Brødrene af Sand
Brødrene af Sand er ei av dei siste Ryfylke-jektene som framleis flyt. Jekta vart bygd på Dokkskar i Yrkjesfjorden på midten av 1800-talet (1866), og ho gjekk i sildefart på Østersjøen. Seinare gjekk ho i fjordafart frå Østhusvik og Sand i Ryfylke.
Address
Nesasjøhuset, Nordenden 14, Sand
Opening hours
Jekta ligg no ved Melkekaien på Jelsa. Sommarsesongen 2025 er under planlegging.
Jekta er ca 15 meter lang og litt over 5 meter brei. Masta er 19 meter høg og ho fører tre forsegl; storsegl, breifokk og toppsegl. Ho er innreia med køyer og bysse.
Ryfylkemuseet overtok jekta i 1997. Ho gjennomgjekk omfattande restaurering ved Hardanger Fartøyvernsenter i 1998-1999.
Venneforeininga og Ryfylkemuseet samarbeidar om vedlikehald og drift.
Verna fartøy
I dag er fartøyet verna og det er den einaste Ryfylkejekta som er bevart i Rogaland. Ho står for ei stor og viktig bygdenæring og er eit uttrykk for høgt utvikla fartøybyggingskompetanse
Gjennom bruk og vedlikehald av fartøyet fører vi vidare noko av den kunnskapen som var knytt til fartøyfarten, og vi gir medseglarane eit høve til oppleving av fjorden, fartøyet og det langsame livet som følgjer med å bli driven fram av vind og straum.
Oppdrag
Venneforeininga drar på tokt, festivalar, bygdadagar og andre oppdrag
«Brødrene af Sand» tar oppdrag på bestilling, både dagsturar og overnattingsturar. Dei som er med deltek som medseglarar. Det er plass til grupper på max. 12 personar