Bunadsglede – våren 2026
Suldal Husflidslag og Ryfylkemuseet er klare for ein ny sesong med bunadsglede. Kveldane blir på same måten som me hadde i haust, med nye og spennande tema. Fram til konfirmasjonstider og 17. mai, får me læra meir om stell og vedlikehald av bunadsskjorter og bunadssølv. Bunadskafeen etter fagdelen, er ein uformell møtestad for folk flest, som har lyst til å dela bunadsgleden sin med andre. Alle har me ulike kunnskaper og erfaringar, og saman får me ein triveleg og lærerik kveld.

Prosjektet Bunadsglede frå Norges Husflidslag, skal auka kunnskapen om bunad og spreia entusiasme for tradisjonshandverk. Alle som ønskjer skal kunna ta del i sine lokale, ofte heilt særeigne, tradisjonar. Ein ønskjer særleg å få med ungdom og unge vaksne.
Målet er at fleire skal bli kjent med eigen kulturarv, og få prøva seg på ulike teknikkar brukt i bunadene, for å senke terskelen for å brodera, sy og reparera bunaden sjølv.
DATOAR FOR for våren 2026:
Torsdag 19. feb. kl. 18
Ryfylkedrakten v/Grete Holmboe
Første kvelden får me ein presentasjon av Ryfylkedrakten ved Grete Holmboe.
Det er Bunadsnemnda i Rogaland Ungdomslag som har arbeidd fram Ryfylkedrakten. Dei starta med å samla kjeldemateriale og rekonstruera kvinnebunaden frå Ryfylke med stripestakken i 1980. Bunaden blei første gong presentert i 2007, og bunadnemnda har sidan halde kurs kvart år.
Grete Holmboe har deltatt på fleire av desse kursa og har sydd Ryfylkedrakt både til seg sjølv og til barnebarna.
Torsdag 19. mars kl. 18
Stell og vedlikehald av bunadssølvet v/Arne Magnus Johnsrød
Den store bunadsesongen nærmar seg, med konfirmasjonar og 17. mai. Det er lurt å sjå over bunaden i god tid før den skal brukast, så har du tid til å setja inn tiltak der det måtte trengast.
Bunadsglede i mars har invitert gullsmed Arne Magnus Johnsrød til å snakka om stell og vedlikehald av bunadssølvet. Han driv Gullsmia i gata på Sand, og utfører det meste av reperasjonar og bestillingar i både sølv og gull. Denne kvelden vil han fortelja oss korleis bunadsølvet kan takast vare på, og best kan haldast vedlike. Han viser oss også kva me kan gjera sjølv ved hjelp av hjelpemidler og verktøy den enkelte kan ha for hand heime.
Etter Johnsrød sin presentasjon, blir det, som vanleg, Bunadskafé som er ein uformell møtestad for folk flest, som har lyst til å dela bunadsgleden sin med andre. Alle har me ulike kunnskaper og erfaringar, og saman får me ein triveleg og lærerik kveld. Alle interesserte er hjarteleg velkomne!
Torsdag 23. april kl. 18
Stell og vedlikehald av bunadsskjorta v/Målfrid Husebø
Torsdag 21. mai kl. 18
Tema ikkje fastsett ennå
Tid: 18.00
Stad: Nesasjøhuset på Sand
Pris: 100 kr.
Etter temadelen blir det Bunadskafé der ein meir uformelt kan arbeida med sine ting, utveksla kunnskap og erfaringar.