NISSEKVELD

NISSEKVELD

Nå er Nissekveldane 2017 avsluttet.

Første nissekveld var i Hjelmeland, i på Vigatunet.  Forestillinga «Jul i Viga» er i  samarbeid med Helmeland Teater og Hjelmeland kulturskule.  Forestillinga vart avslutta i tunet og etterpå fekk alle høve til å leite etter husnissane i stovehuset. Eldgrua var og ein populær plass.  Anna Sesilia Kleppa fant riktig antall husnisser og får tilsendt premie.

Dagen etter var det nissekveld på Kolbeinstveit. Her serverer me, etter tradisjonen, kvart år graut, og folk kosar seg i stovehuset og ved grua medan ungane spring att og fram på leit etter gøymde nissar.
Stjerneklar himmel, måneskin og snø på bakken gjorde det til ein magisk kveld for store og små. Det var Jenny Bakka Østebø frå Kvilldal og Angelica Eike Kaltveit frå Suldalsosen som fant alle husnissane som hadde gøymt seg på Kolbeinstveit.

Og så gjekk turen til Hustveit og Jonegarden. Kaldt i løa, men masse folk som tok turen opp langs den fakkelopplyste stien. Det var mange som fann riktig antall nissar, så vi måtte trekke. Den heldige er Gustav Åbø frå Sauda som får ein liten premie i år.

Årets siste nissekveld var på museet sin storgard, Håland i Erfjord. Klart vér og måneskin kan ein ikkje forvente å få til kvar kveld, så denne kvelden var det snølaust og regn. Men så vart fjosnissen på Håland ekstra glad for at vi kom for å gje han godt øl og graut. Det er husnissar på denne garden og, og det var Thea Espedal-Østerhus frå Erfjord som fant alle som ein.  Heimebaka kakemenn og varm saft gjekk unna alle kveldar.

Vi vil takke alle som var med på desse fine kveldane. Fjosnissen sender og ei helsing. Han syns det er veldig kjekt når så mange små og store er med for å heidra han og ønske han god jul. Vi håper de vil vera med oss att neste år og. Til då, GOD JUL!

 

PS dei som har vunne kan henta premien på Nesasjøhuset på Sand, eller ta kontakt med oss for å sjå korleis vi kan få sendt han til dei heldige (ikkje alle skreiv adressa eller tlf nr  på lappen).

Bli Medlem