Vel stad

Suldal

NISSEKVELD

Håland

Startar: 5 des 2017 | KL 17.00

Sluttar: 5 des 2017 | KL 19.30

Stad: Håland

 Pris kr. 80,- per.pers. (inkl. varm saft og kakemann)

Barn under 2 år gratis (fødd 2016-2017)

NYTT: Det blir to framsyningar i år.

kl 17   (Kom gjerne litt før til den fyrste framsyninga om du vil ha saft og kakemann før programmet startar.)

kl 18.30

Kjøp billett på førehand i museumsbutikken på Nesasjøhuset eller via Vipps

Slik kjøper du billett via Vipps:

Søk opp «Ryfylkemuseet»

Gå inn på «Meny»

Velg ditt arrangement og fullfør kjøpet

 

 

 

 

 

 

Velkommen til nissekveld på Håland!

Med mange museumsgardar rundt om, har også Ryfylkemuseet ansvar for mange nissar! Både husnissar, fjosnissar og leikekameratane deira, musene, treng litt ekstra oppfylging rundt joletider. Tross alt er det jo dei som passar på garden og dyra.

No går turen til Erfjord og Håland. der vil me helsa på gardskona som vil fortelje litt om korleis skikkane har vore rundt om på gardane ved joletider. Kanskje har ho nokre artige historier om nissar og mus og?

Så syng me jolesongar, drikk varm saft og smakar på førjolsbaksten (kakemann), før me går ut og helsar på  gardsnissen – om han tør å koma fram. Han er nemleg litt sky. Gardskona kjenner han  godt og veit korleis ho skal få lokka han fram, men ho treng hjelp av dykk. Bli med og set ut graut og øl til gardsnissen. Hugs å kle dykk godt!