Litunet

Tickets

Litunet

Høgt oppe i lia, med panoramautsikt over Hylsfjorden i Suldal, ligg garden Li – nesten 300 stupbratte meter opp frå fjorden.

I gardstunet er det 13 bygningar frå 1700- og 1800-talet, som rommer mykje gamalt gjenstandsmateriale. Samansettinga av bygningar til ulike formål gir tunet eit middelalderpreg, samstundes som bygningane er reist ved hjelp av handverkstradisjonar som peikar langt tilbake i historia. Tunet er blant dei mest verneverdige gardstuna i denne delen av landet, og er såleis av nasjonal interesse. Riksantikvaren freda Litunet i 1974.

Landskapet rundt Li er eit karakteristisk vestlandsk kulturlandskap med små åkerlappar, steingjerde og rydningsrøyser.

Kom gjerne innom tunet utanom opningstid og nyt nista mens du ser utover Hylsfjorden.

Tilkomst

Vegen til Li ligg mellom Sand og Suldalsosen. Ta av frå riksveg 13 når du ser skiltet mot Valskår. Køyr på denne vegen til du ser skiltet mot Li. Me gjer merksam på at vegen er smal og tidvis bratt, men er verd å køyre for å oppleve denne spektakulære staden.

Nede ved fjorden ligg naustet til Litunet. Det er skilta til naustet. Har ein båt, kan ein leggje til ved kaien og gå/klyve opp lia til Litunet. Obs! Det er veldig bratt så ein må ha gode sko.

211012_ja_lun190-103-e1461318255172

Events