Folkemusikk- og folkedansehelg 7.-9. november i Suldal

Det skjer 7.-9. november, på Mo Laksegard og Kulturhuset i Suldal! Velkommen til alle som vil dansa, synga, spela, lytta og sjå!

Helga startar med Folk på fredag og konsert med Kevin Henderson (UK/N) og Mattias Perez (S) + folkemusikk- og folkedanskavalkade.

Laurdag og søndag kan ein velga i eit breitt kurstilbod for alle, uansett alder og nivå. Her kan du læra deg nye songar, dansar og slåttar, og ha det triveleg i tillegg.

Bindande PÅMELDING innan 21. oktober – påmeldingsskjema finn du nederst på sida.

KURSTILBOD:

KVEDING

Lærar: Aasmund Nordstoga

HARDINGFELE

Lærarar: Selma Bolstad French, Alexander O. Røynstrand, Hannah Moira Midtbø-Bruner og Susanne Helgeland

MUNNHARPE

Lærar: Anders Hana

DANS FOR UNGE OG VAKSNE (frå 8. klasse)

Lærar: Simon Hesselberg Løvald

Dansespel: Håvard Ims

DANS, SONG OG SPEL FOR BARN (frå 1. klasse)

Lærarar og dansespel: Ingeleiv Berstad, Olav Christer Rossebø, Åshild Vetrhus

KURSAVGIFT:

Heile helga, inkludert Folk på fredag på Kulturhuset i Suldal:

Vaksne – kr 1200

Studentar/barn – kr 650

Berre kurs laurdag og søndag:

Vaksne ‐ kr 1000

Studentar/born ‐ kr 500

PRISAR for overnatting og mat på Mo Laksegard:

Lunsj/varmrett laurdag: 275/200

Middag laurdag: 470/335

Kaffe/te/saft/ m.m. laurdag: 150/105

Middag søndag: 470/335

Overnatting med frukost per døgn: 800/540 (vaksne/born u. 18 år)

Overnatting utan frukost per døgn: 690/480 (vaksne/born u. 18 år)

PROGRAM

Fredag 7. nov:

Folk på fredag, Suldal kulturhus.

kl 19.00: Dørene opnar. Sal av mat og drikke frå Drøs

kl 20.00: Konsert med Kevin Henderson og Mattias Perez + folkemusikk- og folkedanskavalkade.

Sal av mat frå Drøs, jam og dans etter konserten.

Det blir skyss til Mo Laskegard etter konserten

Laurdag 8. nov:

0900: Frukost

1000: Kurs

1230: Varm lunsj

1345: Kurs

1500: Kaffi/te og saft med noko attåt

1530-17.00: Kurs

1800: Middag

1930: Huskonsert, jam og dans

Søndag 9. nov

0930: Frukost

1030: Kurs

1230: Felles avslutning

1300: Middag

Arr: Folkemusikkarkivet for Rogaland, Ryfylkemuseet.

Støtta av: Norsk senter for folkemusikk og folkedans, Norsk musikkråd (KOMP), Ryfylkefondet og Suldal kommune

Påmelding Folkemusikk- og folkedansehelg 2025

Bindande påmelding og tinging av overnatting og/eller mat innan 21. oktober

"*" indicates required fields

Namn*
Kurspakke*
Vel kurs
Overnatting og måltider (ved overnatting berre ei natt, spesifiser under merknadar)
Løyve til bruk av bilete*
Bindande påmelding og tinging av mat og overnatting innan 21. oktober