Vel stad

Suldal

Bokkafé

Nesasjøhuset

Startar: 11 feb 2020 | KL 19:00

Sluttar: 11 feb 2020 | KL 20.30

Stad: Nesasjøhuset

Velkommen til bokkafé på Nesasjøhuset

Enkel servering

Gratis inngang

 

Velkommen til bokkafé på Nesasjøhuset

Den gamle klisjeen om at eit bilde kan seie meir enn tusen ord, har av og til noe for seg. Ryfylkemuseet engasjerte Roy Høibo og fotograf Lise Bjelland til å skrive museet si årbok for 2019, som i år fekk tittelen ‘Ryfylke før og nå’. Utgangspunktet var gamle bilde frå heile Ryfylke, der stadene blei fotograferte på nytt for å sjå på kva som har skjedd i mellomtida.

Boka er blitt ei forteljing om Ryfylke, om store endringar i livsgrunnlaget og levemåten, produksjonslandskapet, samferdsla, busettinga og byggeskikkane. Prosjektet viser at Ryfylke er i endring og at folk har stor omstillingsevne.

Velkommen til bokkafe på Nesasjøhuset:
Lise Bjelland og Roy Høibo fortell om arbeidet sitt med boka ‘Ryfylke før og nå’, om møte med folk når dei var på leit etter stadene der bilda var tatt og om utfordringar med arbeidet.
Tormod Skeie presenterar noko av den nye lokalhistoriske litteraturen som har kome ut i det siste.

Det blir enkel servering, gratis inngang, og vi har bøker til salgs.
Hjarteleg velkommen.

I desember 2019 blei årboka til Ryfylkemuseet, FOLK I RYFYLKE, gitt ut. Boka blei sendt ut i posten til alle som er medlem i venneforeinginga til Ryfylkemuseet og den kan bestillas i vår nettbutikk.

Bli Medlem