Bunadsglede – våren 2026

Suldal Husflidslag og Ryfylkemuseet er klare for ein ny sesong med bunadsglede.

Suldal Husflidslag og Ryfylkemuseet er klare for ein ny sesong med bunadsglede. Kveldane blir på same måten som me hadde i haust, med nye og spennande tema. Fram til konfirmasjonstider og 17. mai, får me læra meir om stell og vedlikehald av bunadsskjorter og bunadssølv. Bunadskafeen etter fagdelen, er ein uformell møtestad for folk flest, som har lyst til å dela bunadsgleden sin med andre. Alle har me ulike kunnskaper og erfaringar, og saman får me ein triveleg og lærerik kveld.

Logo Suldal PNG
Bunadsglede – eit samarbeid med Suldal Husflidslag

Prosjektet Bunadsglede frå Norges Husflidslag, skal auka kunnskapen om bunad og spreia entusiasme for tradisjonshandverk. Alle som ønskjer skal kunna ta del i sine lokale, ofte heilt særeigne, tradisjonar. Ein ønskjer særleg å få med ungdom og unge vaksne.

Målet er at fleire skal bli kjent med eigen kulturarv, og få prøva seg på ulike teknikkar brukt i bunadene, for å senke terskelen for å brodera, sy og reparera bunaden sjølv.

DATOAR FOR for våren 2026:

Torsdag 23. april kl. 18
Stell av bunadsskjorte og litt om kniplingar v/ Målfrid Husebø

Siste innspurt for stell og vedlikehald av bunaden før konfirmasjonar og 17. mai. 

Denne gongen får me besøk av Målfrid Husebø frå Sola som vil visa oss korleis me best kan ta vare på bunadsskjorta vår. Det treng både vask og omsorg for å halda seg fin og kvit, og å vare lenge. Målfrid er medlem av Norsk Linforening og har mykje kunnskap om lin og lintøy. I tillegg til bunadsskjorta, vil ho ha med seg knipleputa si, som er hennar gode venn. Der tryllar ho fram både pynteband og mykje anna fint.

Etter temadelen blir det Bunadskafé der ein meir uformelt kan arbeida med sine ting, utveksla kunnskap og erfaringar.
Bunadskafeen er ein uformell møtestad for folk flest, som har lyst til å dela bunadsgleden sin med andre. Alle har me ulike kunnskaper og erfaringar, og saman får me ein triveleg og lærerik kveld. Før me slepper oss heilt laust med kaffi og kaker, vil me som vanleg ha ei økt med bunadsfagleg påfyll. 

Alle interesserte er hjarteleg velkommen!

Bunadsglede er eit samarbeid mellom Suldal Husflidslag og Ryfylkemuseet. 

Torsdag 21. mai kl. 18
Tema ikkje fastsett ennå

Tid: 18.00

Stad: Nesasjøhuset på Sand

Pris: 100 kr.