
  • Tilstandsvurderingar og kulturhistoriske verdivurderingar i samarbeid med museumshandverkarar
  • Rådgjeving og utarbeiding av rapportar
  • Planleggje og prise oppdrag, planleggje prosjekt
  • Dialog med offentleg forvaltning og skrive søknadar
  • Leie samansette prosjekt
  • Representere organisasjonen i relevante forum

 

Vi søkjer deg som

  • har relevant høgare utdanning eller relevant handverksfagleg utdanning
  • har kompetanse/erfaring innan fagfeltet
  • har god munnleg og skriftleg formidlingsevne
  • har systematisk arbeidsevne, er løysingsorientert og sjølvstendig
  • ønskjer å arbeide i eit tverrfagleg miljø, er initiativrik og kommuniserer godt
  • har førarkort klasse B

Det er ein fordel om du

  • har erfaring frå kulturmiljøforvaltning, kulturminnevern eller museum
  • har erfaring med prosjektleiing og økonomistyring
  • er omstillingsdyktig og motivert for nye utfordringar
  • har erfaring med søknadsskriving og finansiering
  • har erfaring med relevante lovar og reglar innan bygningsvern/byggjeprosjekt
  • har kunnskap om arkitektur og byggjeskikk

Fleire fagbakgrunnar kan vere relevante for stillinga, og vi kjem derfor til å sjå på kvar søkjar ut frå ei heilskapleg vurdering av erfaring, kompetanse og personleg dugleik.

Vi kan tilby

  • dyktige kollegaer og eit hyggjeleg miljø
  • varierte og utfordrande oppgåver i eit breitt fagmiljø
  • gode pensjons- og forsikringsordningar
  • ein spennande og utviklingsorientert arbeidsplass
  • moglegheit for fagleg utvikling
  • fleksibel arbeidstidsordning
  • løn etter avtale og arbeidsvilkår etter Museumsoverenskomsten

 

Spørsmål om stillinga kan rettast til direktør Anna Ehrhardt, 91 90 91 32 (anna.ehrhardt@ryfylkemuseet.no), eller driftsleiar Sven Hoftun, 95 90 94 47 (sven.hoftun@ryfylkemuseet.no).

Søknadsfrist: 27. mars

Søknad med CV og kopiar av vitnemål skal sendast som e-post til post@ryfylkemuseet.no eller eventuelt skriftleg til Ryfylkemuseet, Nordenden 14, 4230 SAND

Bli Medlem