Nesasjøhuset

Sjøhuset blei bygd i dei gode sildeåra kring 1850. Her blei nøter og båtar lagra og silda salta. Seinare har huset vore brukt som tønnefabrikk og til ulike lagerformål. Ryfylkemuseet flytta inn i huset i 1991

Her er det utstillingar, museumsbutikk, ein kafé og ei rekke arrangement gjennom året.

Museumsbutikk

I første etasje er det ein flott museumsbutikk med eit godt utval av lokalhistorisk litteratur, lokale handverksprodukt, leiker og honning og mykje meir (du kan og bestille nokre av bøkene våre i nettbutikken)

Kafé

På Nesasjøhuset er det ein fin kafé med utsikt mot Sand og fjorden. Her kan du kjøpe varm drikke og iskrem.

Brødrene af Sand

I sommarsesongen ligg jekta Brødrene af Sand utanfor museet dersom ho ikkje er på tur. Jekta blir på folkemunne berre kalla Brødrene.

IMG_9056
FOLK-I-RYFYLKE-2016-artikkel2

Utstillingane

I 2. og 3. etasje finn du både skiftande og faste utstillingar. Det flotte, ljose rommet i 2. etasje blir óg brukt til konsertar og andre arrangement.

Skiftande utstilling

I 2. etasje har me skiftande utstillingar.

Kvitebjørnen

I 3. etasje finn du Kvitebjørnen. Ei interaktiv utstilling for barn som inviterer til leik og fantasi. Utstillinga byggjer på ei forteljing av den lokale forfattaren Rasmus Løland (1861-1907). Løland er ein av dei viktigaste forfattarane innan nynorsk barnelitteratur. I utstillinga møter barna ei eventyrverd der dei kan vandre gjennom forteljinga, kle seg ut, klatre i slotta, leika konge i speglsalen, lage dyr av kongler og kvister eller setje seg ned å lese ei bok.

Events

    Kvitebjørnen

    Nesasjøhuset

    Kvitebjørnen

    Kvitebjørnen er ei interaktiv utstilling for barn i alle alderar. Utstillinga er basert på ei historie skrive av Rasmus Løland (rekna som den første barnebokforfattaren i Noreg). I utstillinga kan ein lytte, se, kle seg ut som prinsar og prinsesser og klatre i dei tre slotta.
    Read more
    Nesasjøhuset

    Nesasjøhuset

    Nesasjøhuset

    Nesasjøhuset er hovudsetet til Ryfylkemuseet, og her er det ope for publikum heila året.
    Read more