Håland

Bestill omvising

Storgarden i Erfjord

Håland har alltid vore ein av hovudgardane i Erfjord. Stovehuset på Håland er det best møblerte og best utstyrte av dei antikvariske bygningane til Ryfylkemuseet. Her får ein eit innblikk i korleis livet var på storgarden og korleis dei betrestilte i bygdesamfunnet hadde det. Mellom 1640 og 1740 var Håland lensmannsgard og tingstad i fleire periodar. Anlegget er restaurert, og består i dag av dei tre bygningane målastova, homannsbua og stovehuset

IMG_3970_hdr2
IMG_3772

Homannsbua, stovehuset og møblane

Homannsbua har hatt fleire funksjonar. Bua har truleg vore brukt til gjestebu og til oppbevaring av tekstilar. Stovehuset er den tredje bygningen på tunet. Med malinga og tapet på veggene i «Stovehuset» har vi attskapt stemninga som den var i 1890. Mange av møblane som står på Håland i dag kjem frå Barkelandsamlinga og vitnar om betrestilte ryfylkingar sin sosiale og økonomiske posisjon, men òg om korleis ulike trendar spreidde seg frå kontinentet og heilt inn i fjordane i Ryfylke

Kulturminne

Målastova er eit viktig kulturminne med dekorasjonsmåling som truleg kan daterast til 1640-talet. Målastova var gardsfolket si stasstove der dei tok imot standsfrendar i Ryfylke, borgarar frå byen, prestar og andre embetsmenn som kom til gards. På eit tidspunkt mista målastova sin funksjon som stasstove, og har fungert både som stall og vedaskut. Denne bruken har ført til stor slitasje på dekoren og det har vore naudsynt med konserveringsarbeid både på 1980- og 2000-talet. Det fanst liknande dekorerte buer på andre storgardar i Ryfylke, men målestova på Håland er spesiell fordi den er dekorert svært tidleg og er ei av dei få bevarte målestovene i Noreg

Homannsbibelen

Ein av dei gjævaste gjenstandane i Ryfylkemuseet si eige er Hålandsbibelen eller Kong Christian den IIIs bibel frå 1550. Det er spesielt at eit eksemplar av denne første danske bibelomsettinga kom til Håland, og at vi har lukkast med å ta vare på den. Bibelen vart funnen bakom ei paneling i den eine stova på Håland då det skulle leggjast inn elektrisk straum i 1913. Her kan den ha lege i fleire hundre år før han vart attfunnen. I dag kjenner vi berre til at det finst 35 eksemplar av denne bibelen i Noreg, av desse er 5 i Rogaland. Bibelen ligg i dag på magasin

1-RFF2013-086-135
Hålandstunet i Suldal kommune. Gamal storgard, no del av Ryfylkemuseet.

Tilkomst

For å besøke praktgarden Håland tar du av frå riksveg 13 i Hålandsosen mot Østerhus. Over brua tar du til venstre